Wednesday, February 15, 2012

Kvitare enn snø


Både born og vaksne fekk boltre seg i snøen på Hiruzen Bible Camp 10.-12. februar. Vi lærte også korleis hjarta kan bli kvitare enn snø.



Det er ikkje mange misjonsfelt som kan arrangere Snow Fun Camp, men på Hiruzen i Japan har vi skikkeleg ”norsk” vinter. Til og med gjestane frå Norge syntest det var kaldt nok.


Køkultur
På leiren var vi til saman 22 med deltakarar og leiarar. Fleire var også med på leiren i fjor, og det viser at det gav meirsmak.



Nokre av borna viste god framgang i slalombakken, og dei reiste sikkert heim med styrka sjølvtillit. Andre prøvde langrenn for første gong i livet, og syntest det var ei oppleving.


Vi var ikkje åleine på fjellet. 11. februar var offentleg fridag i tillegg til at det var laurdag, og denne morgonen var det også strålande vêr, så det var ganske folksomt på skisenteret. Men det var kanskje berre vi utlendingane som ergra oss over lange køar? Japanarane er vande til å vente på tur, men når ein må vente både i heiskøa, i matkøa og i dokøa, går det bort ein god del tid.

Det blir lange køar overalt der japanarane er, for det er mange av dei. Men køa av dei som ønskjer å høyre om Jesus og bli frelst, er dessverre altfor kort...

Kvitt hjarte
Ute i den kvite snøen kunne vi tenkje på det vi hadde høyrt på bibeltimane. Aiji Komiyama er nyutdanna prest og arbeider i Kita Suzurandai kyrkje i Kobe. Han talte over temaet ”Kvitare enn snø” slik at både små og store forstod. ”Reinsa meg frå synd med isop så eg vert rein! Tvett meg så eg vert kvitare enn snø!” bad David. (Sal. 51, 9)

Komiyama hadde vore ute og kjøpt ei kvit, hjarteforma skål og tuber med mange forskjellige fargar måling. Så tok han litt av kvar farge ned i hjarteskåla. Fargane skulle illustrere kva som fyller hjarta vårt. Då han tok penselen og blanda fargane, vart hjarta svart.

Slik er også mennesket sitt hjarte når Gud ser på det. Korleis kan vi gjere hjarta kvitt, spurde han, og borna kom med fleire forslag.
Han sjølv prøvde med kvitmåling. Men samme kor mykje kvitt han blanda med det svarte, vart resultatet grått. Kva skal vi då gjere?

Han tok eit blankt ark for å vise kva Gud gjer med problemet vårt. Men dette arket pakka han inn det svarte, syndige hjarta så vi berre såg det kvite. På samme måte kler Gud oss i Jesus når vi trur på han og blir døypte.


”For de, så mange som er døypte til Kristus, har ikledd dykk Kristus.” (Gal. 3, 27)


Norske barn som ber

På leiren hadde vi besøk av eit filmteam frå Norge. Grete Yksnøy Martinsen, Jan Egil Reime og Torgeir Henden er for tida i Japan for å lage film for Barnas Misjonsprosjekt og til GF. Torgeir var både høgt og lavt med videokameraet, utan at det såg ut til å distrahere nokon. Ei av mødrene som var med på leiren, sa at det gjorde inntrykk å høyre om Barnas Misjonsprosjekt.
- Eg har høyrt at misjonsvenner i Norge ber for Japan, men at også norske barn ber for oss, har eg aldri tenkt på før. Det gjorde inntrykk på meg, seier ho.

7 comments:

  1. Får håpe du ikkje måtte stå i døkøa, hehe ;)

    Men virka som en kjekk leir! :)

    Terese

    ReplyDelete
    Replies
    1. Hei, Terese!
      Dø-kø?! Du meiner vel do-kø... Nei, eg venta så lenge på maten at då eg var ferdig å ete, var det til og med ledig på do!

      Delete
  2. Flott med misjonsinfo både fra Norge til Japan men også andre veien! Utveksling av erfaringer trengs! ;) Det viser at vi står i en større sammenheng og tror på den samme Gud!

    ReplyDelete
    Replies
    1. Hei, Gunvor!
      Takk for respons. Alltid spennande å slå på PCen neste morgon og sjå kva folk i Norge har gjort medan eg sov:)

      Eg strevar med å komme meg inn på nlm.no-sida, som eg har ansvar for. Teksten skreiv eg allereie måndag. I påvente av at eg skal få hjelp frå hovudkontoret, la eg det ut på bloggen først.

      Delete
  3. Ej meinte faktisk døkø...For viss du ser på ka du he skreve, so e d faktisk d som står der...

    Men ej skjønte jo at du måtte meine dokø, men måtte berre kommentere d, for d blei litt morsomt :)

    ReplyDelete
    Replies
    1. Upps, takk for korrekturlesing! Det vart litt meir dramatisk enn eg hadde tenkt...

      Delete
  4. Hehe, berre hyggelig! Tenkte ej måtte sei fra slik at ingen skulle misforstå.. :P

    ReplyDelete