Monday, October 10, 2011

- Ka so?


Det er oktober, og det betyr eit nytt semester ved universitetet. Det betyr også at nye utanlandsstudentar er på plass. I sommar hadde vi avskjed med tre kinesarar, ein koreanar og ei frå Mongolia, men på første Bible Club i oktober kunne eg ta imot omtrent det dobbelte: Seks nye kinesiske studentar og to frå Korea, og i tillegg ein kristen student frå Nigeria.
På biletet over ser vi kinesarane, som utgjorde bortimot halvparten av deltakarane på Bible club sist fredag.
Ein kinesisk student sende meg ein SMS tidlegare på dagen: ”Kan eg ta med tre venner?” Litt seinare fekk eg ei ny melding: ”Kan eg ta med fem?”


Her er dei to nye koreanske studentane.

Å lære namn på japanarar er vanskeleg nok, men å lære kinesiske eller koreanske namn er enno verre! Ikkje fekk eg tid til å snakke særleg med alle som var her, heller. Finn eg ein knagg å henge namnet på, er det lettare å hugse. Før dei siste av dei 17 gjekk heim på fredagskvelden, fekk eg tak i namnet på ei av dei kinesiske jentene: Ka So. Det høyrdest faktisk norsk ut. ”Kva så?” På sunnmørsk seier vi ”ka so?” Ja, kva vil skje vidare her? Det blir spennande å sjå. Takk for at du vil vere med i bøn, både for Ka So og alle dei andre som eg enno ikkje har klart å lære namnet på...

To av dei nye studentane vart også med i kyrkja i går. Eg trudde eg kom til Japan for å drive misjon blant japanarar, men Gud har også opna dører inn til andre folkeslag, her i denne vesle japanske byen!


Kinesiske studentar prøver å setje saman eit bibelvers.


Den nigerianske studenten er ein kristen og kjenner bibelverset:
Jesus said, "I am the light of the world. Whoever follows me will not walk in darkness, but will have the light of life.

Jesus sa: "Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandre i mørkret, men ha livsens lys." (Joh. 8, 12)



Japanarane var i mindretal denne kvelden.


Carmella og Scott var tilbake etter ein sommar med research i Kina og nokre travle veker på besøk hos slekt og venner heime i USA.


Den einaste norske er vertinna. Eg blir litt stressa av å skulle servere te til så mange. Eg var veldig glad for Minako som laga middag denne dagen!
Komande fredag har Wendy frå Kina lova å lage mat. Vi har sett eit tak på 20 personar til middag, så kanskje blir det venteliste? Sjølvsagt er alle velkomne til bibelstudiet etterpå, men det er grense for kor mange vi kan servere middag til. Bible Club er trass alt ingen restaurant!

No comments:

Post a Comment