Tuesday, March 24, 2020

Handvask og fotvask

Her i Shimane fylke er det enno ikkje rapportert noko tilfelle av korona-smitte. Det treng likevel ikkje å bety at det ikkje finst, - kanskje berre at ikkje så mange er blitt testa enno. I kyrkjene går det stort sett som normalt, bortsett frå at fleire har kutta ut samlingar i veka. Sist søndag var eg i Izumo kyrkje. Der har dei også søndagsskule som vanleg, men det var berre to barn i søndagsskulealder som kom. Dei andre var leiarar.
Eg er i denne kyrkja ein søndag i månaden, og då er det min tur å ha andakta, i tillegg til å vere organist på gudstenestene og ha engelsk bibelklasse. Teksten var om då Jesus vaska føtene til læresveinane. Eg delte ut eit ark med dialogen mellom Jesus og Peter til grupper på to og to, men sidan det ikkje gjekk heilt opp, vart det ei gruppe på tre på biletet ovanfor.

 6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»  7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»  8 «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.  9 Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet òg!» 10 Men Jesus seier til han: «Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.» Joh.13, 6-10

 For tida er det nok viktigare for oss å vaske hendene skikkeleg enn å vaske føtene. Eg fortalde dei at det er viktig å vaske hendene, både heime og i kyrkja. Men ved å vaske føtene til læresveinane, ville Jesus også lære dei noko viktig. Ja, til og med noko som er viktigare enn å unngå koronasmitte.
«Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus. Då vart det viktig for Peter å bli vaska skikkeleg, ja, han ville bli vaske både på hendene og hovudet, også. For å miste vennskapet med Jesus kunne han ikkje tenkje seg.

Eg hadde samme teksten på engelskklassa for nokre godt vaksne pensjonistar seinare på dagen. Det vart ei påminning om å ha eit rett forhold til Jesus. "Den som er bada, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene." Den som er bada, det vil seie den som har tatt imot Jesus og har fått syndene tilgjevne, treng ikkje eit stort bad kvar dag, men vi treng likevel dagleg ny tilgjeving.

 På gudstenesta talte pastoren med munnbind på. Det gjekk greitt å høyre likevel.


 Ute har kirsebærtrea byrja å blomstre. Det er blitt vår. Dette er frå søndag i Izumo.
I Norge blir folk advarte mot å reise på hytta. I Japan blir folk fråråda å samlast for å sjå på kirsebærblomstring, men allereie no ser vi at mange i Tokyo trassar råda frå myndigheitene og går ut i flokk og feirar våren med mat og drikke. Slik kan koronaviruset også blomstre, og mange fryktar at vi får sjå følgjene av det om eit par veker.
Her i Matsue er det iallfall mulig å gå på tur åleine utan å treffe så mange andre, og her er plass til å halde nødvendig avstand. Det er nok verre i storbyane.

Når det gjeld handvasken, prøver eg å vaske meg ofte og skikkeleg, og alle som kjem på besøk, blir først sendt på badet. Det er ikkje så mange studentar som er her i vårferien, men vi har hatt samling for dei som er her. Så lenge vi er få, er det mulig å sitje med god avstand mellom oss, men eg er usikker på korleis vi skal gjere det når universitetet startar opp igjen.
Også i Nima hadde eg ei lita gruppe forrige tirsdag, men idag vart det avlyst fordi berre to kunne kome. Og det er litt for langt å reise berre for to.

Pr idag (24.03) har 1.852 personar blitt testa positive i Japan, med ein auke på 38 ifrå igår, og 52 er døde. Talet på smittetilfelle inkluderer 712 som vart smitta på eit cruiseskip, derav 12 er døde.
Ifølgje statistikken er fleire personar smitta i Norge enn i Japan, men i Norge er også mange fleire testa. Eg gjorde ei samanlikning idag, og det eg oppdaga, var eigentleg ganske sjokkerande.

Pr 23. mars var 61 251 personar blitt testa i Norge, men berre 20 340 i Japan, med eit folketal på nærare 125 millionar! Dersom utrekninga mi er riktig, tilseier det at 1,13 % av den norske befolkninga er blitt testa medan berre 0,016 % er blitt testa i Japan. Det betyr truleg at talet på smitta er ganske underrapportert. Så sjølv om det framleis offisielt er null personar smitta i mitt fylke og i nabofylket Tottori, treng det ikkje å bety at vi kan halde fram som før.

 Då Jesus vaska føtene til læresveinane, var det også noko anna han ville lære dei:

14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre. 15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.  

34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. Joh.13, 14-15.34

Korleis kan vi "vaske føtene" til kvarandre i praksis, no når vi kanskje ikkje kan møtast så ofte som før? Eg forstår det er mykje meir utfordrande for dykk i Norge, men der har de ikkje noko val fordi myndigheitene gir klar beskjed. Eg skulle gjerne hatt klare retningslinjer for kva eg kan gjere og kva eg ikkje kan gjere. Idag laga eg invitasjon til påskegudsteneste. Det er vanskeleg å seie korleis situasjonen er om ei veke eller to. Eg kjenner ansvaret tynge. Ansvar anten eg arrangerer eller avlyser. 

Idag flytta naboane som har budd under meg. Eg skulle gjerne hatt meir tid å bli betre kjend med dei, og fått fortalt dei om Jesus. I det minste fekk eg sendt med dei litt å lese; "Den usynlige vennen" av Kari Vinje (omsett til japansk) til minstejenta, og manga-hefte om Jesu liv på engelsk og japansk til storesøstra. Eg fekk også tid til å skrive eit avskjedsbrev til foreldra. Så om dei ikkje hadde tid til å komme innom på ein kopp te før dei reiste, håper eg dei får tid og ro til å sjå på dette når dei har kome på plass i Tottori.
Flyttebilen fyllest opp. No blir det tomt under meg, og fram til det kjem eventuelt nye som flyttar inn, kan vi samlast til Bible Club utan å vere redde for å forstyrre. Men om vi får nye studentar til å kome frå nytt skuleår, er også eit bønneemne.

Igår var det berre knuppar på dette treet, men idag var der utsprotne blomstrar. Det er vår!


No rulla det nettopp inn ei nyheit: Det er bestemt å utsetje OL eit år. Det var gode nyheiter, sjølv om det nok vil merkast på økonomien. Å redde liv er trass alt viktigare.

Og gløym no ikkje verken handvask eller fotvask!




No comments:

Post a Comment