Denne helga har eg hatt besøk av fem kjekke ungdommar frå BiG (Bibelskulen i Grimstad). Dei går på misjonslinje, der dei har 4 1/2 månad av skuleåret i Japan. Til vanleg held dei til i Kobe, der dei hjelper til i Aobaen barnehage, på eit dagsenter for eldre og er med og lagar mat til heimlause.
Denne helga vart ganske annleis for dei. Og for meg. For det å ha 5 ungdommar i hus i tre netter kan vere litt utfordrande, men dei oppførte seg fint og forstyrra ikkje meg om natta. Og dei fekk bety mykje for kontakt med studentar, og gjennom desse norske ungdommane har eg fått nye kontakter. Eg trur dei har sett spor etter seg i Matsue.
Biletet ovanfor er frå Matsue Castle måndag ettermiddag. Biletet er tatt av dei japanske studenten som tok dei med på bytur.
Bible Club
Når ungdommane hadde fått slappa av eit par timar etter ein lang busstur, var det å starte førebuingane til fredagskvelden og Bible Club.
Her er nokre ute for å handle inn mat for kvelden. I staden for å ta bilen, kunne vi kombinere gåturen med litt sightseeing og mosjon.
Dagens middag var spaghetti med kjøtdeig i tomatsaus.Laurdag føremiddag fekk dei slappe av, dvs. dei som ikkje var med på ny handletur for ungdomssamling i Arashima. Eg fekk også tid til å gjere klar preika og powerpointen til gudstenesta. Litt stress å skulle ha preike i tillegg, men sidan vi hadde sett opp to vitnemål på gudstenesta, kunne eg ha ei kortare preike enn vanleg.
På ettermiddagen var tre av BiG-elevane var med meg på ein SFO, der ei kristen veninne av meg jobbar. Vi laga vafler og serverte med brunost og syltetøy, og leika med borna. Så var det rett i kyrkja for å lage middag til ungdomskvelden. Vi satsa på 15 personar, og vi vart 14!
Kjekt å kunne dekke eit langbord i kyrkja på ein laurdagskveld.
Ein av BiG-studentane hadde andakt, som eg tolka etter beste evne. Eg var overraska over å høyre at det var første gong han hadde hatt andakt. Det håper eg ikkje blir siste gong, for han hadde verkeleg ein god bodskap å bere fram. Ein av dei andre gutane delte også eit vitnemål. Og dei hadde også ansvar for song og musikk, så det var ikkje så mykje eg trengde å gjere.
Eg er særleg glad for dei tre jentene som sit nærast på biletet. Dei må vi ta vare på, så dei kan vekse i trua. Eg har enno ikkje fått til noko fast samlingstid ilag med dei, men eg har dei i tankane. I går då det plutseleg vart tomt i huset, men framleis fullt av sengetøy og madrasser på gjesteromma, tenkte eg at kanskje eg skal invitere desse jentene på overnattingsbesøk ein gong i løpet av februar eller mars. Då kan vi få meir tid til både å prate og å lese Bibelen ilag.
Gudsteneste
Det ser nesten ut som skule, men det er altså frå gudstenesta i Arashima. Eg hadde skrive ut engelsk omsetjing av preika, slik at dei kunne følgje med. Det vil seie, preika var japansk omsetjing av preika eg denne gongen hadde skrive først på engelsk.
No comments:
Post a Comment