Det er 30-årsjubileum i Izumo
Lutherske kyrkje. Yoko Ueda har ikkje vore i kyrkja på ti år. Den gongen
var ho der også fordi ho var blitt invitert til jubileum.
Talen er frå Joh. 15. «Eg er
vintreet, de er greinene.» Desse orda hugsar ho frå tenåra, og dei
slår ned i henne.
-Dette er det! tenkte eg. Plutseleg
forstod eg at eg hadde stått imot kallet, seier Yoko.
Kva hadde eg gjort med det eg hadde
fått som tenåring?
Då eg kom til Matsue som misjonær for
vel åtte år sidan, spurde Tore Jåtun ofte om eg hadde møtt Yoko i
Izumo. Ho hadde gått i kyrkja i mange år, fekk eg vite, men
familien gav henne ikkje lov til å bli døypt.
Sidan eg er i denne kyrkja berre ein
gong i månaden, tok det fleire år før eg fann ut kven Yoko var.
Den 4. august 2013 fekk ho endeleg bli
døypt. I det siste har eg blitt litt betre kjend med henne sidan ho
også har byrja i den engelske bibelklassa eg har på søndag
ettermiddag.
Yoko Ueda er no 55 år, men den første
kontakten med kyrkja fekk ho allereie som 15-åring. Her fortel ho
sjølv trushistoria si.
Hadde ikkje mot
- Det starta for 40 år sidan. Tore
Jåtun og familien hadde starta opp arbeid i nabolaget. Eg hugsar
ikkje kvifor, men eg starta å gå på gudsteneste og engelskklasse
i kyrkja. Jåtun underviste meg også i katekisma. Eg fekk spørsmål
om eg ville bli døypt, men det var eg ikkje klar for. Dei andre i
engelskklassa vart døypte, men eg hadde verken visse eller mot til
det, seier ho.
Så gjekk tida. Jåtun sine reiste
heim, og Yoko slutta å gå i kyrkja.
- Etter mange år fekk eg invitasjon
til å kome på 20-årsjubileum i kyrkja. Eg kom og hadde med dei tre
døtrene mine. Jåtun var der med sine born.
Ei tårevåt veke
- Det gjekk ti år
til, og eg vart igjen invitert til 30-årsjubileet. Også denne
gongen var Tore Jåtun tilbake og heldt jubileumstalen. Han talte frå
Joh. 15. «Eg er vintreet, de er greinene.»
Desse orda hugsar Yoko frå tenåra, og
dei slår ned i henne.
-Dette er det!» tenkte eg. Plutseleg
forstod eg at eg hadde stått imot kallet. Kva hadde eg gjort med det
eg hadde fått som tenåring? Tårene rann, og ei heil veke kunne eg
ikkje kontrollere kjenslene mine, minnest Yoko.
Denne dagen vart eit vendepunkt, men
det tok likevel 3 år før ho kom tilbake til kyrkja. I mellomtida
var ho opptatt med borna si utdanning, men ho lånte og las bøker.
Ein dag møtte ho ei veninne frå
skuletida som inviterte henne tilbake til kyrkja, og ho byrja igjen å
gå på gudsteneste og bibelstudium.
Familien sa nei
No ville ho gjerne tru og bli døypt,
men familien var imot. Særleg var det svigerforeldra som ikkje ga
henne lov. I si fortviling reiste Yoko til Kobe for å snakke med
Jåtun. Han oppmoda henne til å skrive eit brev og forklare kvifor
ho ønska å bli døypt.
- Så eg skreiv brev, som eg først
viste til mannen min og døtrene våre, før eg ga det til svigerfar
og svigermor. Mannen min og borna mine godtok det, men det var eit
sjokk å sjå at svigerforeldra mine berre kasta brevet utan å lese
det.
Etter ei tid vart svigerfar sjuk med
lungekreft. Då fekk eg lese i Bibelen for han. Eg heldt han i handa
og las mellom anna ordet frå Jesaja: «Ver ikkje redd, for eg er med
deg.» «Les meir!» sa han. Denne tida kjende eg at han hadde
tilgitt meg og gitt meg lov til å bli døypt. Dette vart eit nytt
steg for meg.
Samtidig vart
Yoko sin yngre bror sjuk og trong stamcelleoverføring. Det at Yoko
fekk gi stamceller til sin eigen bror, var kanskje også med og opna
veg. Broren lever, men er framleis på sjukehuset. Ho ber om at han
må bli helbreda.
- Det var mange ting som skjedde, men
eg kjende at Gud var med heile tida. Eg fekk be, og eg opplevde at
Gud hadde ein plan.
Det avgjerande steget
- Det var ei vanskeleg tid alle dei åra
eg gjerne ville tru og bli døypt, men vart hindra av familien. Eg
tenkte eg måtte vente til dødsleiet før eg fekk ta imot dåpen.
Men no kjende eg det som om Gud dytta meg fram. Eg forstod at det var
ikkje berre å vente, men eg måtte ha mot til å ta det neste
steget, seier Yoko.
4. august i 2013 fekk ho endeleg ta
imot dåpen, nesten 40 år etter at ho først byrja å kome i kyrkja.
- Eg kjenner at Gud er der, og eg har
håp. Eg trur at Gud også kan helbrede bror min. Familien framleis
ikkje-kristne, men eg kan formidle det eg har høyrt. Ingen gjer
motstand lenger.
Eg er veldig glad i versa i 1. Tess. 5,
16-18: «Ver alltid glade! Be uavlateleg! Takk
Gud, kva som enn møter dykk!»
Eg er heldig som kan ha glede midt i
det som kan vere vanskeleg. Eg liker å skrive kaligrafi, og mange
blir glade for å få eit bibelvers som eg har skrive. Slik har eg
har funne min måte å gi Guds ord vidare på.
Yoko er glad i japansk kaligrafi. Her har ho skrive versa frå 1. Tessalonikarbrev, som betyr mykje for henne. |
Ingen større kjærleik
- Kvifor var det så viktig for deg
å bli ein kristen, sjølv om familien var imot?
- Eg ønska å komme tilbake til Gud og
få syndene tilgjevne, og eg ønska også gjere noko for Gud.
- Kva betyr Jesus for deg idag?
- Han er min Frelsar, som døydde for
meg på korset. Det finst ingen større kjærleik. Han er alltid er
hos meg. Det er stort å kunne be til ein Gud som høyrer. Sjølv om
eg kjenner på uro, får eg fred og nytt mot når eg ber. Eg ønskjer
og ber om at også familien blir frelst.
På grunn av alt det vanskelege som eg
har vore gjennom, skulle ein tru eg ville blitt sjuk, men Gud har
gitt meg helse. Det er berre Guds nåde, avsluttar Yoko Ueda.