Saturday, March 19, 2016

Ein snartur til nabolandet

Eg hadde nokre feriedagar til gode frå i fjor, som eg fekk brukt forrige helg på ein tur til Seoul.
Det er ikkje berre å ta bilen og køyre over til nabolandet her, men med fly går det ganske fort ifrå næraste flyplass.
Med ei reisevandt veninne som guide vart dette ein opplevingsrik tur. Shoko hadde vore i Seoul før, så eg berre dilta etter. Ho var også flink til å spørje etter vegen (og forstå!), og å finne ut kva slags undergrunnsbane vi skulle ta, og kva veg vi skulle ta det.
På biletet ovanfor har vi benytta oss av eit gratistilbod der vi vart kledde opp som konge og dronning.

Til flyplassen i Yonago tok det omlag 40 minutt, og sjølve flyturen frå Yonago til Seoul var på vel 1 time.

Det var allereie blitt mørkt då vi kom fram til stasjonen der vi skulle finne fram til gjestehuset vi hadde bestilt, men etter å ha gått feil nokre gonger og spurt oss fram, var vi der.

Rommet var ikkje stort, men stort nok. Det meste av dagen var vi ute likevel.

Frukosten var enkel, men vi åt mykje god (og sterk!) mat ute på byen.

Her kunne vi få kjøpt fersk appelsinjuice.

Søndag fann vi fram til Sarang Church.

Kyrkja har eigen buss, men vi kom med offentleg transport.

Korsongarar på veg til gudsteneste.


Søndagens fjerde gudsteneste skal snart starte. Medan folk samlast, leier songteamet lovsongen.

 Nedanfor kan du sjå og høyre litt av lovsongen. Denne songen syng vi også i Japan, på engelsk og japansk. Her forstod eg berre første ordet: "Come".


"Come, now is the time to worship". from Inger Valbø on Vimeo.
 
Det var nesten som å vere på generalforsamling, med så store forhold. I løpet av ein søndag er omtrent 10.000 menneske med på ei av dei fire koreanske gudstenestene, eller på den engelsk-språklege eller den japanske gudstenesta.
Søndag kveld hadde vi Bible Club-treff, ilag med ei koreansk jente som har studert i Matsue, og ei japansk jente som no studerer i Seoul.

Måndag kveld vart vi invitert ut av ei tredje ungdom, som var med i Bible Club for 4 år sidan då han var student her. Han spanderte flott middag på Shoko og meg.


Dei overraska også med å feire gjebursdagen min to dagar på forskudd.



Vi fekk også tid til litt sightseeing innimellom. Her inne på det kongelege palassområdet.


Her har vi skifta roller, og eg er blitt kledd opp som kronprins, medan Shoko er prinsesse. I løpet av 10 minutt kunne vi velje bakgrunnsbilete og fotografere oss sjølve. Her er nokre variantar.

Eg har altfor mange bilete til at eg kan vise dei her. Er du på Facebook, kan du finne fleire, med eit album for kvar dag, frå 11. -15. mars.

For mange i Norge er det visst påskeferie no, men her er det ingenting som heiter påskeferie.
I morgon etter kyrkjetid reiser vi på WJELC sitt årsmøte. Måndag er offentleg fridag. Tirsdag har eg bibelklasse i Nima, og så går veka stort sett som vanleg, reknar eg med. Men langfredag har eg to bibelklasser, så eg får formidle påskebodskapen. I går kveld var temaet "Palmesøndag" og "Kongen som tenar" (The Servant King).

God påske!






No comments:

Post a Comment