Saturday, January 4, 2025

Nytt år - med tilbakeblikk


 Godt nyttår! Eg har ingen snøbilete å vise enno. Nyttårsdag hadde vi blå himmel og opp i 11-12 grader, men i dag tidleg var det faktisk litt snø på frontruta. Og til natta er det meldt ned i null grader. På Facebook har eg sett mange bilete av det fantastiske nordlyset de hadde på nyttårsaftan og fleire andre kveldar. Skulle ønskje eg kunne vere der og oppleve det. Dei siste dagane har det handla mest om snø, i store mengder iallfall på Sunnmøre. Håper de ikkje slit dykk ut med snømokinga.

Eg er såvidt i gong med arbeidet på nyåret, og har starta på preiketeksten til neste søndag, 12. januar. Eg veit at neste veke blir ganske oppstykka, slik at det blir vanskeleg å setje seg ned og jobbe konsentrert, så eg har prøvd å komme i gong. Tekst frå Luk. 3 om døyparen Johannes og Jesu dåp. Om han som Johannes peika på som skulle kome med Den heilage ande og eld. Du som ber, må gjerne be om at eg får det eg skal formidle. At Den heilage ande blir meir enn teori. 

Av og til angrar eg på at eg har tatt på meg dette. Det er vanskeleg nok å førebu ein tale på norsk. Er det dette eg eigentleg skal bruke tida på, å sitje for meg sjølv og gruble over ein tekst? Skulle eg ikkje heller ha brukt tid ilag med menneske? Det er vel ein balanse her, også. Veit ikkje om eg har funne den balansen. 

Men eg har også fått bruke tid ilag med andre. Både i kyrkja og heime hos meg sjølv. Her er nokre glimt frå desember.

Babysong med norske julekaker!


Nokre damer på føremiddagsselskap på julaftan, med norsk geitost, havrekjeks, tjukklefser, søst og litt julekaker. Jaudå, må ha litt norsk mat til jul. Bortsett frå geitosten var det meste heimelaga.


Julaftan kveld gjekk eg i den næraste lutherske kyrkja her i byen. Eg var ein av tre deltakarar i tillegg til presten. For folk flest er både 24. og 25. desember vanlege arbeidsdagar, og for eldre folk er det vanskeleg å komme seg ut om kvelden. På veg heim gjekk eg forbi den anglikanske kyrkja, der det var eit par bilar som tok laust frå den lille parkeringsplassen. Tenk om vi kunne slått oss i saman til julaftansgudsteneste, tenkte eg.

På juledag føremiddag var eg innom på ein aldersheim.

Julebesøk hos mi japanske "mor". Dersom ho lever til 20. februar, fyller ho 102 år. Framleis kvikk i replikken og med godt humør. Å vere litt gløymsk i den alderen er vel tillatt. Men første verset på "Glade jul" på japansk kunne ho enno. Kanskje ho hadde lært det i sine yngre dagar, då ho var med på husmøte med misjonæren?



På juledagskvelden hadde vi julefest i Arashima med 16 personar, frå 6. klasse og oppover til 61. Eg var faktisk ikkje den eldste, men eg er visst ingen ungdom lenger, heller... Kjekt å få med nokre ungdommar som ikkje kjem så ofte i kyrkja. Håpet mitt er å kunne ha nokre meir faste aktivitetar/ungdomskveld/bibelgruppe for nokre av desse. Utfordringa er å finne dagar/kveldar når dei ikkje er opptatt med andre ting.


I romjula var det tid til å slappe av, lese julepost (ja, trur eg har kome gjennom alle digitale julebrev, også!) og ha besøk. Her er jenteselskap med Shoko og Minako. 

Nyttår er største høgtida her i Japan, og då reiser mange heim til foreldre/besteforeldre, eller dei får besøk av familiemedlemmer. Ho som alltid lagar blomsteroppsats i kyrkja, hadde laga denne før ho reiste på nyttårsferie.



Mange av dei som vanlegvis kjem i kyrkja, var bortreiste eller hadde besøk, men så kom det fleire i kyrkja som ikkje kjem til vanleg. Dei fire yngste her er alle søsken, pluss ein bror som ikkje var med. Eg kjenner litt ekstra ansvar for at dei kan bli bevisste i trua og vekse som kristne. Viss eg har noko mål eller ønske for dette året, er iallfall det noko eg gjerne vil satse på. Her er dei ilag med mora (i midten), to tanter og mormora.
Men det er også noko anna eg saknar. Barn i kyrkja. Jul og nyttår utan små barn i kyrkja, då er det noko som manglar. Og dei som var små før, er blitt store. Ei veninne sa at eg får satse på dei som kjem på babysong. Det er no iallfall ein start. Men søndagsskule eller barneklubb skulle vi hatt. Det ville nok vere enklare om eg budde i kyrkja, men no har eg altså valt å bu i byen.


Det næraste eg har kome snøen i år, er Daisen-fjellet, slik det såg ut på 1. nyttårsdag.

Til slutt har eg fått lov til å ta med eit bilete frå Skogen på Sjøholt. I over 3 år budde eg i denne hytta og vart god venn med naboen sin katt. Før jul skreiv matmor: 

Nico sit av og til utafor hytta. Han lure nok også på kar du e hen 😸


Og medan eg sit og skriv blogg, får eg tilsendt dette biletet. Hjarta mitt smeltar... Godt å vere sakna, men kjenner eg saknar Nico, også. Han sat ofte og venta på meg eller møtte meg på stien når eg kom trøytt heim frå jobb.
 
Biletteksten som følgde med:
Nico kikar etter sin gode venn.. 😻
 
Og enno eit bilete: 
Han syns det e for mykje snø no 😸

Det er det nok fleire som synest. Men eg ser fram til å få litt snø her ut i neste veke. Skia står klare på balkongen! 

1 comment:

  1. Så kjekt med glimt frå kvardagen din på bloggen. Lukke til med førebuingane som ligg framfor deg. Alt godt, Sigrid

    ReplyDelete