Sunday, September 11, 2011

Snart jul?


Her i Japan er det allreie 12. september, sjølv om bloggen ikkje har kome lenger enn til 11., truleg amerikansk tid.
Idag har eg rukke å vere med på to møte, sjølv om klokka ikkje er meir enn 15. Om vel ein time må eg gå for å rekke bussen, og omtrent klokka 21.30 er eg heime hos Liv Bakke i Kobe. I morgon er det nytt møte for JS (Japanstyret). Det skal bli kjekt å treffe att Liv, som eg ikkje har sett på to år. I morgon kan vi også ønskje Kari Helene og Dagfinn Solheim velkomne ut igjen. Dei set seg vel på flyet om eit par timar.

Men tilbake til møta eg har vore på i dag. Først var det samling med prestane i dei forskjellige kyrkjene i Matsue, og så var eg ut og hadde lunsj med nokre som er i komiteen for den tradisjonelle julekonserten, som i år er for 9.gong. Biletet er av flygebladet som skal brukast til å invitere folk. Grunnen til at dirgenten på biletet ikkje snur seg mot koret, er at dette var under ein allsong, der eg og koret leia fellessongen. I år er det ein dirigerande prest som tek seg av Halleluja-koret og eit par songar til, men eg har fått i oppgåve å finne to songar til som eg skal ha ansvar for. Eg synest det er tidleg å byrje å leite etter julesongar når det framleis er rundt 30 grader om dagane...

Det har blitt lite blogging siste vekene sidan eg har fått mykje anna skrivearbeid. Japan er "månedens misjonsland" i september, og då har eg prøvd å legge ut litt ekstra stoff på nlm.no.

Men her på bloggen kan eg også ta med nokre bilete som truleg ikkje blir publiserte på nlm-sidene.

Som til dømes dette. Av og til er eg heldig og treff på ein moderne samurai.


Han her var også ein hyggeleg kar som gjerne stilte opp ilag med Johanna og meg.
Johanna Tervonen, som til vanleg er misjonær i Okayama, kom ein tur til Matsue for å treffe ei jente som har vore eit år i Finland. Dei møttest først på Bible Club, og på laurdag bad foreldra hennar oss ut på lunsj.

Her er eg ilag med Akari og foreldra hennar.


Akari og Johanna fann tonen.


Desse karane liknar kanskje meir på slik samuraiane såg ut for 400 år sidan då Matsue-borga var ferdigbygd. I fem år har dei feira dei åra det tok å byggje Matsue Castle.

Til slutt eit stemningsbilete frå ei sein ettermiddag for nokre dagar sidan.

Då eg la ut dette biletet på Facebook, fekk eg ganske fort ein kommentar ifrå ei av dei kinesiske jentene som reiste heim i august:
- Å, kor eg liker himmelen over Matsue!

Det er vel samme himmelen vi har både i Japan, Kina og Norge, men vi ser berre deler av han.
Ei songstrofe dukka akkurat opp i tankane mine, og du skal få heile teksten, som Arne Pareli Pedersen syng:

Himmelen over mitt liv

Sjølv om dagen kan synes så enkel og grå,
eg har himmelen over mitt liv.
Eg høyrer hans røyst: "Du skal ljoset få sjå",
eg har himmelen over mitt liv.

Ref:
Eg har himmelen over mitt liv,
sjølv om tanken min er som eit skjelvande siv,
har eg himmelen over mitt liv.


Når tvilen og motløysa tynger mitt sinn,
eg har himmelen over mitt liv.
Eg får gå til Guds løfter der styrke eg finn,
eg har himmelen over mitt liv.

Når mitt liv her på jorda skal ende ein gong,
eg har himmelen over mitt liv.
Eg Jesus får møta og englanes song
skal redde eit skjelvande siv.

Eg har himmelen over mitt liv.
Sjølv om tanken min er som eit skjelvande siv,
har eg himmelen over mitt liv.
Sjølv om tanken min er som eit skjelvande siv,
har eg himmelen over mitt liv.

Tekst: Ester Løsnesløkken Myhre

Ha ei god veke, med Himmelen også over ditt liv!

No comments:

Post a Comment