Thursday, April 30, 2026

Våronna er i gong

Det er siste dag i april og tid til litt refleksjon. Sist søndag var eg i Izumo kyrkje og preika. Kyrkja ligg midt mellom fleire risåkrar. Der var dei i gong med å pløye åkeren før risen skal plantast ut. Det er viktig å bearbeide jorda før ein skal så eller plante. Slik er det vel også på det åndelege området. 

Her i Japan ser det ut til at det tek ekstra lang tid å bearbeide hjartejorda slik at Guds ord kan bli sådd og få gode vekstforhold. Men det skjer også små mirakel der eg ikkje har gjort nokon innsats sjølv. Hausten 2024 kjøpte eg ei georgine som blomstra fint då. I fjor vaks planta opp igjen to gonger og blomstra. Og faktisk vart der liv i år, også, utan at den tørre pottejorda har fått noko stell frå meg.
14. april la eg merke til ein liten spire, som eg kunne følgje dag for dag. 16 dagar seinare ser planta slik ut, med nye, friske blad. Eg er spent på når georgina får blomster denne gongen.


I misjonsarbeidet veks det vanlegvis ikkje så fort. Derfor kan det vere nødvendig å sjå arbeidet i eit større perspektiv. 

Babysong

Nokre frø vart sådde i studenten som kom på Bible club for 14-15 år sidan. Vi har hatt litt kontakt på Facebook etter at ho var ferdig på universitetet og flytta frå Matsue. No har ho vore heime hos foreldra nokre månader i samband med fødsel. Denne veka kom ho på babysong med babyen sin.
Her er fleire glimt frå babysong



Det viste seg at alle tre mødrene har vore studentar ved universitetet her, og to av dei samtidig. 

Nima

Tirsdag var eg i Nima igjen. Dei fleste i den klassa har gått i over 20 år og lært frå Bibelen. Dei to siste gongene har vi hatt om då Jesus vaska føtene til læresveinane. I den engelske teksten står det at Jesus tok eit handkle (towel) rundt livet og tørka føtene deira. På norsk står det "linklede". Ordet "towel" blir også brukt på japansk, men med litt annan uttale. Nokre av damene har hengd seg litt opp i den engelske uttalen, og hadde øvd spesielt på det. Eg understreka at handkledet berre er ein reiskap og ikkje hovudbodskapen i teksten. Så eg fekk dei til å leite i bibelteksten etter kva ord som er brukt oftast. Då fann vi "loved" eller "love" som var mest brukt. Jesus elska sine heilt til det siste, og han ga bodet om at vi skal elske kvarandre.

Peter protesterte då Jesus kom og ville vaske føtene hans. Men då han forstod at det var nødvendig for framleis å få tilhøyre Jesus, ombestemte han seg. Jesus, som er både Herre og Meister, bøygde seg ned og tok den skitne jobben.

"LOVE is a verb" skreiv eg på tavla. "Kjærleik er eit verb" høyrest litt rart ut på norsk, men det betyr at kjærleik ikkje først og fremst er ei kjensle, men handling. Jesus har vist oss kva kjærleik er. 

Vi avslutta timen med å lese frå Matt. 20, 25-28:
Men Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folka undertrykkjer dei, og stormennene deira styrer med hard hand. Men slik skal det ikkje vera blant dykk. Den som vil bli stor mellom dykk, skal vera tenaren dykkar; og den som vil vera den første av dykk, skal vera slaven dykkar. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange.»

Desse orda utfordrar meg, også. Kva gjer eg for å vise andre at Jesus elskar dei, og for å vise at eg bryr meg om dei?


I dag har eg ført inn avtalar og oppgåver i kalendaren for mai, og det vart ganske fullt. Samtidig ønskjer eg å ha rom for å møte menneske også utanom det som allereie er avtalt. Eg har utfordra ei jente som var på leir i mars, om ho vil lese Bibelen med meg, og det fekk eg ganske fort svar på at det vil ho, med ropeteikn! Jenta har nettopp starta på vidaregåande. Det kan vere vanskeleg å finne tid innimellom skule, lekser og klubbaktivitetar, men eg håper vi finn ei god løysing.

17. mai

Snart er det 17. mai. Eg har fått invitasjon til 17.-maifest i Kobe, men det blir for langt unna når det til og med er på ein søndag. Her har vi ettermiddagsgudsteneste i Arashima og internasjonal kveldsgudsteneste i Matsue, så eg får prøve å feire litt for meg sjølv innimellom. På English Café 16. mai tenkjer eg å snakke litt om Norge. Eg er i gong med ein liten quiz. 

Du som ber, ver gjerne med og be for den internasjonale gudstenesta og arbeidet blant studentane. Det er foreløpig ingen japansk student som har meldt sin ankomst til Bible Club i morgon. Forrige fredag var det heller ingen japanarar, men vi var fire kristne utlendingar som møttest til middag og bøn. Korleis det blir i morgon, veit eg ikkje enno.

Forrige veke vart eg intervjua av Radio Sunnmøre. Her fortel eg meir om studentarbeidet og om livet elles: Aprilrapport frå Japan - Radio Sunnmøre

Blomsterprakt

Til slutt må eg berre få vise litt av den fantastiske blomstringa for tida. Kirsebærtrea er ferdigblomstra, tulipanane er snart ferdige, men no er det tid for peonar, og asaleane lyser opp over alt.














No comments:

Post a Comment