Tuesday, December 29, 2015

O jul med din glede...

Her i Japan er jula offisielt slutt, men her hos meg skal den vare iallfall til godt over nyttår. Iløpet av siste veka har eg farta ein god del, så no skal eg nyte å vere litt i ro.


Her er ei lita oversikt over siste veka.

20. 12: Julegudsteneste i Arashima




Juleglede

21.12 i Matsue Vogel Park

Dei sørafrikanske pingvinane gjekk tur i nissedrakt. Det såg faktisk ut som om dei likte det.
 


Kjærleik ved første blikk


22.12 var eg i Tottori i gravferd for Hiromi Yamashita. Eg har hatt god kontakt med familien heilt ifrå den tida eg arbeidde i Tottori for omtrent 20 år sidan. Yamashita var den første som vart ein kristen etter at NLM starta arbeid der. Han vart døypt av Kåre Bøe. Sjølv om Yamashita var blind, fekk han sjå Lyset då han møtte Jesus. Han var eldste i kyrkja gjennom mange år. 
Familien hadde tatt vare på ei norsk avis frå 1974, då ekteparet var på besøk i Norge. På gravferdsdagen var denne artikkelen hengt opp på tavla i gangen.

23.12 Caroling
Også i år fekk vi gå ut på "gater og streder" og formidle julebodskapen gjennom song. Utanfor Starbucks på Matsue stasjon fekk vi synge for mange som venta på ein buss. Eg håper nokre av orda også nådde inn.

24.12 Julaftan
Så fekk eg også pynta til jul heime hos meg sjølv. Og ei lita helsing til postmannen eller andre som ringjer på døra med pakkar som ikkje får plass i postkassa. Inne i kransen er det eit bibelvers med orda "for eit barn er oss født, ein son er oss gjeven." frå Jes. 9.

Sjølv pakka eg med meg dei gåvene eg allereie hadde fått og køyrde til Yonago, til familien Leirvik.

Julemiddag på norsk

Sonja hadde strikka julekrubbe

Det var kjekt å feire jul både ilag med store og små

Eit gullkorn frå barnemunn:
Treåringen lurte på kvar Jesus er no. 
- Han er i hjarta vårt, seier mora.
- Eg klarer ikkje å dytte han ut, seier treåringen då.
For eit fint vitnemål! Dette vart beste julepreika for meg.

Johan les juleevangeliet på nynorsk. Dette kunne nesten ha vore i Norge, men noko er forskjellig. Vi sit på golvet med føtene under ein kotatsu. Det er eit bord med varme under og er veldig godt for kalde føter.
Så var det tid for å dele ut gåvene. Her har dei funne ein pakke det står mitt namn på, frå "Leirvikingane".
Tusen takk!

Men byggesett av Lego var visst meir interessant. 
Mormor følgjer med på Skype.
 Med hjelp frå pappa er lego-buldosaren ferdig.

Min lille venn syntest visst det var artig at eg var så kilen...

Utpå kvelden slokna minstemann, men vi andre heldt ut litt lenger.

25.12 Juledag
Julefrukostbordet er dekka med allslags gode ostar, eggerøre, skinke og fleire slag heimelaga rundstykke. Slik oppdekning hadde eg nok ikkje fått heime hos meg sjølv, nei!

Etter frukost køyrde eg heim for å førebu meg til fleire oppgåver i helga. Utpå ettermiddagen køyrde eg til neste oppdrag, i Nima.

Julefest i Nima. Preike ved pastor Fukao.

Song av engelskelevane
 Kotomusikk
Og så var jula slutt...
26.12 Heim igjen frå Nima

Med godt selskap i bilen

Meir julepost

27.12 Izumo kyrkje
Fleire nye born har kome på søndagsskulen etter barnejulefesten før jul. Tre av gutane hadde eg ikkje møtt før.
Engelsk bibelklasse med grundig studium av teksten om Simeon og Anna i templet.
Denne dagen hadde vi samme tekst både på søndagsskulen, gudstenesta og engelskklassa. I tillegg fekk eg høyre preika ein gong til under kveldsgudstenesta. Simeon lova Gud og sa: "For mine augo har sett di frelse, som du har gjort i stand like for andletet på alle folk..." (Luk.2, 30-31)
Jesus kom for ALLE!

28.12 Bible Club julefest
Sidan juledag og nyttårsdag fell på fredag i år, hadde vi måndags-bibelklubb i går.

Alle hadde med mat som vi delte, og det vart veldig mykje kaker til dessert. Mellom middag og desserten hadde vi bibelstudium utifrå Luk. 2, 8-20 med ein lang samtale om hyrdingar, englar og kva Jesu fødsel betyr for oss idag.

Ein av studentane hadde kjøpt med seg ei flott gjebursdagskake. Etter å ha sunge "Happy birthday to Jesus", var alle med og bles ut lysa.
Resten av veka har eg tenkt å ta det litt med ro, ha tid for meg sjølv og tid ilag med venner. Idag har eg hatt besøk av ei ikkje-kristen veninne. Vi prata i bortimot fem timar...

Nyttårsaftan frå eit par timar før midnatt har eg ope hus for dei som vil samlast for fellesskap og bøn. Mange studentar har då reist heim til nyttårsfeiring med familien, men nokre vil framleis vere her.
Det skulle vere ei lita oppsummering av veka som gjekk, og som har vore ganske variert og innhaldsrik.
Då vil eg ønskje alle lesarar eit godt nyttår!




No comments:

Post a Comment