Tuesday, January 8, 2013

Kvardag med årsoppgjer

Rolege nyttårsdagar er over, gjestane er reist, og eg er i gong med arbeidet igjen. Noko av det første som må gjerast, er å skrive årsmelding, og det er gjort i dag. To B5-sider med rapport frå kva eg gjorde i fjor. Og det er ikkje så lite til saman. Litt statistikk kan også vere spennande. Eg har nettopp lært meg å bruke frammøtelister i Excel til å finne sum og gjennomsnitt. Praktisk når eg endeleg får "pøta inn" alle data. Det kom mellom anna fram at på Bible Club har det i løpet av året 2012 vore 97 personar innom, og eit gjennomsnittsframmøte på 11 utan meg, så det vil seie 12. Og Bible Club har hatt 51 møte.

Den internasjonale gudstenesta som vi starta med i april, har hatt 52 innom, med gjennomsnitt på 17. Dette er nok ikkje imponerande tal for mange av dykk som les, men her i vår samanheng er det ikkje så lite. Ein rask gjennomgang av namnelista for Bible Club viser at omlag 55 av dei 97 ikkje er kristne. Det går ikkje fram av statistikken på Excel...

Og EIN dåp av ein Bible Club-medlem er no framgang for Guds rike sjølv om det ikkje gjer så stort utslag på statistikken. Og i vår lutherske kyrkje blir han ikkje talt med eingong...

Ikkje alt blir skrive i ei årsmelding. Det eg føler eg har mislukkast med, er ikkje så mykje å skrive om. Her på bloggen skreiv eg veldig optimistisk etter at eg hadde hatt første time med dåpsopplæring for ei eldre dame og dottera. Sjå bloggen i oktober her:

Dåpsundervisning - hjelp, korleis gjer ein det?

Men det gjekk ikkje akkurat slik som eg hadde tenkt. På grunn av fleire ting vart det sjeldan eg fekk høve til å treffe mora, og nokre gonger eg var på besøk, var ho ikkje i form, så det vart berre eit par gonger etter denne første "vellukka" dagen. Rett før jul fekk eg fortelje mor julebodskapen, og så la eg til litt om at Jesus kom for å døy for syndene våre, at han stod oppatt og at han har gått i førevegen for å stelle til eit rom for oss, og også for henne.

Rett etter jul vart mor igjen innlagt på sjukehus. Hjernesvulsten har vakse att, og ho kan ikkje snakke lenger.
På nyttårsdag var eg og ei kristen veninne på besøk hos dottera og hadde ein god prat. Vi ringde til presten og spurde om han kunne kome og snakke med mor og dotter, og eventuelt døype mor på sjukehuset, dersom det la seg tilrette for det. Men neste dag fekk eg melding frå dottera. Søstra hadde sagt nei. Så då måtte vi avlyse sjukebesøket.

Sist søndag fekk eg høve til å besøkje mor på sjukehuset. Dagen før hadde ho sove heile dagen, og døtrene hadde ikkje fått kontakt. Men då eg kom, opna ho augene og smilte då ho såg meg. Eg fekk synge dei to første versa på "Jesus elsker meg, jeg vet", og ho såg på meg heile tida. Eg trur ho lytta og forstod. Det såg iallfall slik ut. Eg hadde håpa at ho kjende denne songen frå ho var ung og gjekk litt i kyrkja, men eg veit ikkje. Eg sa nokre få ord om at Jesus elskar også henne, og førebur eit rom i himlen for henne, også. Så sovna ho. Men før vi gjekk, fekk eg legge handa på hovudet hennar og be ein bøn og legge henne i Jesu hender.

Det var litt underleg å vere der. Over senga var det festa ei lita treplate med "god betring" frå eit buddhisttempel, og på den eine sengekarmen var det knytta ein liten raud amulett frå eit shintotempel. På andre sida av senga stod det på kortet som eg hadde på blomstrane: "Eg ber om at Jesu Kristi fred må vere med deg." Ein rosenkrans som dottera hadde fått i den katolske kyrkja, var hengt rundt halsen på ein bamse på eit anna bord....

Hadde eg vore ein flinkare misjonær, hadde eg kanskje fått leie denne eldre kvinna til Jesus og dåp medan ho var såpass frisk og klar i hovudet. Men no er det kanskje for seint...

Dottera kom i kyrkja på søndag og fekk snakke med presten, som også bad for henne og mora. Og ho sa at ho ønskjer å bli døypt. Sjølv om det ikkje vart noko av det i 2012, slik som vi hadde håpa, kan vi kanskje satse på at ho kan bli døypt til påske?

Dette vart mykje tekst, men no skal de få litt vinterstemning ifrå dei siste dagane:
Etter nyttår kom Liv Bakke og eittåring Astrid Stangeland på besøk nokre dagar, og ein av dagane var vi til Kari Opperud i Nima, som mellom anna tok oss med opp til dei nedlagde sølvgruvene. Her står vi ved ein nybygd inngang til Iwami Ginzan (Sølvfjellet).
I løpet av natta var det kome ein god del snø, så eg tok med Liv og Astrid til ein park eg lenge har tenkt eg ville ha snøbilete frå. Peonane blir tatt godt vare på her.


Utsikt inne frå kafeen
Om kvelden var det årets første Bible Club. Liv og Astrid vart sett i arbeid og laga ei nydeleg fiskesuppe som gjekk unna.

Ein tidlegare medarbeidar i Hiruzen barnehage kom for å treffe Liv.

5 personar, og 5 nasjonar: F.v. Brasil, USA, Norge, Japan og Kina.
Laurdag morgon før Astrid og Liv reiste tilbake til Kobe, var vi bortom Matsue Castle. 

Born i nabolaget hadde skrapa saman til ein snømann, men han fekk ikkje leve lenge...
På ungdomsgruppa på søndag morgon var vi to vaksne og ei ungdomsskulejente.
I går rydda eg vekk julepynten, men stjerna som viser oss veg til Jesus, den lyser framleis:

Stjerna leidde sant og visst
vise menn til Jesus Krist.
Me har og den same stjerna;
vil me berre fylgja gjerna,
finn me til vår Frelsar fram.

Denne stjerna bjart og mild
som kan aldri leia vill, 
er det glade og det store
fagnadbod i bibelordet
til å lysa for vår fot.


Eg er tilbake til kvardagen, med kvardagsmat, men litt godsaker har eg framleis att.


I dag hadde eg ball til middag, og det er ikkje kvardagskost her. Slikt er kjekt å få i julegåve! Kålrabi fekk eg av ein kyrkjemann på Hiruzen, som hadde dyrka av frø han hadde fått av ein norsk misjonær.
Men no skal eg ha meg litt marsipan, trur eg...










2 comments:

  1. Godt nytt år!
    Betre seint enn aldri :-)

    Kjekt å lese om det du formidlar gjennom bloggen!

    Alt godt frå Sigrid

    ReplyDelete
    Replies
    1. Godt nyttår, Sigrid! Takk for kommentar!

      Delete