Wednesday, December 27, 2017

Åleine norsk i jula

Det går godt an å feire jul i Japan sjølv om ein er åleine norsk. Det kan sjå ut som om eg står ute og syng åleine på biletet ovanfor, men eg hadde ein god gjeng med meg.
 Her er ei blanding av japanarar og utlendingar; lutheranarar, katolikkar, pinsevenner, anglikanarar og eg veit ikkje kva. Nokre er med i felleskoret vi hadde på konserten, medan andre er studentar eller engelsklærarar frå ulike land. Ilag fekk vi synge julebodskapen til dei som var på stasjonen på lillejulaftan. Eg var glad for å sjå naboane i huset på hjørnet blant dei som gjekk forbi. Mannen stod der ei stund, også. Eg håper han fekk med seg noko av teksten.
Kvelden før på Bible Club øvde vi på songane, så på laurdagen kunne også dei som har vore i Japan berre nokre månader, stille opp og synge julesongar på japansk.

Her er nokre glimt ifrå julaftan. Sidan det var søndag, starta dagen med gudsteneste på føremiddag.
I Arashima var det både dåp og konfirmasjon, med påfølgjande feiring med lunsj. Det var ein spesiell dag for to ungdomsskulejenter som har gått i kyrkja frå dei var små. Dei bekjente at dei no vil fylgje Jesus. Ho som ikkje var barnedøypt, vart døypt no, og den andre vart konfirmert.

Ilag med dåpsbarnet og konfirmanten. Dåpsbarnet er eitt år eldre enn konfirmanten.

Eg hadde med to damer frå Matsue, - den eine ifrå New Zealand og den andre frå Sør-Afrika, så dei japanske ungdommane fekk prøve seg på engelsk.
Så var det mat, og ungdommane fekk kvar sitt kyllinglår å gnage på. Og jammen klarte dei å ete det opp, også, i tillegg til all anna mat som var der.
Eg skulle heim og lage julemiddag, så eg klarte meg med eit lite stykke av kyllingen.

Den spesiallaga kaka var mest for dei, men vi andre fekk også smake.

Så var det heim igjen for å lage julemiddag.

Shoko var julegjesten min i år. 

Surkål og kålrabistappe er heimelaga, men eg sakna tyttebærsylte og pinnekjøt. Likevel smaka det bra, og det er heller ikkje maten som betyr mest i jula.

Og så var eg så heldig å få den CD-en eg hadde håpa på å få!

Om kvelden var vi i Matsue kyrkje på gudsteneste. Vi tre var av dei få som kom, men det er heller ikkje talet som betyr mest. Studenten frå Eritrea var så glad ho i det heile tatt hadde funne ei kyrkje i Japan, og det attpåtil ei luthersk kyrkje, som også er hennar bakgrunn!

Heime igjen var det tid for te og julekaker, men det vart kombinert med telefon og Skype med søsken og venner i Norge, så teen min vart kald...
 Shoko fekk også seie takk for sist. Ho har nemleg vore på besøk på Valbøen!

Då er vi komne til juledag. Sidan det er ein heilt vanleg arbeidsdag, er det heller ikkje gudsteneste på føremiddag. Men studentane hadde fri, så eg inviterte nokre utlendingar på julefrukost, eller brunsj, vart det heller.
 Så vart vi altså seks personar rundt bordet, -  like mange som vi var heime då vi var der alle.

Å lese norske julekort kan vere ei utfordring, sjølv om dei kan både afrikaans og fransk.

Utpå ettermiddagen køyrde eg til Nima for å vere ilag med engelskelevane mine på kyrkja sin julefest der.


Tradisjonen tru stilte engelskelevane opp og song fleire julesongar på engelsk.
Pastor Fukao talte om Jesus som er lyset som skin i mørkret.

Eg har ikkje hatt preikeoppdrag i sjølve jula, men hadde to i veka før jul, og no har eg byrja såvidt å førebu meg til komande søndag. Då skal eg tale i Hiruzen kyrkje. Då får eg forhåpentlegvis også kombinere det med ein skitur, for der oppe har dei visst rikeleg med snø.

Idag har eg hatt ein heil dag for meg sjølv, og det blir det også i morgon. Så då skal eg skrive preike, trur eg...
Ein pastor skreiv i ettermiddag på Facebook at no var han ferdig med preika både til 31. des., 1. januar og 7. januar. Nokre er så veldig effektive, men med meg går det tregt, og eg er flink til å utsetje ting som ikkje er lysbetont. Får håpe og tru at inspirasjonen kjem når eg får setje meg ned i fred og ro. Du som ber, kan no be om det!




No comments:

Post a Comment