Saturday, July 31, 2010

Religiøse aktivitetar ~ 宗教的な活動


I går henta eg passet mitt, som no har fått limt inn nytt visum til Japan. Det var godt dei ikkje dømde etter utsjånaden på biletet då dei skulle gi meg arbeids-og opphaldsløyve, for her ser eg faktisk litt skummel ut. Ikkje eit smil hadde eg spandert på fotografen, heller. Og på grunn av gjenskin i brilleglasa måtte eg ta av meg brillene. Den japanske ambassaden har pynta rundt biletet med japanske kirsebærblomster og vifter, så det er no eigentleg eit fint visum likevel.

Eg var litt heldigare på første passbiletet, som er brukt på "Certificate of Eligibility". Håper dei ser at det er samme personen!


Religiøse aktivitetar?
Eg har altså fått opphalds-og arbeidsløyve i Japan for 3 nye år. Og kva eg skal drive med der? Jau, det står ganske klart, både i visumet og på sertifikatet: Religiøse aktivitetar. (religious activities). Kva no det er for noko?
Kva er "religiøse aktivitetar"? Be, lese i Bibelen, gå i kyrkja og synge salmar? Eller betyr det å gå frå dør til dør eller stå på eit gatehjørne og presentere kristendommen? Kan det til og med kallast ein religiøs aktivitet å ete lunsj med ein student i universitetskantina eller å invitere naboen på ein kopp te og norske vafler? Eller å opne leilegheita mi for ungdommar som er svoltne både på mat og fellesskap? Eg trur heller det er min stil framfor å gå frå dør til dør, slik som Jehovas Vitner og mormonarane gjer. Å stå på ein talarstol og halde preike på japansk, er noko eg også må gjere, men eigentleg liker eg betre å lese Bibelen med nysgjerrige eller søkjande menneske på tomannshand eller i smågrupper. Religiøse aktivitetar kan vere så mangt. Og det er godt at arbeidarane i Guds rike er ulike, elles hadde det vore einsformig. Ulike menneske med ulike gåver kan nå inn til ulike typar menneske.

Religiøse aktivitetar. Eg har det svart på kvitt. Ingen kan hindre meg eller sperre meg inne fordi eg driv evangelisering. Det som eventuelt vil setje hindringar i vegen, er nok mi eiga menneskefrykt og min eigen latskap... Ein blir dessverre ikkje eit nytt menneske med ein gong ein stig ut av flyet på misjonsmarka. Nissen er nemleg med på lasset...

Utreisefest
Vil du likevel vere med å sende ut ein slik misjonær, treng eg deg som forbedar. Og vil du vise det konkret at du vil vere med og drive "religiøse aktivitetar" i Japan, er du vel møtt til utreisegudsteneste i Ørskog kyrkje søndag 15. august kl 18.00, med påfølgjande utreisefest på Sjøholt bedehus. Talar blir Ole Audun Os. Dei som skal lage mat til festen, vil gjerne vite omtrent kor mange som kjem utanbygds frå, så det er fint om du sender meg ei melding dersom du har høve til å vere med.(ingervalbo@yahoo.no eller mobil 90404124)


Ole Os (t.v.) skal preike i Ørskog kyrkje. Det er ikkje ofte Ole Os har muligheit til å treffe så mange japanske ungdommar på ein gong. Dette biletet er frå "Lyspunktet" i Ålesund ein kald marsdag i år. To av desse ungdommane skal eg forresten treffe 29.august, i "gamlekyrkja" mi i Osaka. Naoto (i midten) høyrer til i den kyrkja, og Shinsei (nr 2 f.v.) tek turen ifrå Kyoto den dagen for å treffe meg, og også for å treffe att Naoto, som han vart kjent med i Norge.

No comments:

Post a Comment