Monday, December 7, 2015

Inspirerande julekonsert

Laurdag morgon henta eg desse tre studentane som har vore med i felleskoret. Stemninga var god heilt ifrå starten.
Alle mennene i koret skulle ha raudt slips. David frå Kenya får julegåve på førehand frå ein annan i koret som hadde eit raudt slips til overs.
Etter første øvingsøkt er det lunsjpause, som eg nytta til å gå gjennom den japanske teksten på Salme 23 for David.
Sjefsdirigent Ishimaru og kona Aika, som var ei av pianistane.

Folk byrjar å fylle opp plassane. (Foto: Scott Menking)

 (Foto: SM)
Tradisjonen tru var det handchime-gruppa frå Kitabori kyrkje som opna konserten.



Dette er omtrent halvparten av koret. (Foto: SM)

Her dirigerer eg fellessongen frå scena med koret i ryggen.
 (Foto: Carmella Lieske)
 Pianistane har lett for å bli gløymde, men dei gjorde ein utmerka jobb. Av og til spela dei ilag på kvar sitt instrument, men her er den eine som blar for den andre. (Foto: SM)

Pastorparet Ono frå Oki-øyane utanfor Matsue rakk akkurat å kome til andakta. Dei hadde tenkt å komme til fastlandet allereie på torsdag, men både torsdag kveld og heile fredag var ferjene innstilte på grunn av kraftig vind. I all hast førebudde to av pastorane her seg på å ha andakt og musikkinnslag dersom ferja heller ikkje kunne gå på laurdag morgon, men dei kom seg i land og fram til konsertlokalet, sjølv om vi var godt i gong då dei kom. Pastor Ono formidla julebodskapen enkelt og forståeleg for dei som kanskje høyrde det for første gong. (Foto over og under: SM)

Det som kanskje gjorde enno sterkare inntrykk enn andakta, var vitnemålet til fru Ono. På grunn av ein spesiell ledd/reumatisk sjukdom spelar ho piano med hanskar på hendene. Her fortel ho om korleis ho opplevde det då doktoren sa at ho truleg ikkje kunne spele piano meir. Iallfall måtte ho finne ein annan måte å spele på enn før. Ein dag fekk ho eit par hanskar ifrå ei veninne, og etter at ho byrja å spele med hanskar, har ho også fått ny musikk frå Gud. Ho vitna om at ho hadde opplevd det som Paulus: "Min nåde er nok for deg." "For når eg er veik, då er eg sterk." (2. Kor. 12, 9 og 10).
Ho hadde mange fine arrangement av kjende melodiar. Den som gjorde sterkast inntrykk på meg, var eit kraftfullt arrangement av "Han er oppstanden". Mektig!

 Folk følgde godt med. Han som sit omtrent midt i biletet i mørk jakke og med briller, traff eg på ei tilstelling på det internasjonale senteret her i byen. Dei inviterte utlendingar på tea party. Då eg stakk innom nesten ein time etter at det skulle starte, sat der tre japanarar og berre venta på at nokon skulle kome, og eg var den einaste! I tre kvarter prata vi om mykje, og dei var nysgjerrige og spurde kva eg dreiv med. Og det enda med at to av dei spurde om dei kunne få bli venner med meg på Facebook. Då eg kom heim, sende eg invitasjon til denne konserten, og denne mannen kom ilag med kona si. Eg var veldig glad fordi dei kom! Og eg forstår igjen at det er viktig for meg å gå på plassar der eg treff folk som ikkje kjem i kyrkja.

Etter konserten stilte vi opp ute i korridoren og song a capella for folk når dei gjekk ut. Stemninga var ganske god, og alle var nok letta over at det hadde gått såpass bra. 
Omlag 230 personar var med på konserten. Onsdag 9. desember skal nokre av oss også synge i fengslet. Skal tru kor mange som møter opp der? Vi får tid til å synge berre éin song, og det blir Salme 23. Måtte det bli eit vitnemål for dei om kva Jesus kan vere for dei, også: "Herren er min hyrding."
Neste store arrangement er 13. desember. Då er det internasjonal julefest. Eg skal preike, så det treng eg tid og inspirasjon til denne veka. Men først skal eg ein tur til Nima, og tilbake onsdag føremiddag for å rekke julefesten i fengslet.






1 comment: