Wednesday, September 21, 2011

Tyfonen Roke



Det er tett mellom tyfonane for tida. Eg forstår at nyheiter om tyfonen har nådd til Norge, også, så eg tenkte eg måtte gi eit livsteikn også til dykk som ikkje er på Facebook.
Eg kom meg trygt både til og frå Hiruzen idag, sjølv om det var mykje regn og også til tider vindfullt. Vi hadde misjonærsamling med generalsekretær Øyvind Åsland og Asia-sekretær Magne Gillebo, som måtte avlyse turen i mars pga reiseråd frå UD. No var dei spente på om tyfonen ville gjere det vanskeleg å gjennomføre misjonærsamlinga i dag, men alt gjekk bra.
Eg har ikkje tatt eit einaste bilete i dag, så eg "låner" det som Katsuhiro Igi har lagt ut på HBC-bloggen.

Språkstudentane og dei to finske misjonærane som er ute i arbeid, hadde samling i Kobe på måndag, difor var vi ikkje heile flokken i dag. Men vi var 12 vaksne rundt bordet, inkludert dei to gjestane frå Norge.

Medan vi har vore samla på Hiruzen, har vatn og vind gjort mykje skade andre plassar i landet, og også i denne tyfonen har det dessverre gått fleire liv.

På lenkja nedanfor kan du sjå engelske nyheiter på japansk TV. Det kan bli ganske kaotisk i Tokyo når alle skal heim, og toga står stille...
NHK World News

Her kan du også lese to artiklar som eg la ut på NLM si heimeside i går. Japan er framleis misjonslandet for september. Det er godt å bli hugsa på litt ekstra i desse dagar.

Mine første steg som misjonær


Forsterkningar på feltet

No comments:

Post a Comment