Wednesday, June 8, 2011

Sakkeus ned frå "treet"

Eg hadde tenkt å formidle litt meir frå dei ulike samanhengane eg får studere Bibelen ilag med folk, men dette glimtet frå Bible club sist fredag får representere også dei andre gruppene. Eg har problem med å få laste opp bilete på bloggen, men her er iallfall ein video:



Elles byrjar neste preike å ta form. Takk for forbøn. Idag var eg med på bønnemøte ilag med to jenter på universitetet. Det er godt at dei sjølve kjenner behovet for å samlast. Hikari, som er leiar, sa at ho allereie i vårferien hadde kjent at Gud ville ho skulle bli meir aktiv, og etterpå fekk ho spørsmålet om å ta ansvar for bønnegruppa. Det er flott å treffe slike kristne ungdommar som vil noko!

No comments:

Post a Comment