Saturday, November 11, 2017

I "vente og sjå"- modus

Då eg starta med bloggskriving, hadde eg vanlegvis eit nytt innlegg kvar laurdagskveld. Det er lenge sidan no. Men eg får prøve med litt oppdatering.

Måndag denne veka fekk eg endeleg ein etterlengta luftetur. Sjølve fjellturen tok berre 45 minutt frå parkeringsplassen, men eg og ei japansk veninne sat eit par timar på toppen og tok livet med ro.
 Der var også andre som naut sola og utsikta.

Elles har veka gått med til å sjå på hus og gruble over skal/skal ikkje flytte, styremøte på Hiruzen Bible Camp, diverse bibelstudium, og så Bible Club igjen i går kveld. Denne gongen hadde to av ungdommane reservert eit rom på det internasjonale kultursenteret og tok ansvaret for ein lovsongskveld, under namnet "La oss synge". Høyrest ganske nøytralt ut, ikkje sant?
Først samlast vi til middag hos meg. Ein times tid i vanleg middagstid må vel naboane akseptere?



Etter middagen forflytta vi oss over på det internasjonale senteret, som ligg ca ein halv kilometer ifrå meg. Der leia to av studentane oss i nokre engelske lovsongar, og den amerikanske studenten ga oss bibeloppgåver i samband med ein av songtekstane. Han plasserte ein japanar ilag med ein kristen utlending, så vi jobba med bibeltekstar parvis og deretter i grupper på fire.


Dette er også ein måte å drive Bible Club på. Dessverre reiser denne kristne studenten tilbake til USA i starten av desember, så det er litt usikkert korleis det blir vidare.
Neste veke har eg bestilt eit rom der vi kan ha både bibelstudium og teatime, under namnet "internasjonal klubb". Eg spelar med opne kort overfor dei som driv utleige, og dei hjelpte meg til og med med ordlyden for kva eg kunne skrive som innhald i klubben: "Å lære om språk og kultur i ulike land, på engelsk." Og religion og livssyn er også ein del av ein kultur, og Bibelen er i aller høgste grad språk/litteratur!

Den songen vi hadde bibelstudium over, heiter "Our God", "Vår Gud". I eit vers står det slik:

"And if our God is for us,
then who could ever stop us?
And if God is with us,
then what can stand against?"

Det vart ein liten konkurranse om kven som først kunne slå opp Rom. 8, 31, og den bibellærde studenten frå Nigeria vann.

"Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss?"

Eg trur at Bible Club er noko Gud vil, og noko han vil skal halde fram og vekse vidare. Kanskje på ein litt annan måte enn før. Foreløpig ser det ut til at vi får leige rom på dette senteret. Når eg søkjer om å leige, må vi betale, men når det er utanlandsstudentar som søkjer, får dei/vi bruke lokala gratis.
Der er også eit stort kjøkken, så om to veker planlegg vi også å lage middagen der. Og viss vi tek ibruk papptallerkenar, slepp eg også å møte dette når eg kjem heimatt om kvelden:


Så lenge vi får bruke det internasjonale kulturhuset, synest eg ikkje det er så om å gjere å finne ein ny plass å bu foreløpig. Men nokre meiner ditt, og andre meiner datt, og så må eg sjølv finne ut kva eg vil, også. Og kva som tener Guds rike best. Akkurat no er eg i "vente og sjå"-modus.

Skulle ønskje eg var like tolmodig som ei hegre som ventar på byttet sitt. Og at eg har visdom til å handle i rette augneblink, utan å forhaste meg.
Ver gjerne med og be om det!

No comments:

Post a Comment