Saturday, January 29, 2011

Skrifta på veggen


Stova mi ser til tider ut som eit klasserom. Ikkje berre skjer det undervisning her, men veggane ber også etterkvart preg av at her er elevar som jobbar. For nokre veker sidan fekk vi opp ein plakat om kjærleiken, utifrå 1.Kor. 13, og i går måtte eg ta ned eit par keramikkbilete for å få plass til dei 10 boda over Kjærleiken.


Bible Club starta som vanleg med middagslaging. Til 13 personar trengst det både mat og fleire kokker. Sjefskokk Sansfica i bakgrunnen instruerer hjelparane sine til å lage Sri Lanka-mat.


Med så mykje folk må ting organiserast. Vi måtte dele oss i to for å få plass ved borda. Her er kotatsu-gruppa.


Og her er kjøkkengruppa.


Her er heile gjengen etter ei god arbeidsøkt. Denne gongen var det fire japanske studentar, tre kinesiske, to koreanske og ei frå Sri Lanka. I tillegg var engelsklærarane Carmella og Scott frå USA med. Med meg frå Norge representerte vi altså til saman seks nasjonar.

Alle dei ti studentane valde kvart sitt tal og vart "spesialistar" på bodet med samme nummer. Etterpå monterte vi alle bodorda opp på to papirtavler. Første gong dei ti boda var skrivne, var det Gud sjølv som skreiv med fingeren sin på steintavler. Det som er skrive i stein, kan ingen forandre på. Difor er boda like aktuelle no etter mange tusen år. Men at dei fleste av studentane var heilt blanke, vart ei slags aha-oppleving for meg. Sjølv for fleire som har gått i kyrkje ein del, var dette ukjende ting. Dei hadde høyrt om dei 10 boda, men visste ikkje kva dei inneheldt.


Akiko vil ta med seg heim eit bod som ho synest er viktig for seg sjølv. Kortet skal få plass på kjøleskapet. Du hugsar kanskje eg har skrive om Akiko før, ho som har teke imot Jesus som Frelsar, men som ikkje får lov av foreldra å bli døypt.
Mora og søstra vil kome på overnattingsbesøk i dag, så Akiko ville henge opp bodet "Du skal ære far din og mor di" slik at dei kunne sjå at Bibelen lærer at vi skal respektere foreldra.
Eg spurde Akiko om det var greitt at eg skreiv litt om dette, sidan eg hadde nemnt før at folk måtte be for henne, og det var ho glad for. Ho vil gjerne gå i kyrkje i morgon, men ho forstår at mora gjerne vil nytte høvet til å gå i shintotemplet for å be for det nye året. Vanlegvis er det noko som høyrer nyttårsfeiringa til, men på grunn av mykje snø hadde dei ikkje kome seg av garde då. Så no blir det nok kamp i Akiko sitt hjarte. Skal ho vere med mora og søstra i templet, eller kan ho få kome seg i kyrkje i morgon? Og er dette rette tidspunkt for å invitere dei med seg for å sjå korleis ho har det i kyrkja, eller skal ho vente?
Kanskje Guds bod på kjøleskapet kan vere ein liten døropnar? Du kan godt skrive Akiko sitt namn på ein lapp og feste på ditt kjøleskap!

2 comments:

  1. Mange utfordringar for deg..
    Men godt å sjå at du har nok å henge fingrane i med..

    Guds signing og god helg Inger :-)

    ReplyDelete
  2. Hei, Sigrid! Jaudå, eg liker utfordringar, og eg gjer meir enn eg skriv om, også. Må gjere eit utval på bloggen. Folk gidd vel ikkje å lese alt.
    Lenge sidan sist eg hadde ein søndags-ettermiddag for meg sjølv, forresten. Godt det også av og til.
    Ha det godt!

    ReplyDelete