Eg er litt seint ute med å skrive om vigslinga av den nye kyrkja i Yonago, men omleggjinga av NLM-sida gav meg eit puff, og resultatet vart etterkvart ganske bra, eller kva synest du? Klikk på lenkja:
Vigsling av ny kyrkje
Biletet nedanfor viser NLM sin representant som bar fram helsing.
Foto: Kari Opperud
Thursday, October 27, 2011
Monday, October 24, 2011
Etter ei aktiv helg
Dersom fredag høyrer med til helga, kan eg starte der. Som vanleg var det ganske folksomt heime hos meg på fredagskvelden, sjølv om det var nokre færre enn sist. Rykta om "sekta" har visst ikkje gjort noko særleg skade ser det ut til. Dei som ikkje kom, hadde andre grunnar. Ein hadde vondt i hovudet og hadde gått heim og lagt seg i lunsjtida, ein annan hadde mista paraplyen sin og hadde ikkje pengar til å kjøpe ny, for to andre krasja det med andre arrangement dei måtte vere med på, og nokre var visst ute for å kjøpe engelskbøker. Likevel vart vi 13 etterkvart. På slutten av bibelstudiet delte vi oss i tre grupper, og det var vanskeleg å få avslutte samtalen i nokre av gruppene. Viktige spørsmål dukka opp. Som dette: "Kva betyr det å ha liv i overflod?" Det vart ein fin samtale om kva Jesus meiner at han som den gode hyrdingen vil gi oss, i motsetning til kva den vonde kan tilby:
"Tjuven kjem berre for å stela og drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og ha overflod." Joh. 10, 10
Nuwan har vore på Bible Club for andre gong. Før han går ut døra, seier han:
- Eg må følgje "hyrdingen" min, elles går eg meg vill!
Han er ny i Matsue, og det er ikkje så lett å finne vegen heim i mørkret, så det er godt å ha Sansfica som viser veg. Skal tru om han også har forstått kor viktig det er å ha Jesus som hyrding i livet sitt?
Laurdag fekk eg med tre kinesiske studentar på gospeløving i kyrkja. Det byrjar å låte bra, men vi treng nok dei to øvingane som er igjen før julekonserten. Og vi skulle hatt enno fleire som vil syngje.
Denne karen traff eg på på veg heim frå kyrkja søndag. Han står trufast utanfor Kentucky Fried Chicken og inviterer gjestar. I all slags vêr. No hadde han fått på seg julenissedrakta allereie meir enn 2 månader før jul. Han har ein konkurrent rett over gata som heiter Mc Donald.
Shoko, som var i Norge i sommar, kom på overnatting laurdag og var med til kyrkje i Matsue søndag.
Etter lunsj hos Kentucky og ein liten pause heime, var vi i pinsekyrkja på eit felles misjonsmøte for alle kyrkjene i byen. Det var dessverre dårleg frammøte, men ei fin samling for oss som var der. Ayako Ogawa, som reiste til Kambodsja som misjonær for nokre år sidan, var no tilbake ilag med sin filippinske ektemann, som ho traff i Kambodsja. Her talar Bro Gamliel Beltran Jr på engelsk med kona som tolk. Til vanleg blir han kalla Gamliel eller berre Gam.
Etter misjonsmøtet hadde Ayako og Gam fri, så dei kom og vart med på KGK-"Old Boys"-samlinga heime hos meg. Ayako var med i gruppa før ho reiste ut som misjonær. Her fekk dei også "låne" ein baby av eit ektepar som adopterte denne jenta i sommar.
Det er sjeldan det er så mange på denne bibelgruppa. Her er folk både frå Izumo, Oda og Matsue.
Familien Fukuda. Lille Ako-chan vinkar "hadet" med foten før dei køyrer heimover til Izumo.
Gamliel vart heilt oppslukt av kotoen min, og kosa seg og improviserte japansk musikk medan kona hjelpte til med oppvasken.
Etter ei slik helg er det godt å slappe litt av. Sjølv om halve dagen har gått med til sjukebesøk, har eg også hatt mange timar fri. I morgon skal eg prøve å setje meg ned og starte på preikeførebuing til søndag. Det er lenge sidan sist eg preika no, så det tek si tid å komme inni det. Er takksam for forbøn!
Sunday, October 16, 2011
Er Bible Club ei sekt?
