Tuesday, April 2, 2019

Møt medarbeidar Megumi!

Det er gått nesten eit år sidan dette biletet var tatt, og vi er begge blitt eitt år eldre. Megumi har gjort mange nye erfaringar siste året, og i intervjuet nedanfor deler ho med oss korleis ho har opplevd å vere ny i arbeidet. Eg er heldig som har Megumi som medarbeidar!

Idag skal eg også møte andre medarbeidarar. Dei fleste er norske, men der er også nokre finske, og ein islending og den japanske kona hans. Alle desse bur lenger unna, så det er ikkje så ofte eg ser dei. Innimellom forhandlingsmøte og andre samlingar blir det også tid til å drikke te og bli betre kjende. Alle måltid er sjølvsagt også felles. I ettermiddag dreg eg altså til fjells. Forhåpentlegvis har snøen som kom måndag, smelta vekk. For eg har allereie skifta dekk på bilen. Og dei frå sørsida har ikkje vinterdekk, heller.
Sjølv om bloggen seier at det er 2. april, er det allereie onsdag her. Og konferansen varer frå 3. til 7. april.

Intervjuet med Megumi er lagt ut på den nye heimesida til NLM, under misjonærblogg. Eg har endå ikkje lært korleis den skal brukast, så foreløpig er der lite. Så eg bruker framleis ingervalbo.blogspot.com og kjem nok til å bruke den mest også heretter.

Klikk på linken her: - Eg elskar å leike med barn!

Her er også ein film som presenterer den første ungdomssekretæren i VJELK, Shinki Takahira, som skal byrje i arbeid 1. juli i team med Karoline og Marius Bergersen:
Film med Shinki




No comments:

Post a Comment