Wednesday, December 6, 2017

Eit aldri så lite personleg jubileum eller to

Det er litt flaut å legge ut eit slikt bilete, men det viser iallfall litt engasjement. Den 15. fellesjulekonserten er over. For min eigen del var det den tiande konserten eg har deltatt på i Matsue. Og det nærmar seg også den tiande jula i denne byen. Kor mange "juler" eg har hatt i Japan, har eg visst kome utav tellinga av. Eg prøver: 1993, 1994, 1995, 1996, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2006, 2007, 2008, 2010, 2011, 2012, 2013, 2014, 2015 og så i år. Det blir viss tjue, det, ja. Endå eit jubileum, altså!

Allereie frå første hausten eg kom til Matsue, i 2006, vart eg med i koret, og første året var eg pianist på fellessongane. Etter kvart har eg stige i gradene og prøvd meg som dirigent dei siste åra. Oppgåva har eg delt med ein av pastorane. I år hadde eg ansvar for berre éin song i tillegg til ein fellessong, så det var ei enkel oppgåve. Grunnen til at eg står med ryggen til koret, er at eg dirigerer forsamlinga i allsongen. Slik kan det høyrast ut når vi syng "Glade jul" (Stille natt) på japansk:

Allsong: Silent night (japansk)

Ein pastor som ikkje var med i koret, tok video og har lagt dei ut på deira kyrkje si heimeside, og ein som er medlem i ei anna kyrkje, tok mange bilete, som eg også får bruke her på bloggen.

Fleire av kyrkjene i byen hadde innslag. Her er det ei "tone chime"-gruppe som spelar julemelodiar. Kva heiter desse instrumenta på norsk, forresten?

To grupper frå to forskjellige kyrkjer hadde slått seg ilag og framførte lovsong med heile kroppen, inspirert av huladans frå Hawaii. (Heilt til no har eg trudd at japansk "fura" er japansk uttale av "flower", men eit søk på nettet seier det betyr "hula". Så veit eg det, ja!)

Så må vi få litt korsong igjen. Til julekonserten i 2011 laga eg eit arrangement på "Eg synger julekvad", og i år tok vi fram igjen noten og øvde inn songen på nytt. Det gjekk ganske bra, når alle etter kvart hadde funne fram i notepermen.

Sjå og høyr koret her:
Eg synger julekvad (japansk)


Konserten er også eit evangeliseringsmøte, og denne gongen var det sett av god tid til talaren, Keiko Fujii. Ho reiser no som evangelist, men har tidlegare vore både buddhistisk nonne og barnelege. Det var interessant å høyre frå livet hennar, korleis ho allereie som 14-åring byrja å søkje etter Gud utan å kjenne han. Parallelt med medisinstudiar studerte ho også ved eit buddhistuniversitet, og etter fullført medisineksamen gjekk ho i kloster. Der steig ho i gradene og vart leiar for dei andre nonnene, men likevel fann ho ikkje det ho søkte etter. Så ho ga opp nonnelivet, fekk seg jobb som lege, og stifta familie. Etter mange år vart det bygd ei kyrkje på nabotomta, og der var det ho fann den Gud som ho i så mange år hadde søkt.


Det er ingenting å klage på innsatsen. Dei som har vore med i alle desse 15 åra koret har eksistert, kan vel snart stemmene sine på Händels Halleluja-kor. Dette året kunne ikkje korgruppa ved den katolske skulen vere med, sidan det er midt i tentamensperioden deira.

Her kan du høyre og sjå oss synge Hallelujakoret, på engelsk. Dirigent er pastor Ishimaru i Arashima kyrkje, min næraste medarbeidar:

Halleluja-koret (frå Händels "Messias")

Etter denne felles starten på adventstida, er det no mykje aktivitet i dei enkelte kyrkjene framover. Vi ønskjer folk velkomne til ulike tilstelningar. Eg har berre to taleoppdrag, og det er engelsk tale den 17. desember på internasjonal ungdomsgudsteneste, og to dagar etterpå skal eg ha samme talen på japansk for kvinnegruppa i Arashima. Vi prøver å få med oss ikkje-kristne på begge samlingane. Den 22. desember skal eg ha juleavslutning på ei engelsk bibelklasse for husmødre her hos meg på føremiddag.
23. desember stiller nokre av koret ilag med songglade studentar opp ved stasjonen for å synge for forbipasserande. Sjølve jula er eg meir eller mindre berre deltakar og sjåfør, i Arashima på føremiddagen den 24., og i Matsue kyrkje om kvelden. Julemiddag får eg ta ein annan dag, kanskje. 1. juledag, som er vanleg arbeids- og skuledag her, reiser eg til Nima for å vere med ilag med engelskelevane mine der på kyrkja sin julefest. Og så skal eg sikkert spele på trøorgelet.

Julekorta har byrja å kome. Det er ifrå trufaste medlemmer av Lærernes Misjonsforbund. Tusen takk!

Sjølv veit eg ikkje NÅR eller OM det blir julepost i år. Får sjå om eg får inspirasjon ein dag.

Det ser ut som om eg får feire jul i leiligheita mi likevel. Eg har vore på husjakt, og er det vel framleis, men eg har ikkje funne noko som er godt egna endå. Føreløpig leiger vi rom på det internasjonale senteret for Bible Club. I går opplevde eg forresten noko kjekt, som eg vil avslutte med.
Eg hadde invitert nabokona i første etasje, ho som har klaga på bråk. Tenkte det kunne vere kjekt å bli litt betre kjende med kvarandre, og sleppe å stå ute i kulden og prate. Ho hadde med seg yngste dottera, som går i 2. klasse. Dei var her i tre timar! Kanskje dei rett og slett kosa seg og slappa av her. Og kanskje dei forstår også kvifor ungdommane liker å vere her.
Storesøstra kom også opp mot slutten og hjelpte til med å ete kake og havremakronar. Ho som vanlegvis er på puggeskule på den tida, var litt sjuk igår, så ho slapp å gå. Dermed hadde ho tid til ein liten pause med te og kaker. Det er ho vel unnt!
 Denne havremakronen var den einaste som var att på fatet etter at eg hadde fyllt på.
Og lillesøstra teikna portrett av meg. 😄
 
Eg er glad eg har fått meg nye venner. Og utgangspunktet for bekjentskapet var bråk frå Bible Club. No er dei takksame fordi vi har funne andre løysingar på fredagskveldane, så storesøster kan konsentrere seg om øving til opptaksprøver til vidaregåande skule. Første eksamen er i januar, så i år blir det ikkje tur til bestemora i nyttårshelga, men lesing og lesing... Eg er glad eg ikkje er ungdomsskuleelev i Japan!

Så vil eg ønskje dykk ei god adventstid fram mot jul!






No comments:

Post a Comment