Tuesday, June 14, 2011

Utolmodig tomatdyrkar


Eg dyrkar tomatar for første gong i mitt liv! Eit tilbod på 100 yen (ca.7 kr) for tre tomatplanter fekk meg til å kjøpe og prøve. Om det mislukkast, så er det ikkje så mykje tapt. Du får gjerne ikkje ein tomat under 100 yen, så kan eg dyrke fram nokre sjølv, er det iallfall verdt eit forsøk.
Eg passar på å gi tomatplantene nok vatn, og ofte sørger himmelen for det, iallfall no i regntida. Og eg er spent på når eg kan hauste og smake den første raude tomaten. Dette biletet tok eg laurdag. Eg er i Kobe no, men når eg kjem heimatt til Matsue i morgon, er kanskje den første tomaten allereie mogen?

Men dette skal handle om meir enn tomatar. Eg driv stadig vekk og plantar og vatnar og ser etter resultat. Det tek tid og tolmod, men har eg byrja å sjå at nokre "tomatar" er i ferd med å skifte farge blant dei som eg les Bibelen ilag med?


Mayumi og Reiko kjem ein eller to gonger i månaden for bibelstudium. Forrige søndagskveld oppdaga dei kotoen min, og måtte få prøve. Det var første gong dei både såg og prøvde dette japanske instrumentet, og det heime hos utlendingen!
Dei eldre kotodamene som eg treff annankvar torsdag, er også ivrige når vi har bibellesing. Etter påske ville dei gjerne vite korleis det gjekk vidare med Peter, så dei foreslo at vi skal lese Apostelgjerningane. I bilen heim kom eg plutseleg på at det passa veldig bra, sidan neste øving vart på Kristi Himmelfartsdag (Apg.1). Denne gongen blir det to veker på rad, så denne torsdagen blir det pinsedagsteksten frå kap. 2.


Det er regntid, og vatn må til for at det skal bli liv. Regnet sist fredag hindra ikkje ungdommane i å samlast til Bible Club.


Teksten om den lamme mannen som vart boren til Jesus av dei fire vennene sine, engasjerte ungdommane. To kinesiske jenter måtte sjekke lesemåten på nokre teikn i den kinesiske bibelteksten eg hadde printa ut frå internett.

Her er den engelske versjonen av forteljinga:



Etter å ha samtalt om Jesus, som både kan tilgi synd og helbrede, fekk dei som ville, fortelje oss andre kva svar dei vil gi til Jesus. Tekstboka ga nokre forslag, men det var heilt frivillig å seie noko. Men det vart nesten som eit vitnemøte! "Jesus, eg forstår ikkje så mykje, men eg ønskjer å lære meir!"
"Jesus, eg trur på deg. Ver så snill og tilgi syndene mine".
Ei av dei kinesiske jentene forklarte med eigne ord kvifor ho ønskjer å lære meir om Jesus: "For det ser ut som om Jesus kan gjere kva som helst!"

For to veker sidan inviterte eg dei til kyrkje då eg skulle preike, men ingen kunne eller ville. Denne fredagen prøvde eg igjen, for no skulle eg til Arashima og preike. Og to av dei sa med ein gong at dei ville vere med. To andre sa "kanskje".
Søndag morgon møtte 3 studentar opp ved bilen min!


Dei tre ungdommane prøver så godt dei kan å gjere seg klare til gudstenesta byrjar. Dei to kinesiske jentene, Chiku og Yo, har vore på gudsteneste ein gong før i Japan, men Kazuaki, som er japanar, var på gudsteneste i Japan for første gong. Kyrkjebesøk i Arkansas i mars i år har gjort han nysgjerrig på kristendommen. Det må nok vatnast ein del til før vi får sjå synlege frukter, men eg har ei kjensle av at noko held på å mognast fram.


Dette er ikkje Arashima kyrkje, der vi var på søndag, men no har eg forflytta meg til Kobe. Korset på den nye Aotani kyrkje viser lang veg, både i dagslys, og som eit blått lysande kors i mørkret. Eg kom hit til Aotani allereie søndag kveld, og bur no i ei gjesteleilegheit heilt for meg sjølv. Ved inngangen til seminaret blomstrar store hortensia i mange fargar.



Idag har vi hatt styremøte, men i går nytta eg fridagen hos venner i Osaka.

Denne irisparken brukte eg å sykle til kvart år i juni dei åra eg budde i Osaka.


Det var kjekt å treffe att både Ryoko (t.v.) og Yuko. Ryoko, som er tidlegare Bible Club-medlem, går no på kveldsskule i Osaka, og hadde også fått fri på jobben, så ho kunne treffe oss. Ho hadde med seg eit hefte om Bibelen, som ho ville vise meg. "Ei veninne i kyrkja skal byrje å undervise meg neste søndag!" sa ho strålande, og fortalde både om gudsteneste og ungdomsgruppe i kyrkja der ho går. Ein "tomat" som byrjar å mognast...


Etter eg kom att frå Osaka i går, på 2. pinsedag, høyrde eg på NRK si friluftsgudsteneste på internett. I Japan er denne dagen ein heilt vanleg dag, så eg ville gjerne få med meg litt meir pinse. Siste salmen "Å leva det er å elska" sluttar med denne strofa: "Å leva, det er i livet å spegla Guds himmel av".
Det ønskjer eg også for livet mitt, at Guds himmel, Guds kjærleik kan bli spegla i livet mitt, slik at andre kan sjå Jesus. Slik som desse kimonokledde jentene blir spegla i vatnet, eller som irisblomstrane nedanfor, skal Guds himmel bli spegla av i oss som trur på han.


Du bør ta deg tid til å kike på bileta frå den flotte irisparken i albumet nedanfor !
Facebook Album Iris Park

2 comments:

  1. Så flott at du litt etter litt kan sjå noko som mognast fram..

    klem

    ReplyDelete
  2. Takk for det, Sigrid! Treng ein kombinasjon og passeleg balanse av tolmod og forventning...

    ReplyDelete