Tuesday, March 1, 2016

"Du talar om vêr, du talar om vind"

Tenk kor kjedeleg det hadde vore om kvar dag gjennom heile året hadde hatt samme vêr og samme temperatur. Kva skulle vi ha snakka om då, skal tru?

Denne vinteren har det variert mellom vinter og vår mange gonger. Naturen ser ut til å vere litt forvirra. Idag, 1. mars, var plommeblomstrane dekte av snø igjen. Eg fekk eit glimt av blå himmel akkurat då eg tok biletet. Så kom det ei ny snøbyge.
Dei raude plommeblomstrane viser betre igjen mot snøen enn dei kvite.

 Eg tenkjer av og til på songen eg starta med i overskrifta.

"Du talar om vêr, du talar om vind,
du talar om roser på ungdommens kinn,
Kvi talar du ikkje om Jesus?
Kvi talar du ikkje om Jesus?"                                      (Sangboken nr 489)

Det er lett å snakke om vêret, men kvifor skal det vere så vanskeleg å snakke om Jesus? Det er no for å fortelje om Jesus og det han har gjort, som er grunnen til at eg er i dette landet. Men ofte gløymer eg visst kva eg held på med. Jaudå, eg har det travelt med mange oppgåver, men det er likevel lett å bli så opptatt av meg og mitt at eg gløymer kva som er målet for det eg held på med.

Idag har eg prøvd å få gjort unna ein del arbeid som eg treng internett til. Ifrå i morgon til laurdag skal eg på leir på ein plass der eg ikkje har muligheit til å kople meg på internett. Eg har ein del arbeid som eg må ha ferdig til søndag, så datamaskinen får vere med på leir. Eg håper å få litt ledige stunder til å jobbe. Eg skal ikkje preike på søndag, men eg skal tolke Maki Ikegami til engelsk på den internasjonale gudstenesta. Idag fekk eg tilsendt talen hennar.
Maki Ikegami er utsending til Hong Kong og for tida den einaste misjonæren i WJELC. Ho har vore 3 år i Hong Kong og er no på heimeopphald. Søndag føremiddag skal ho tale i Arashima, og seinare på dag blir ho med på den internasjonale gudstenesta i Matsue. Det er bra å vise at ein misjonær er ikkje berre nokon som kjem frå eit anna land til Japan, men at det også blir sendt ut misjonærar herifrå. Det er kanskje ein ny tanke for mange.

Det er godt å sleppe å preike sjølv i mars, for det er ganske mykje anna som skjer. Og mange overnattingar borte heimanfrå:
2.-5. mars, KGK studentleir i Fukuyama
8.-9. mars, Nima
11.-15. mars, tur til Seoul, Korea (feriedagar til gode frå 2015)
20.-21. mars, årsmøte, WJELC
22.-23. mars, Nima
30. mars -3. april, misjonærkonferanse, Hiruzen

I morgon føremiddag skal eg køyre til Fukuyama, ca. 16-17 mil. To studentar frå Bible Club blir med; ei japansk jente og ein ung mann frå Nigeria.
Du som ber, må gjerne hugse på leiren.

Denne fuglen ventar visst på at kirsebærtrea skal blomstre. Det er blitt små knupper, men det blir vel ein månads tid å vente.
For eit par veker sidan plukka eg opp nokre avbrotne kvistar frå bakken og tok heim og sette i vatn.
No ser eg det er liv i knuppane.
Kanskje dei allereie har byrja å blomstre når eg kjem att frå leir på laurdag?

Så må vi hugse at der er viktigare ting å snakke om enn vêr og vind!

3 comments:

  1. Mange fine bilder her,
    til og med, - med snø.

    Trenger å bli minnet om den sangen,
    selv om den pirker litt i "sjela."
    Ja, - vi trenger å snakke med hverandre -
    om Jesus.
    Herren velsigne Deg og De rundt deg!

    ReplyDelete
  2. SKREMANDE SANT INGER!
    LUKKE TIL I DI GJERNING.

    KLEM

    ReplyDelete
  3. Takk for kommentar, både frå "hjemveien" og "livsvegen"!

    ReplyDelete