Monday, January 31, 2011

"Gaijin" på ski i byen


På fridagen prøver eg å sove litt frampå utan vekkjarklokke på, men i dag vakna eg i 7-tida av stemmer frå parkeringsplassen nedanfor soveromsvindauget: -Taihen desu ne! Deremasu? (-Dette er forferdeleg! Kjem du deg ut?) Javel, det har snødd ein del i natt, tenkte eg.
Omlag 7.45 høyrde eg ei glad og overraska barnestemme frå nabodøra, frå ein av brørne på veg til skulen: - Kore wa nani? Sugee!! (- Kva er dette? Kjempegreier!!)

Biletet ovanfor har eg tatt frå verandaen min.


Utpå føremiddagen tok eg meg ein tur ut for å grave fram bilen og moke litt rundt. Då eg var ferdig med min eigen plass, kom ei av naboane i første etasje, og eg hjelpte med å moke rundt hennar bil, også. Snømoking gir høve til å snakke med naboane. Ho var også fri idag, og eg drista meg til å spørje om ho ville kome og ete ferske brød i ettermiddag, og det ville ho gjerne. - Kan eg spørje fru Sonoda, også, spurde fru Tamaki. - Ho har også lyst å besøkje deg, la ho til. Desse to er mødrene til dei to jentene som har vore på Bible Club.


Medan eg først var ute, tok eg meg også ein skitur. Herr Sonoda hadde visst også fri i dag og var ute og moka fram sin eigen bil, så eg fekk også endeleg helse på han, og få han til å ta bilete av meg.


Her har det nok gått ein "gaijin". Det er sannsynlegvis ingen andre som lagar slike spor her i byen. "Gaijin" er det uformelle ordet for "utlending" (eigentleg heiter det "gaikokujin").


Det vart to rundar idag. Andre omgong var lettast, sidan løypa allereie var opptrakka. Mange såg nok rart på denne utlendingen på ski, men i dag var det berre artig å vere rar.


"Herren er din vaktar, Herren er din skugge ved di høgre hand." står det i Salme 127, 5. Han er like nær meg som min eigen skugge ved mi venstre hand!

Ein rar utlending på ski åleine. Men eg er ikkje åleine. Herren er der alltid, sjølv om sola ikkje alltid skin og minner meg på skuggen som alltid følgjer meg. Og i dag har eg fått prata meir med to av naboane mine, også. Dei likte både grove rundstykke og Gudbrandsdalsost. Og dei studerte også "veggavisene" mine som Bible Club har laga.

Det er ikkje så dumt med snø av og til!

2 comments:

  1. Fornuftig bruk av snø dette!
    Her er det glatt, opphaldsver akkurat no..
    Har fridag, men ligg sjuk med sår hals og hoste.

    Godt du minner oss på at vi ikkje er aleine.

    god helg til deg :-)

    ReplyDelete
  2. Hei, Sigrid! Håper du er på beina att.
    Snøen er borte igjen, og der er vår i lufta, men på Hiruzen er det framleis rikeleg med snø. Får berre håpe på godt vêr til skileiren.

    ReplyDelete