Sunday, April 14, 2019

Der påskeferie er ukjent

Det er palmesøndag, men dei fleste japanarar veit ikkje kva det er. Påskeferie har dei sjølvsagt heller ikkje, og påske ("iisutaa" som dei seier etter engelsk Easter) er det få som veit kva det er. Dei som ikkje går i kyrkja, tenkjer nok mest på påskeegg, om dei i det heile tatt assosierer noko med ordet.

På veg heim frå kyrkja idag var eg innom i den japanske hagen der eg har årskort. Det går ut 2. mai, så eg burde gå fleire gonger i løpet av april. Sidan det regna, var det ikkje så mykje folk der. Peonane, som vanlegvis blomstrar i overgangen april/mai, var allereie i full blomst.

Japanarane har ikkje påskeferie, og nytt skuleår har nettopp starta. Derimot har dei fleste ein lang ferie i månadsskiftet april/mai. I tillegg til Golden Week, som er frå 3.-5. mai kvart år, er det i år langfri frå 27. april til og med 6. mai. Den store happeningen i månadsskiftet er innsetjing av ny keisar og starten på ein ny tidsepoke. 1. mai blir første dag i år 1 i Reiwa-perioden.

La meg ta eit lite tilbakeblikk på dei to første vekene av april.

Foto: Marius Bergersen

Frå 3.-7. april hadde vi misjonærkonferanse. Det er mange år sidan sist vi var så mange. Inkludert dei fem som studerer japansk, var vi 17 vaksne misjonærar og 9 born.

Foto: Johanna Perendi
Konferanse betyr samlingar om Guds ord, forhandlingar og årsmøtesaker mange timar kvar dag, men også fellesskap og rekreasjon. Biletet over er frå ein bibeltime ved Eivind Jåtun. Fleire ser trøytte ut, men dei konsentrerer seg!

Ei av dei nye misjonærane, Kristin Redse Nævdal, har skrive om konferansen her:
Konferanse på Hiruzen Bible Camp

 Kristin frå Volda og Karoline frå Ellingsøya med kvar sin baby.
Under Daisen-fjellet

Familien Tråsdahl

Konferansen vart avslutta søndag ettermiddag, der vi mellom anna tok avskjed med Astrid og Bård Hauge. Her syng dei "God be with you till we meet again". For meg tok det berre fire dagar til eg møtte dei igjen og fekk ta farvel endå ein gong. 

Onsdag til torsdag hadde eg to dagar i Kobe, der eg fekk prøve meg som musikklærar på bibelskulen. Det var kjekt å drive litt med songundervisning igjen, og det verka som om vi fann tonen.

Dei fleste elevane er godt vaksne. Den yngste er 18 år (ikkje med på biletet), og den eldste er 73. Eg merka at dei har songglede, og iløpet av dei to dobbeltimane øvde vi inn fem songar, nokre av dei trestemt.
Torsdag morgon fekk eg seie god tur til stedlig representant Bård Hauge og kona Astrid. Eg er spent på kven som kjem etter dei til hausten. Neste veke skal vi ha nytt styremøte, men det blir på Skype med Bård i Norge.

Det er også nytt skuleår på universitetet, og nokre nye ansikt også blant studentane som kjem på Bible Club. 
Denne gongen hadde eg to norske studentar på besøk, som laga middag, og til og med tok oppvasken før dei la seg den kvelden.
På bibelstudiet denne fredagskvelden var vi 18 personar! Guten som står fremst til venstre fortalde på Bible Club for to veker sidan at han hadde tatt imot Jesus som sin frelsar i februar før han reiste heim på ferie. Han er ivrig med på bibelstudie og i kyrkja no. Også ei av jentene tenkjer på kva for ei kyrkje ho skal bli døypt i. Så det kan skje litt framover denne våren og sommaren!

Vi er inne i den stille veka. Etter å ha hatt to studentar buande her ei heil veke, i tillegg til at eg sjølv har vore på reise i to dagar, skal det bli litt godt å ha nokre dagar for meg sjølv. Det vil seie, - ein tur til Nima tirsdag-onsdag blir det, og i morgon, som eigentleg skal vere fridag, skal eg på komitémøte for å planlegge julekonserten. Ja, ikkje påskekonsert, men julekonsert. Elles er største jobben i veka som kjem å førebu tale og program til den internasjonale gudstenesta på påskedagskvelden.
Du som ber, må gjerne be om at eg får ro til å konsentrere meg og får formidle bodskapen slik at den når inn! Temaet for gudstenesta er "Han er ikkje her". Han er ikkje lenger i grava. Han har stått opp! Så vi kan seie: "Han er her!" Nettopp fordi han ikkje lenger er i grava!

Så om ei veke kan eg ønskje dykk god påske!


No comments:

Post a Comment