Monday, October 24, 2011

Etter ei aktiv helg


Dersom fredag høyrer med til helga, kan eg starte der. Som vanleg var det ganske folksomt heime hos meg på fredagskvelden, sjølv om det var nokre færre enn sist. Rykta om "sekta" har visst ikkje gjort noko særleg skade ser det ut til. Dei som ikkje kom, hadde andre grunnar. Ein hadde vondt i hovudet og hadde gått heim og lagt seg i lunsjtida, ein annan hadde mista paraplyen sin og hadde ikkje pengar til å kjøpe ny, for to andre krasja det med andre arrangement dei måtte vere med på, og nokre var visst ute for å kjøpe engelskbøker. Likevel vart vi 13 etterkvart. På slutten av bibelstudiet delte vi oss i tre grupper, og det var vanskeleg å få avslutte samtalen i nokre av gruppene. Viktige spørsmål dukka opp. Som dette: "Kva betyr det å ha liv i overflod?" Det vart ein fin samtale om kva Jesus meiner at han som den gode hyrdingen vil gi oss, i motsetning til kva den vonde kan tilby:
"Tjuven kjem berre for å stela og drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og ha overflod." Joh. 10, 10


Nuwan har vore på Bible Club for andre gong. Før han går ut døra, seier han:
- Eg må følgje "hyrdingen" min, elles går eg meg vill!
Han er ny i Matsue, og det er ikkje så lett å finne vegen heim i mørkret, så det er godt å ha Sansfica som viser veg. Skal tru om han også har forstått kor viktig det er å ha Jesus som hyrding i livet sitt?

Laurdag fekk eg med tre kinesiske studentar på gospeløving i kyrkja. Det byrjar å låte bra, men vi treng nok dei to øvingane som er igjen før julekonserten. Og vi skulle hatt enno fleire som vil syngje.


Denne karen traff eg på på veg heim frå kyrkja søndag. Han står trufast utanfor Kentucky Fried Chicken og inviterer gjestar. I all slags vêr. No hadde han fått på seg julenissedrakta allereie meir enn 2 månader før jul. Han har ein konkurrent rett over gata som heiter Mc Donald.


Shoko, som var i Norge i sommar, kom på overnatting laurdag og var med til kyrkje i Matsue søndag.



Etter lunsj hos Kentucky og ein liten pause heime, var vi i pinsekyrkja på eit felles misjonsmøte for alle kyrkjene i byen. Det var dessverre dårleg frammøte, men ei fin samling for oss som var der. Ayako Ogawa, som reiste til Kambodsja som misjonær for nokre år sidan, var no tilbake ilag med sin filippinske ektemann, som ho traff i Kambodsja. Her talar Bro Gamliel Beltran Jr på engelsk med kona som tolk. Til vanleg blir han kalla Gamliel eller berre Gam.


Etter misjonsmøtet hadde Ayako og Gam fri, så dei kom og vart med på KGK-"Old Boys"-samlinga heime hos meg. Ayako var med i gruppa før ho reiste ut som misjonær. Her fekk dei også "låne" ein baby av eit ektepar som adopterte denne jenta i sommar.


Det er sjeldan det er så mange på denne bibelgruppa. Her er folk både frå Izumo, Oda og Matsue.


Familien Fukuda. Lille Ako-chan vinkar "hadet" med foten før dei køyrer heimover til Izumo.


Gamliel vart heilt oppslukt av kotoen min, og kosa seg og improviserte japansk musikk medan kona hjelpte til med oppvasken.

Etter ei slik helg er det godt å slappe litt av. Sjølv om halve dagen har gått med til sjukebesøk, har eg også hatt mange timar fri. I morgon skal eg prøve å setje meg ned og starte på preikeførebuing til søndag. Det er lenge sidan sist eg preika no, så det tek si tid å komme inni det. Er takksam for forbøn!

No comments:

Post a Comment