Wednesday, January 23, 2013

Jesus er også i Edinburgh!

Aotani kyrkje i Kobe
Biletet er verken frå Matsue eller Edinburgh, men frå Kobe, der eg var på styremøte sist veke.

Idag må eg få dele ei gladmelding med dykk! Facebook er ikkje berre dumt. Her kan du få viktige oppdateringar på utflytta studentar og andre. Ei kinesisk jente som var her i Matsue for to år sidan og var aktiv på Bible Club, er no student i Edinburgh. For noko sidan skreiv ho at ho hadde funne ein annan Bible Club der, og idag skriv ho på statusen sin:
"Dear God,
thank you for bringing me back to you again."

(Takk, kjære Gud, for at du førte meg tilbake til deg igjen.)

Eg var spent på kva som var skjedd, og byrja å chatte litt med henne. Jau, ho opplever at Gud arbeider i livet hennar, og for eit par veker sidan fortalde ho nokon i kyrkja at ho ville følgje Jesus, og dei bad for henne. I går hadde ho snakka med ei kristen veninne til langt på natt, så langt at ho måtte overnatte der.

Ho skriv om korleis ho har opplevd Guds leiing i livet sitt:
"I KNOW they are not mere coincidences but God's love and guidance! You are all precious gifts God sent to me, at different stages of my life, to protect me, to guide me and take me home. I am studying both Chinese and English bible now and I find I love Romans 8:38-39 very very much!
I have invited Jesus to come into my life now! "
(Eg VEIT at dette ikkje berre er tilfeldigheiter, men Guds kjærleik og leiing! De er alle verdfulle gåver Gud sende meg, på ulike tidspunkt i livet mitt, for å beskytte meg, leie meg og ta meg heim. Eg studerer Bibelen både på kinesisk og engelsk no, og eg elskar orda i Rom.8, 38-39!
Og no har eg invitert Jesus inn i livet mitt!")

Ho tenkjer også på å bli døypt. Tenk, dette skal vi få vere med på. Andre har teke over der vi her i Matsue ikkje kunne fortsetje. Så om studentane er her berre eitt år, og vi ikkje ser frukter, har vi fått sådd noko som kan bere frukt seinare.

Så då må eg berre frimodig halde fram med Bible Club, sjølv om eg til tider blir både trøytt og lei.

Her er nokre glimt frå sist fredag på Bible Club, og til slutt frå den internasjonale gudstenesta på søndag kveld:

Bible Club 18.1

Mange hender i aktivitet for å lage kinesiske "dumplings".
Denne guten var på Bible Club første gong i jula. 


Deiga var farga av ulike grønsaker. Mykje arbeid, men godt var det!
Ingenting å klage på matlysta. Guten til høgre er ny ifrå januar.
Ein student hadde med sitron til alle, frå hagen til foreldra. I morgon kveld kjem nokre for å lære å lage sitronkake.

Internasjonal kveldsgudsteneste 20.1



Sansfica frå Sri Lanka leier den internasjonale gudstenesta.
Nokre av medhjelparane under lovsongen.
Dei fleste har tid til ein kopp te og ein prat.
Desse var på internasjonal gudsteneste for første gong.  Ei koreansk jente kjem frå ein kristen heim, elles er dei ganske ukjende med kristendommen. Den andre jenta er frå Kina. Ho kjem til personleg bibelstudium i tillegg til Bible Club.


Anten er du fisk, eller så er du menneskefiskar, var min påstand i preika.


Temaet for gudstenesta var "Fisk - eller fiskar?" Jesus vil gjere oss til menneskefiskarar. Dei som ikkje allereie er blitt etterfølgjarar av Jesus, er framleis fisk, som vi prøver å "fange" for Jesus, ikkje for at nokon skal bli bundne, men for at dei skal bli frelst og fri.
På Bible Club to dagar før las og dramatiserte vi teksten om Peters fiskefangst. To av dei ikkje-kristne studentane skreiv i loggboka etterpå at kanskje dei i framtida vil bli menneskefiskarar. Det kan faktisk skje!




4 comments:

  1. Nå setter jeg meg ned for å lese bloggen din, en time før gjestene kommer. Bruker min manns nettbrett (Annar J. Johansen), for det er større enn mitt. Da kan vi se bildene litt bedre. Flott å høre om arbeidet du og dere alle gjør! Lykke til! Hilsen Solveig.

    ReplyDelete
  2. Tusen takk for tjenesten, Inger, og for at du informerer oss!

    ReplyDelete
  3. Takk, Sigrid, Solveig og Asbjørn, for respons og forbøn!

    ReplyDelete