Thursday, May 8, 2014

"Eit bod frå min Herre du blome meg ber"

Denne veka har eg vore på Hiruzen på leir, og idag var eg tilbake på styremøte. Under leiren gjekk  eg fleire turar åleine og tok bilete av blomster langs vegen, medan orda frå songen "Ein fin liten blome" tona inni meg. Kanskje det kunne bli ei oppmuntring også for andre som kjenner seg meir som ein skogblome enn som ei prydplante.


 Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.
 

Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.


Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?


Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.


Ein dag vil den stormande vinter deg nå,
då vert det vel dødsdagen din.
Då kviler eg lunt og har snøkåpa på,
til vårsola kysser mitt kinn.


Eit bod frå min Herre du blome meg ber:
om einsleg eg vert på min veg,
så veit eg at Herren vil vera meg nær,
Gud Fader, han vernar òg meg.

 
 Om enn eg er liten, har Herren meg kjær,
med honom eg kjenner meg sæl.
Kvar morgon meg bøna til himmelen ber,
med bøna eg sovnar kvar kveld.


Ein kledning eg fekk av min Frelsarmann kjær,
i blodet hans reinsa den er.
Den høver for himlen, der gullgater er,
den høver for vandringa her.


Som blomen om vinteren visnar eg av,
men gled meg, for då står eg brud.
Lat lekamen kvila med fred i si grav,
mi sjel, ho er heime hos Gud!


Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong
i morgonen æveleg klår,
og blanda med heilage englar min song
i himlen, dit døden ei når!


2 comments:

  1. Sarte bilete til ein sår og vakker salme.

    ReplyDelete
  2. Takk for kommentar, Borghild! Du fann ut av det.
    Eg prøvde å forklare salmen til presten i dag. Trur eg må prøve å omsetje teksten til japansk. Men først er det "potetdiktet" til Vidar Kristensen eg må få over på japansk.

    ReplyDelete