Wednesday, June 5, 2019

Uventa besøk

Kva gjer du når det plutseleg står ti barn i døra, ni jenter og ein gut som aldri har vore i ei kyrkje før? Og korleis forklarer du kven Gud eller Jesus er til dei som høyrer for aller første gong? Mine japanske medarbeidarar klarte det ganske bra, men vi vart vel alle litt forfjamsa då det plutseleg var bortimot tre gonger så mange barn som det bruker å vere på Hosanna Kids.

I Arashima kyrkje har vi hatt barnemøte ein laurdag i månaden ifrå desember i fjor. To kristne mødre kjem med sine eigne barn og nokre venner av dei som bur eit stykke unna. Hittil har det ikkje vore ein einaste frå den næraste barneskulen.

Men så står dei plutseleg i døra. Skorne stiller dei fint opp i gangen.


Song, leik, andakt og forfriskningar står på programmet. Det ser ut som om dei trivst, og lyttar til det som blir sagt.




Borna frå Arashima barneskule hadde sett plakaten på oppslagstavla utanfor kyrkja. Der stod det at vi skulle lage "perledrikk", og det var visst det som gjorde at dei fekk lyst til å kome. Eg har ikkje vore med på dette før. Først laga vi små kuler av ei deig av potetmjøl og brunsukker. Kulene måtte vere såpass små at dei kunne gå gjennom eit stort sugerør.
Så skulle desse kulene koke i 20 minutt, til dei vart blanke og gjennomsiktige som perler. Så vart perlene putta opp i drikken. Dei kunne velje mellom fleire typar og farge av drikke, både juice og te.

Sidan det kom så mange fleire enn det var kjøpt inn drikke til, vart det ikkje fulle glas. Men ingen klaga for det.
Kald maccha latte med "perler". Denne smaken valde eg, også. Veldig godt!

 Store og små deler på det lille godteriet som er og kosar seg, langt utover tida då det eigentleg skulle vere slutt. Ho som set opp blomster til kvar einaste gudsteneste, er på plass i bakgrunnen og gjer klart til søndagen.

Så er det spennande om desse som kom for aller første gong, vil komme tilbake 6. juli. Då skal dei lage is. Og lære eit nytt minneord og høyre meir frå Bibelen.


Men det kan ikkje eg vere med på. Eg får heller kjøpe meg litt is i Norge. 


Det har blitt mykje is-eting i det siste. Når vegen er kort til butikken, treng eg heller ikkje så mykje plass i frysaren.
Idag sveitta eg meg gjennom badmintontreninga, i ein gymsal som kjendest nesten ut som ein sauna. Når racketen glepp i handa på grunn av sveitte, er det kanskje greitt å gi seg for ei stund. Eg sa til dei at eg trur eg tek pause fram til september... Eg blir no vekke det meste av tida likevel. Det som er litt artig, er at no er det fleire av dei som viser interesse og spør når og kvar eg har neste engelsk-klasse. To av dei har allereie vore her, og ei til vil gjerne komme på fredag. Idag sa trenaren også at ho har lyst å komme på fredag. "Ja, men vi bruker Bibelen som lærebok, " forklarte eg. Og denne gongen er det i kyrkja. Men det verka ikkje som om det gjer noko frå eller til.

Så sveitta eg ikkje forgjeves idag, likevel, kanskje...

Du som ber, kan gjerne hugse på både borna i Arashima og badmintondamene i Matsue. Og gjerne engelskklassedamene i Nima, også, som eg traff i går.
 




No comments:

Post a Comment