Sunday, April 27, 2014

Besøksrunde og gjensyn

Andre påskedag hadde eg endeleg fri så eg kunne ta med påsketuristen litt rundt på gamle trakter. Første stopp var Hiruzen Bible Camp. Der traff vi mellom anna Katsuhiro Igi, som var i Norge hausten 2008. Han jobbar ikkje lenger på Hiruzen, men han og kona hadde tatt turen heilt ifrå Tamashima for å helse på Norgesgjesten.

Etter medbrakt lunsj på leirplassen var vi nedom Hiruzen kyrkje, før vi køyrde vidare mot Tottori.

I Tottori tenkte eg å vise kvar eg budde frå 1995-97, men huset var borte! No er det blitt parkeringsplass der. Men husa rundt om var stort sett som før. I dette huset (som ikkje er der lenger) hadde eg i løpet av dei to åra bortimot hundre born innom på Sing Song barnelag - men ikkje samtidig, altså!
Vi fekk også omvisning på arbeidsplassane til ekteparet Yamashita, som også var i Norge ilag med Igi hausten 2008. Den gongen besøkte dei også mamma på sjukeheimen og song for henne. Bileta nedanfor har eg fått av Kolbjørn Gjære. Han hadde hjelpt meg å omsetje nokre av songane deira til norsk, og fekk møte dei denne dagen.

Songstund på rommet til mamma på Ørskog sjukeheim i oktober 2008. Frå venstre: Manabu Yamashita, Sachiko Yamashita og Katsuhiro Igi.

Og her er også to tidlegare Japanmisjonærar med.

No hadde familien Yamashita bedt oss på middag 2. påskedagskvelden. Og mor til Manabu diska opp med sukiyaki og sushi! 
Denne dama har i alle dei år, frå eg var i Tottori, skrive julekort til mamma, så lenge ho levde, og i dei seinare åra til søskena mine. Mannen var den første som vart døypt etter at misjonærane kom til Tottori og starta arbeid der.

Heile familien er glad i Norge.


Vi overnatta hos Lea Lukka, som er misjonær i Tottori, og neste morgon køyrde vi til Kobe, der Lea skulle på eit møte etter lunsj, og eg skulle på eit møte onsdag. Der var fleire av prestane som også var på møte den dagen, og her fekk ho helse på sjølve kyrkjepresidenten eit halvt minutt før han hasta vidare til sitt møte.
Med Herr President Hideki Matsumura
Ute på Aotani kyrkje sin parkeringsplass (jaudå, eg hadde spurt om lov til å parkere der...) traff vi Urara Masaki.

Så gjekk turen vidare til Osaka, men då let eg bilen stå. Aotani i Kobe er det lengste eg vågar å køyre ifrå Matsue. Til Osaka er det lettare å ta toget.

Ifrå 37. etasje i Crystal Tower hadde vi bra utsikt over byen nord for slottsparken. Vi fann til og med blokka der Kita-Osaka kyrkje held til, og der eg budde frå 1998-2004.

Pastor Hirano i Kita-Osaka tok imot oss og viste oss kyrkja, som eigentleg var fort gjort, for det er ikkje så stort rom. Men han fortalde med iver og glød om den indonesiske gudstenesta dei har der, og kor flinke indonesarane er til å få med seg fleire. Det har også smitta over på dei japanske kyrkjemedlemmene, og fleire har byrja å lære seg indonesisk for å vere med på desse gudstenestene. Hirano har sjølv vore misjonær i Indonesia og er glad for at kyrkja hans kan brukast også av den indonesisk-talande forsamlinga.

Vi avslutta dagen ilag med mi veninne Yoko ute på ein okonomiyaki-restaurant eg brukte å gå på då eg budde i Osaka. Og smaken med ost og mochi (riskake) var like god som for ti år sidan!

Siste kvelden i Kobe var alle Norgesgjestane igjen samla, og Ingebjørg og eg spanderte japansk pizza på dei (og  oss sjølve).
Torsdag morgon var dei klare for avreise til flyplassen, og eg kom meg etterkvart avgarde tilbake mot Matsue. 
Og påskegjestane er allereie heime, sikkert framleis fulle av inntrykk som det tek ei tid å sortere. Og her er livet litt meir tilbake til normalt igjen...



No comments:

Post a Comment