Tuesday, May 28, 2019

Risplanting

Etter å ha budd nærare 11 år med rismarkar rundt meg, var det på tide å få vere med. Eg har vakse opp med potetsetjing og potetopptaking kvart år, men risdyrking veit eg ikkje så mykje om.
Hausten 2017 fekk eg vere med å hauste ris, og det var samme plassen eg var og planta. Litt feil rekkefølgje, men til hausten kan eg kanskje vere med på å hauste der eg sjølv har planta, også?

Her er eg med og haustar ris (september 2017)

 Risplantene er klare til å setjast ut. Ikkje alle er skodde til å gå ut i gjørma. Nokre valde å gå berrføtt, eller ein måtte ha høge støvlar. Personen til venstre vil nok berre vere tilskodar.

Både store og små var med denne laurdagsmorgonen. 


Det var nok best å la skorne stå igjen "på land".



Her får eg litt instruksjon. Det var ikkje så vanskeleg å plante. Den største utfordringa var å få støvlane oppatt frå gjørma. Støvlane kjøpte eg eigentleg til snømoking, og passar godt med ullsokkar i. Men no var dei altfor lause på foten. Skal eg vere med ein annan gong, trur eg at eg må skaffe meg spesialstøvlar med snøring rundt ankelen, eller kanskje gå berrføtt.

Eg kom meg trygt oppatt frå gjørma!

Denne jenta anbefalte meg å skaffe meg skikkelege "risplantingstøvlar", slike som ho har, med strekk øverst og snøring rundt ankelen.


 Det var mange som var med, så det heile var over på ein times tid. Så køyrde eg heim og byrja å førebu andakta til søndagsskulen, der teksten var likninga om arbeidarane i vingarden. Og eg kunne innleie med å snakke om arbeidarane på risåkeren!

Om eg får vere med og hauste der eg sjølv planta, veit eg ikkje. Det er avhengig av om det skjer på ein laurdag eg har tid. Men uansett var det artig å få vere med.

I misjonsarbeidet er det heller ikkje alltid vi får hauste fruktene av arbeidet. Eller det kan vere andre som har sådd og planta før vi kom inn i biletet, som Paulus også skriv:

"Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst. Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.  For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning."

1. Kor. 3, 6-9




No comments:

Post a Comment