Thursday, July 5, 2012

Heime igjen i Japan

Ein lang sommarferie i Norge er slutt, og ikveld kom eg tilbake til Matsue. Flyturen via Doha (Qatar) gjekk fint, og eg har hatt eit godt "hotellopphald" hos Liv Bakke i Kobe siste døgnet. Idag før eg reiste vidare, kom også Maria Boganes Urstad, som har budd i leilegheita mi siste månaden og drive studentarbeid medan eg har vore borte. Og kva er meir naturleg når norske møtest i Japan enn å gå på indisk restaurant for lunsj? Ca 50 kroner for denne tallerkenen er ikkje til å klage på!
Medan eg høyrde Maria fortelje om siste tida i Matsue, kjende eg meir og meir kor godt det skal bli å treffe folka her igjen. Og når eg opnar e-post, har eg allereie fått ein middagsinvitasjon til i morgon! Bible Club skal vi ha på laurdag denne veka, så då er morgondagen til disposisjon for å treffe andre.

 Det har vore regn og skodde i dag, og forholdsvis kjølig (berre 26 grader inne hos meg i kveld...), men ganske fuktig. Det var fint å sjå dei grøne rismarkane ifrå bussvindauga. Og sjølv om vêret er grått, veit eg at bak skyene er himmelen alltid blå.
Slik er det også på det åndelege området. Også når Gud kjennest langt borte, er han der og held oss oppe. Det er berre det at vi har så vanskeleg for å sjå det. I sommar har eg tenkt ein del på Guds velsigning. Eg høyrde ei andakt der det var sagt at å leve under Guds velsigning er å vere under Guds smil. Så når eg ser sola på himmelen, tenkjer eg på Guds smil. Og sjølv når det er overskya, kan vi vite at Gud smiler.

Nokre vers frå Salmane har blitt som ei overskrift for meg for eit nytt arbeidsår i Japan:
"Gud vere oss nådig og velsigne oss, Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela. Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag."
Salme 67, 2-3

Det eg treng, er å leve i Guds nåde og under hans velsigning. Då blir også arbeidet Guds verk, og ikkje mitt eige strev. Det treng eg iallfall å minne meg sjølv om.

No comments:

Post a Comment