Utanlandsstudentane har kome igjen, og sist fredag hadde eg fem kinesarar som laga mat her på kjøkkenet mitt. Men eg sakna han som var den første til å svare på at han ville kome. Det viste seg at den kinesiske guten var blitt stoppa av ein japansk student som er "fadder" for han. Og denne studenten hadde snakka med ein tilsett ved universitetet, som har ansvar for utanlandsstudentane. Dei var redde for at Bible Club var ei sekt som lurte dei nye studentane. Dei har tidlegare hatt problem med Den forente familie og andre sekter som har vore aktive inne på universitetsområdet, og difor er no all religiøs aktivitet forbode. Bønnemøte held vi uoffisielt på eit ledig grupperom, men offisielt kan ikkje KGK (Laget) bli registrert som ein klubb.
Ved kvar semesterstart blir nye studentar advarte mot mistenkjelege folk som inviterer dei til samlingar, men sidan desse nye kinesarane kom midt i eit semester, var dei ikkje gjort merksame på problemet.
Heldigvis var Kazuaki der på fredag ettermiddag då saka kom opp. Han sit nr 2 frå høgre på biletet ovanfor. Kazuaki er japanar og har gått mykje på Bible Club. Han kunne forklare at Bible Club er kristendom og ikkje noko sekt, så møtet enda med at det ikkje skulle vere noko problem. Men eg er framleis bekymra for denne kinesiske studenten som først hadde sagt han ville kome, men som eg ikkje har fått kontakt med etterpå. Er det andre som hindrar han i å komme, eller er han sjølv blitt skremt?
Du som ber, vil du be om at ingen må leggje hindringar i vegen for desse ungdommane, men at dei kan kjenne seg trygge på at vi ikkje lurer dei inn i noko skummelt? Det er så mange røyster som ropar på dei. Her på Bible Club las vi om Jesus som er den gode hyrdingen. Ein hyrding som ofrar livet sitt for sauene sine, kan ikkje vere ein dårleg hyrding. Be om at ungdommane får høyre den gode hyrdingen si stemme og følgje han!
Denne fredagen var Sansfica glad fordi ho endeleg hadde fått med ein kamerat frå Sri Lanka. Han er buddhist, men hadde lyst å lære meir om Jesus.
Eg eg spent på kva Gud vil gjere gjennom Bible Club. Takk for forbøn!
Monday, October 10, 2011
- Ka so?
Det er oktober, og det betyr eit nytt semester ved universitetet. Det betyr også at nye utanlandsstudentar er på plass. I sommar hadde vi avskjed med tre kinesarar, ein koreanar og ei frå Mongolia, men på første Bible Club i oktober kunne eg ta imot omtrent det dobbelte: Seks nye kinesiske studentar og to frå Korea, og i tillegg ein kristen student frå Nigeria.
På biletet over ser vi kinesarane, som utgjorde bortimot halvparten av deltakarane på Bible club sist fredag.
Ein kinesisk student sende meg ein SMS tidlegare på dagen: ”Kan eg ta med tre venner?” Litt seinare fekk eg ei ny melding: ”Kan eg ta med fem?”
Her er dei to nye koreanske studentane.
Å lære namn på japanarar er vanskeleg nok, men å lære kinesiske eller koreanske namn er enno verre! Ikkje fekk eg tid til å snakke særleg med alle som var her, heller. Finn eg ein knagg å henge namnet på, er det lettare å hugse. Før dei siste av dei 17 gjekk heim på fredagskvelden, fekk eg tak i namnet på ei av dei kinesiske jentene: Ka So. Det høyrdest faktisk norsk ut. ”Kva så?” På sunnmørsk seier vi ”ka so?” Ja, kva vil skje vidare her? Det blir spennande å sjå. Takk for at du vil vere med i bøn, både for Ka So og alle dei andre som eg enno ikkje har klart å lære namnet på...
To av dei nye studentane vart også med i kyrkja i går. Eg trudde eg kom til Japan for å drive misjon blant japanarar, men Gud har også opna dører inn til andre folkeslag, her i denne vesle japanske byen!
Kinesiske studentar prøver å setje saman eit bibelvers.
Den nigerianske studenten er ein kristen og kjenner bibelverset:
Jesus said, "I am the light of the world. Whoever follows me will not walk in darkness, but will have the light of life.
Jesus sa: "Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandre i mørkret, men ha livsens lys." (Joh. 8, 12)
Japanarane var i mindretal denne kvelden.
Carmella og Scott var tilbake etter ein sommar med research i Kina og nokre travle veker på besøk hos slekt og venner heime i USA.
Den einaste norske er vertinna. Eg blir litt stressa av å skulle servere te til så mange. Eg var veldig glad for Minako som laga middag denne dagen!
