Wednesday, April 15, 2026

Inspirerande besøk frå Norge

 

Det har vore ei spesiell tid sidan påske. Først hadde eg besøk av tre damer i påskehelga. Eg rakk såvidt å vaske og tørke sengeklede før tre unge gutar inntok gjesteromma. Damene var her på ferie, men gutane var her på praksis,/jobb. Litt ledig tid vart det likevel innimellom samlingar og gudstenester. På biletet over er vi ein tur i ein tulipanåker.

Skjærtorsdag fekk eg besøk av desse tre. Mangeårig Japanmisjonær Kirsti var reiseleiar for Alice og dottera Elena. 

Tur til Japanhavet på langfredag. Nokre våga seg også ut i vatnet. 

Bible Club på langfredag. 



På laurdag fekk dei vere med på eit arrangement i Matsue og vart kledde opp i kimono.






Seinare på påskeaftan var det ungdomssamling i Arashima kyrkje.

Påskedag var dei med på gudstenesta, der Alice deltok med song, og piknik under kirsebærtrea etterpå. 

Den norske jenta fekk seg japanske venner.


Når eg har besøk frå Norge, har eg også muligheit til å invitere folk som kanskje ikkje kjem i kyrkja så ofte elles.

Og plutseleg var det helg igjen, men nytt besøk; eittåring Jonas og to studentar frå Fjellhaug Internasjonale Høgskule. Jørgen, Sondre og Jonas vart sett i arbeid ganske fort med å kutte grønsaker til taco for Bible Club.

Eg fekk litt panikk då eg fekk inn fleire og fleire påmeldingar og enda opp med 17 namn på lista mi. Carmella og Scott hadde invitert mange japanske studentar, og mange kom for første gong. Heldigvis hadde eg medhjelparar. Sidan mange var der for første gong, og universitetet er ganske streng på bruk av bilete på sosiale media, legg eg ut berre eit bilete av skoa i gangen. Då eg tok biletet, hadde fleire allereie gått heim.


Mange kom nok først og fremst for maten og for å treffe dei norske gutane, men kanskje bibelstudiet med dramatisering også kunne gi dei lyst til å komme igjen. Denne fredagen har eg invitert til norsk tradisjonell potetball med tilbehør. Det har slått godt an før. Det er på tide å få brukt opp ballmjølet som eg fekk i fjor...

Laurdag var det English Café i Arashima, også her med rekord i frammøte.

English Café



Den japanske mannen på biletet bur i nabolaget og gjekk på søndagsskule då han var liten. Han fortalde at han framleis hugsar at dei dramatiserte forteljinga om Jona som rømde frå Gud. Forteljinga om den barmhjertige samaritanen sit også i minnet over 60 år seinare. 

På gudstenesta i Arashima deltok Fjellhaugstudentane med vitnemål og preike, med meg som tolk. 

Sondre imponerte med også å synge på japansk!

 Under lunsjen gjekk samtalen både på japansk og engelsk rundt borda. Nokre fekk god hjelp av ein app på mobiltelefonen.

Etterpå vart det tid til ein liten tur for å sjå på tulipanar før vi måtte finne oss middag og gjere oss klare til kveldsgudstenesta i Matsue.

Tulipangutane


Så var det tid for internasjonal kveldsgudsteneste, der Jonas hadde tekstlesing, Sondre hadde vitnemål og Jørgen preika, i tillegg til at dei leia allsongen. Takk for flott innsats, gutar, og for den gode bodskapen de formidla!



Jonas les teksten frå Joh. 20, 19-31 om Tomas som møtte Jesus.



Det var godt for meg å sitje ned og berre vere vanleg deltakar. Pianoet vart brukt berre til preludium og siste songen.

Jørgen talar



Denne gongen var vi ein utlending meir enn japanarane, men andre gonger er der fleire japanarar. Tre av japanarane på biletet er ikkje kristne, men har funne sin plass her, og går også i engelsk bibelklasse.















No comments:

Post a Comment