Wednesday, November 29, 2017

Tøffelheltane

Ifølgje Wikipedia er ein tøffelhelt ein mann som vert kommandert rundt av kona. Men i Japan er det ikkje berre koner som går i tøfler. Her er det tøfler overalt, både heime og i kyrkja. Eigne dotøfler har vi, også.
Eg har hatt besøk av to heltar frå Kongshaug Musikkgymnas, to flotte representantar frå russekullet 2018. Som alle NLM-skular har dei russeprosjekt i eit misjonsland. Kongshaug har dette året valt barne-og ungdomsarbeid i Japan, og leiarane for russeprosjektet, Ole Henrik og Tonje, var på ein 10-dagars tur til Japan. Tre av dei dagane var dei på besøk hos meg, og det førte til at eg også fekk oppleve forskjellig som eg ikkje får til vanleg. Mellom anna å bli kledd opp som samurai, eller vere fotomodell i onsenbyen Tamatsukuri. Det kjem eg tilbake til.

Fredagskvelden vart det servert norsk raspeball på Bible Club. Eg raspa ikkje sjølv, men laga ball av mjøl som Ole Henrik hadde kjøpt for meg i Norge.

Av 2 kg ballmjøl vart det 46 ballar, med dott.
Norsk tradisjonsmat vart godt motteken. Men det vart mykje til overs, så eg har til ein Bible Club-middag til i frysaren.
Etter middagen gjekk vi over på kultursenteret og hadde bibelstudium og samtale. Dei norske 18-åringane fekk god kontakt med dei litt eldre japanske og internasjonale studentane. Denne kvelden las vi Bibelen på sju ulike språk!


På laurdagen fekk vi vere med på ein engelsk-guida tur i Matsue, med mellom anna japansk teseremoni og prøving av samuraidrakt.
Rogalending mot sunnmøring.

Denne samuraien er frå Ål i Hallingdal

Seinare på dag vart vi kledde opp i yukata-drakter og tildelt kvar vår tøfle. I mars neste år skal det vere tøfleturnering i bordtennis, og til PR-kampanjen ville dei ha utlendingar som spelar bordtennis med tøfler. Så når plakatane er klare, er det sjanse for at vi blir kjendisar i Matsue! Tøffelheltar!

I tillegg til oss tre norske, var der ein frå USA (trur eg han er) og ei frå Nepal.

Det går faktisk an å spele bordtennis med tøfle, men lett er det ikkje. Berre prøv!
Eg lurer på om eg skal melde meg på turneringa. Det hadde vore artig!

Tamatsukuri Onsen er ein plass med mange varme kjelder, som det er bygd hotell over. Her fekk vi varme oss i eit utandørs naturleg oppvarma fotbad.

Søndag var vi i Izumo kyrkje. Der deltok Ole Henrik med song, og Tonje spela piano. Dei fekk også treffe to andre vidaregåande-elevar. Dei to japanske jentene går første året.

Ungdommane utvekslar Facebook- og Twitterkontakter.

Tilbake i Matsue fekk vi med oss øvinga med felleskoret til julekonserten 2. desember, og dei to russane frå Kongshaug Musikkgymnas gjekk rett inn på tenor og alt på Halleluja-koret, for det syng dei også på Kongshaug!

Måndag morgon kunne vi endeleg sove litt lengre og slappe av, før det var pakking og avreise til Kobe. Eg skulle på styremøte der dagen etter, så då var det mest praktisk å ta dei med i bil. På veg mot Kobe var hadde vi også ein stopp på Hiruzen Bible Camp, der dei opna alle dører for oss, og etterpå serverte kaffi, te og kaker. Ekteparet Ohashi er verkeleg gjestfrie vertsfolk!

Dei viste stor interesse for korleis ungdommar i Norge samlar inn pengar til misjonen, og verka imponerte over innsatsen og fantasien deira. Misjonsløp, konsertar, flaskeinnsamling og veddemål, - ja, det er ikkje ende på kva ungdommar tek i bruk for å samle inn pengar til misjon i Japan. Men så er det ikkje noko lite mål dei har sett seg, heller. 40 russ har som mål å få inn 500.000 kroner!

Vil du følgje med Kongshaugrussen vidare, kan du gå på Facebook-sida deira. Der finn du også julegåvetips, og video frå korøvinga i Matsue, der dei syng Halleluja-koret.
Kongshaugrussen 2018




2 comments:

  1. Så kjekt med ball :-)
    Berre innom med eit livsteikn. Traff systå og bror din på G-11 så eg forstod det var litt trøbblete med hus og samlingar. Tenkjer på deg!
    Fin Adventstid til deg!
    Alt godt frå Sigird

    ReplyDelete
    Replies
    1. Tusen takk, Sigrid! Resten av ballen i frysaren skal eg servere neste fredag. Vi har ein plass å leige for Bible Club, så det går bra foreløpig. Hadde koseleg besøk av naboane under meg i går. Idag eller i nærmaste framtid kjem det kanskje snø her, også. Ønskjer deg og dine ei god adventstid. De har vel fått flytta i nye lokale for barnehagen no?

      Delete