Komande fredag har Wendy frå Kina lova å lage mat. Vi har sett eit tak på 20 personar til middag, så kanskje blir det venteliste? Sjølvsagt er alle velkomne til bibelstudiet etterpå, men det er grense for kor mange vi kan servere middag til. Bible Club er trass alt ingen restaurant!
Wednesday, October 5, 2011
Olga får kontakt
Er det nokon som har sakna oppdatering av bloggen min? Det stemmer nok at det er ei stund sidan sist. Til vanleg synest eg ikkje det skjer så mykje å skrive om, og NÅR det skjer, har eg oftast ikkje tid til å skrive. Når eg ser tilbake på bileta frå helga, har eg vel litt å fortelje om.
Eg har tidlegare presentert den nye eittåringen vår, Olga Gåsland. Frå fredag til måndag hadde eg besøk av henne her i Matsue. Ho hadde nesten ikkje fått kome innom døra før eg sette henne til å hjelpe til med middagen og å bake kake til Bible Club, og ho fekk god kontakt med studentane.
Kva skulle vi då finne på på laurdagen? Eg hadde fått henne hit for å hjelpe meg med studentarbeidet, så då var det eit poeng å treffe nokre studentar, då.
Yukari, den japanske jenta som har ansvar på studentheimen for utanlandsstudentane, kom innom på slutten av Bible Club, og vi la ein plan. Kazuya stilte opp som reservesjåfør om fleire ville bli med på tur.
Og tur vart det. Yukari fekk med seg ei kinesisk jente og to frå Korea, som alle var komne til Matsue berre eit par dagar før.
Biletet ovanfor er frå ein japansk park på øya Daikonshima. Den lyshåra norske jenta på 182 cm heilt bakerst er altså Olga.
Det er blitt haust her også.
Vi rakk ikkje sola før ho gjekk ned vest for Shinji Lake, men det var iallfall framleis litt lys att klokka 18. Olga frå Norge og Wendy frå Kina fekk god kontakt. Dei har allereie avtalt å møtast i november, når Olga etter planen kjem ein tur igjen.
Eg tenkte å invitere på japansk middag, men Wendy tilbaud seg å lage kinesisk mat. Det både såg godt ut og smakte godt.
(Foto: Wendy)
Det viste seg at ei av dei koreanske jentene hadde gjebursdag, så då fekk Olga lage eplekake ein gong til, etter samme oppskrift som dagen før, men no med krem i staden for is. Kazuya var heldig som fekk kake to kveldar på rad, og det såg ikkje ut som om han mislikte å vere einaste guten, heller.
Så vart det "Bible Club" to dagar på rad, men utan "Bible" på laurdagen. Bøn før middagen var det som vanleg, og kanskje nokre av desse nye får lyst til å komme på Bible Club? Ei av dei koreanske jentene sa at ho gjerne vil gå i kyrkja, utan at eg spurde eingong. Men sidan vi skulle til Izumo og vere der heile dagen, var det ikkje så lett å ta henne med til kyrkje denne gongen. Håper ho vil vere med neste søndag.
Etter søndagsskule, gudsteneste og engelsk bibelklasse i Izumo kyrkje tok presten oss med på ein liten tur, mellom anna til denne stranda. Oktober månad er ein spesiell månad for Izumo Taisha, det store shintotemplet der, for då blir det sagt at gudane frå heile landet samlast. For resten av landet er dette "månaden utan gud", medan det i Izumo er "månaden med gud". Det blir sagt at det er frå denne stranda at gudane frå heile landet går i land.
Den lutherske kyrkja er den einaste kristne kyrkja i dette området. "Med Guds ord til gudenes land" heiter det i ein boktittel.
På kveldsgudstenesta kom ein ung gut som aldri hadde vore i ei kyrkje før. Gaku (t.v.) er interessert i musikk, og det var kameraten Naoto (t.h.) som hadde fått han med seg. Gaku kom for å høyre meg spele orgel, i følgje mor til Naoto. Her gjettar 17-åringane på alderen til Olga.
Vi prata litt med gutane etter gudstenesta, og vi inviterte dei til ei studentsamling som skal vere i Matsue 23. november, neste gong Olga kjem. Så då håper eg dei tek turen. Det gjeld å fiske medan fisken er der!
Olga ser ut til å få kontakt overalt.
Eg prøver også å få kontakt, men det er ikkje alltid like vellukka.
Det er godt at vi er forskjellige og kan hjelpe kvarandre.
Takk for besøket, Olga, og velkommen igjen i november!
Her kan du sjå 50 bilete ifrå fugleparken. Gud måtte ha både fantasi og humor
som kunne skape så mange flotte og artige fuglar!
Facebook Album: Matsue Vogel Park
Subscribe to:
Posts (Atom)