Monday, March 2, 2020

I desse korona-tider

Det er kanskje mange som lurer på korleis det går i området der vi misjonærane bur og arbeider. Kari Opperud skildrar situasjonen så bra at eg treng ikkje å legge til så mykje. Les på bloggen nedanfor.

Corona-virus og influensa i Japan

Eg har vore i Kobe denne helga, og er her framleis. Fredag hadde eg siste musikktimane på bibelskulen, og laurdag var det avslutningsfest, der elevkoret song. I morgon er det møte med misjonsstyret, så istaden for å reise fram og tilbake, har eg fått eit par dagar ilag med familien Bergersen. Igår var eg med til Kita Osaka på gudsteneste, og idag har vi mellom anna vore på tur i ein park med rapsblomster. Det var gult overalt, og sola varma, også. Deilig!

Igår då vi var på veg til kyrkje, køyrde vi forbi køar av folk og bilar utanfor ein butikk der det framleis var toalettpapir å finne. Les kva Tone Tråsdahl skriv nedanfor:
Toalettpapirmangel i Japan

Eg må berre berolige dykk med at hos Bergersen har dei framleis dopapir, og eg har også litt på lager heime. Så lenge det held...

Elles er eg spent på om vi får gjennomføre den internasjonale gudstenesta den 15. mars. Eg skal iallfall førebu, og så får vi sjå korleis ting utviklar seg. Studentleiren og fleire andre leirar er avlyste, og VJELK-årsmøtet er utsett til i sommar, så mars blir nok ein roleg månad.

(Fotoet øverst er tatt av Marius Bergersen)

No comments:

Post a Comment