Tuesday, July 27, 2010

Skattekista ~ 宝の箱


Det er tomt i alle hyller og på alle veggar i leilegheita mi no. Men eg har ikkje berre pakka i dag. Eg måtte setje meg ned og lese opp igjen ein del avskjedskort og -brev eg har fått frå venner i Japan.


Brevet med 8 ark frå ein Bible Club-medlem, gjorde inntrykk igjen. Godt å vite at det har betydd noko for nokon det eg har gjort og vore. No byrjar eg å gle meg til å treffe dei igjen. Og å bli kjent med nye som eg kan få bety noko for.


Bible Club-folka måtte ned frå veggen.


Den lille svarte boksa for oppbevaring av viktige kort er full, så eg måtte ta ibruk ei treetasjes boks. Dei svarte lekre boksane, lackerware, er fine til skattekister. Men ein japanar ville nok ikkje ha brukt ei matboks til å oppbevare verdfulle kort. Desse boksane oppå kvarandre blir nemleg brukte til å lagre nyttårsmaten, slik at husmora kan få nokre dagar fri i høgtida. Dei byrjar frå øverste boks og et seg nedover.

Eg måtte ut og nyte finevêret i ettermiddag.

Ystehola er målet, før hurtigruta passerer på fjorden nedanfor.




Hurtigruta frå Geiranger var i rute, men eg var nokre minutt for sein til å nå den flotte utsiktsposten. Likevel rakk eg å knipse eit bilete før Hurtigruta forsvinn i retning Ålesund.

Ein roleg dag heilt åleine, men med mange tankar. Så rik eg er som har venner både i Japan og Norge! I løpet av i går og i dag har eg hatt mail-kontakt med fleire, som gjerne vil treffe meg når eg kjem tilbake. Eg sende nettopp ei lita melding til mobilen til han som hadde skrive det 8-siders brevet, og han svarte med ein gong. Då var klokka blitt 06.25 der borte, neste morgon. På tide å kome seg i seng her til lands.

Kjekt å vere venta!

No comments:

Post a Comment