Wednesday, June 22, 2011

Tomatane mognast


I løpet av siste veka har eg hausta fire raude, søte, små minitomatar, og dei smakar ekstra godt når eg har dyrka dei sjølv. Det ser ut til at eg også skal få smake mange fleire før eg reiser på ferie om vel ein månad.
Og ungdommane møter stadig vekk opp på Bible Club. Her er dei som samlast sist fredag. Ein kinesisk gut var der for første gong.


Her er førstegrøda av tomatane. Skal tru kven som skal bli den første av ungdommane?


Tema for bibelstudiet denne kvelden var "Levande vatn", om kvinna frå Samaria som fekk møte Jesus. Ein av desse ungdommane skreiv i kommentar til eit bilete eg hadde lagt ut på Facebook:
"Eg ønskjer å lære meir om det levande vatnet og evig liv!"


Denne kinesiske guten var på Bible Club for første gong, og han ønskjer å kome igjen. I loggboka mi har han skrive at mor hans er kristen, og han ga uttrykk for at han også søkjer det som ho har.


Eg har fått ei ny kristen veninne. Minako (t.h.) har flytta heimatt frå Nara for å ta seg av sine eldre og sjuke foreldre. Men no er faren såpass bra at han kan steller for mora, så då har ho litt meir tid til å komme seg ut og finne kristne fellesskap. Ho har byrja i den engelske bibelklassa eg har på føremiddagen. Sist fredag tok ho "heldigvis" feil av datoen og møtte opp ei veke for tidleg, noko som førte til at vi fekk ein god samtale, fekk møte den kristne kinesiske studenten Lin og ete lunsj ilag på universitetet, og så hjelpte Minako meg med å lage middag til Bible Club. Eg har fått både ei veninne og ein bønnepartnar, rett opp i hendene, utan å kome på å be om det eingong!


For tida køyrer eg rundt med to barnesete i bilen. Dei er for Joseph og Daniel. Søndag hadde eg full bil til Izumo. Familien Badejo frå Nigeria går fast i Matsue kyrkje, men denne dagen hadde dei lyst til å sjå nabobyen og møte folk i kyrkja der. Dei vart godt mottatt, både på søndagsskulen og på gudstenesta. Funmi, med babyen på ryggen, deltok også i gudstensta med lovsong på engelsk, japansk og eit lokalt nigeriansk språk. Mange nytta høvet til å snakke med dei etter gudstenesta. Den pensjonerte engelsklektoren var glad for å kunne praktisere engelsk.


Etter lunsj inntok dei byen på eiga hand og reiste med toget heim, medan eg hadde engelsk bibelklasse på ettermiddagen. Vi følgde Paulus på hans første misjonsreise til Kypros. Vi fekk ein fin samtale om misjon, utifrå det siste samtalespørsmålet: "Kva er nødvendig for å kunne tru på Jesus?" Svaret fann vi i Rom. 10, 12-17, som eigentleg har fleire spørsmål enn svar:

For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod! Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.


Ei av dei som ikkje er kristen enno, skreiv i loggboka etterpå:
"Eg er takksam for at bodskapen som Paulus forkynte, er blitt spreidd over heile verda, også hit til vårt øyrike, slik at eg også skulle få gleda av å studere Bibelen."
Er det noko som har byrja å mognast også i henne, skal tru?


I Izumo dyrkar dei ikkje tomatar, men druer. Her er drivhus på rekkje og rad med mogne drueklasar bak den blå nettingen.


Slik ser eit fikentre ut.


Frukta på fikentreet er i emning, men blir nok ikkje mogen før seinare på sommaren eller hausten.


Langs vegane blomstrar hortensia-buskane i mange fargar.


Det er ikkje ofte eg får blomster, men denne dagen fekk eg med meg ein heil bukett hortensia frå hagen til ei av bibelklassemedlemmene.
Eg fekk ein kommentar på Facebook til bileta mine:
"Det ser ut som om du er glad i menneske og blomster." Ja, det stemmer nok!

Vil du sjå fleire bilete frå Izumo kyrkje og omegn, kan du klikke på lenkja under:
Facebook Album Izumo

2 comments:

  1. Godt å sjå at det mognast..
    Sjåast i sommar :-)

    ReplyDelete
  2. Ja, det er sant!
    Det blir snart nytt blogginnlegg. Eg får stadig nye "tomatplanter" å stelle...

    ReplyDelete