Tuesday, July 17, 2012

Takk for forbøn!


Først vil eg vise dykk litt av fordelane ved å vere i Japan på denne årstida: Den søte, saftige maiskolben er verdt litt sveitting i varmen.

Eg er i sving igjen. Og eg kom i mål med alt eg måtte gjere før klokka 19.30 på søndag. Takk til deg som har bedt! Eg fekk dei medhjelparane eg trengde til den internasjonale kveldsgudstenesta, både  leiar, skriftlesararar, hjelp til å lage power point, forsongarar og musikarar. Og ein av dei ikkje-kristne studentane kom til og med med telys for å lage sånt lyskors som Maria brukte å lage. Når noko er gjort to gonger, har det lett for å bli tradisjon! Men heimebaka kake til kyrkjekaffien vart det ikkje. Det viktigaste er likevel kva som blir servert av åndeleg mat. Det tek si tid å førebu det, og i tillegg ha det på to språk. Takk til Gud som ga meg noko å gi vidare, og hjelp og konsentrasjon til å skrive det ferdig.Før søndagen kom, hadde vi Bible Club to dagar på rad! Fredag som vanleg, og ein ekstra på laurdag ettermiddag etter ønskje frå Carmella og Scott. 
Frå ei av gruppene under bibelstudiet fredag.
Studentane hjelper til med oppvasken.
På laurdag var det igjen Bible Club.

Vi hadde besøk av ei jente frå Florida, og studentar som har vore på homestay i Florida var spesielt inviterte. Ryoko, som tidlegare studerte i Matsue, var på besøk frå Osaka. Ho kom fast på Bible club etter at ho hadde vore på eit opphald i Florida. No går ho i ei kyrkje i Osaka, og ho har sagt ja til Jesus!


Søndag var eg først i Arashima kyrkje på føremiddag, der eg både talte og var organist. Og så var det kveldsgudsteneste i Matsue, som eg var mest spent på. 16 personar frå 7 nasjonar samlast for å lovsynge Jesus og høyre Guds ord: 7 frå Japan, ein frå Kina, ein japansk-kinesisk baby, tre frå USA, ein frå Nigeria, ei frå Sri Lanka, ei frå Korea, og så meg frå Norge. To-tre av dei frammøtte er ikkje kristne enno. Ein av dei var ein gut som byrja å kome på Bible club medan eg var på ferie i Norge.

Det er Jesus som inviterer oss til gudsteneste.
Hikari les teksten.
Sri Lanka og Japan
Japan, Nigeria og USA er representert.


50årsjubileum for WJELC

I går, måndag 16. juli, var offentleg fridag, som medlemmer i West Japan Evangelical Lutheran Church utnytta til det maksimale, med eit konsentrert stemne frå kl 10.30 til 17.00. Mange køyrde lange vegar. Presten i Oda hadde starta kl 5 for å rekke det. Herifrå Matsue starta vi 6.45, og for å rekke minibussen frå kyrkja, måtte eg køyre før 6.30 heimanfrå.
Det var kjekt å treffe gamle og kjære venner både frå Tottori og Kita-Osaka, men det vart lite tid til meir enn å helse på folk. Her er nokre glimt frå stemnet:

Davids Harp frå Tottori med fleire frivillige musikarar leia lovsongen.
Ungdommane viser at det er ei framtid for WJELC.
Litt av forsamlinga, frå midten og bakover.
Litt av forsamlinga, frå midten og framover. Nokre fekk berre ståplass...




No comments:

Post a Comment