Saturday, July 31, 2010
Religiøse aktivitetar ~ 宗教的な活動
I går henta eg passet mitt, som no har fått limt inn nytt visum til Japan. Det var godt dei ikkje dømde etter utsjånaden på biletet då dei skulle gi meg arbeids-og opphaldsløyve, for her ser eg faktisk litt skummel ut. Ikkje eit smil hadde eg spandert på fotografen, heller. Og på grunn av gjenskin i brilleglasa måtte eg ta av meg brillene. Den japanske ambassaden har pynta rundt biletet med japanske kirsebærblomster og vifter, så det er no eigentleg eit fint visum likevel.
Eg var litt heldigare på første passbiletet, som er brukt på "Certificate of Eligibility". Håper dei ser at det er samme personen!
Religiøse aktivitetar?
Eg har altså fått opphalds-og arbeidsløyve i Japan for 3 nye år. Og kva eg skal drive med der? Jau, det står ganske klart, både i visumet og på sertifikatet: Religiøse aktivitetar. (religious activities). Kva no det er for noko?
Kva er "religiøse aktivitetar"? Be, lese i Bibelen, gå i kyrkja og synge salmar? Eller betyr det å gå frå dør til dør eller stå på eit gatehjørne og presentere kristendommen? Kan det til og med kallast ein religiøs aktivitet å ete lunsj med ein student i universitetskantina eller å invitere naboen på ein kopp te og norske vafler? Eller å opne leilegheita mi for ungdommar som er svoltne både på mat og fellesskap? Eg trur heller det er min stil framfor å gå frå dør til dør, slik som Jehovas Vitner og mormonarane gjer. Å stå på ein talarstol og halde preike på japansk, er noko eg også må gjere, men eigentleg liker eg betre å lese Bibelen med nysgjerrige eller søkjande menneske på tomannshand eller i smågrupper. Religiøse aktivitetar kan vere så mangt. Og det er godt at arbeidarane i Guds rike er ulike, elles hadde det vore einsformig. Ulike menneske med ulike gåver kan nå inn til ulike typar menneske.
Religiøse aktivitetar. Eg har det svart på kvitt. Ingen kan hindre meg eller sperre meg inne fordi eg driv evangelisering. Det som eventuelt vil setje hindringar i vegen, er nok mi eiga menneskefrykt og min eigen latskap... Ein blir dessverre ikkje eit nytt menneske med ein gong ein stig ut av flyet på misjonsmarka. Nissen er nemleg med på lasset...
Utreisefest
Vil du likevel vere med å sende ut ein slik misjonær, treng eg deg som forbedar. Og vil du vise det konkret at du vil vere med og drive "religiøse aktivitetar" i Japan, er du vel møtt til utreisegudsteneste i Ørskog kyrkje søndag 15. august kl 18.00, med påfølgjande utreisefest på Sjøholt bedehus. Talar blir Ole Audun Os. Dei som skal lage mat til festen, vil gjerne vite omtrent kor mange som kjem utanbygds frå, så det er fint om du sender meg ei melding dersom du har høve til å vere med.(ingervalbo@yahoo.no eller mobil 90404124)
Ole Os (t.v.) skal preike i Ørskog kyrkje. Det er ikkje ofte Ole Os har muligheit til å treffe så mange japanske ungdommar på ein gong. Dette biletet er frå "Lyspunktet" i Ålesund ein kald marsdag i år. To av desse ungdommane skal eg forresten treffe 29.august, i "gamlekyrkja" mi i Osaka. Naoto (i midten) høyrer til i den kyrkja, og Shinsei (nr 2 f.v.) tek turen ifrå Kyoto den dagen for å treffe meg, og også for å treffe att Naoto, som han vart kjent med i Norge.
Wednesday, July 28, 2010
Livleg barneleir ~ にぎやかな小学生キャンプ
Bli med til Hiruzen Bible Camp på barneleir! På lenkja nedanfor kan du mellom anna sjå fleire videosnuttar. Det blir litt lyd når 95 born og vaksne samlast i matsalen. Du kan også sjå video frå friluftsmøtet.
Klikk her: http://hiruzenbc.blogspot.com
Tuesday, July 27, 2010
Skattekista ~ 宝の箱
Det er tomt i alle hyller og på alle veggar i leilegheita mi no. Men eg har ikkje berre pakka i dag. Eg måtte setje meg ned og lese opp igjen ein del avskjedskort og -brev eg har fått frå venner i Japan.
Brevet med 8 ark frå ein Bible Club-medlem, gjorde inntrykk igjen. Godt å vite at det har betydd noko for nokon det eg har gjort og vore. No byrjar eg å gle meg til å treffe dei igjen. Og å bli kjent med nye som eg kan få bety noko for.
Bible Club-folka måtte ned frå veggen.
Den lille svarte boksa for oppbevaring av viktige kort er full, så eg måtte ta ibruk ei treetasjes boks. Dei svarte lekre boksane, lackerware, er fine til skattekister. Men ein japanar ville nok ikkje ha brukt ei matboks til å oppbevare verdfulle kort. Desse boksane oppå kvarandre blir nemleg brukte til å lagre nyttårsmaten, slik at husmora kan få nokre dagar fri i høgtida. Dei byrjar frå øverste boks og et seg nedover.
Eg måtte ut og nyte finevêret i ettermiddag.
Ystehola er målet, før hurtigruta passerer på fjorden nedanfor.
Hurtigruta frå Geiranger var i rute, men eg var nokre minutt for sein til å nå den flotte utsiktsposten. Likevel rakk eg å knipse eit bilete før Hurtigruta forsvinn i retning Ålesund.
Ein roleg dag heilt åleine, men med mange tankar. Så rik eg er som har venner både i Japan og Norge! I løpet av i går og i dag har eg hatt mail-kontakt med fleire, som gjerne vil treffe meg når eg kjem tilbake. Eg sende nettopp ei lita melding til mobilen til han som hadde skrive det 8-siders brevet, og han svarte med ein gong. Då var klokka blitt 06.25 der borte, neste morgon. På tide å kome seg i seng her til lands.
Kjekt å vere venta!
Tuesday, July 20, 2010
Pakkemånad ~ 荷造りの一ヶ月
For misjonærar som skal ut igjen, er det noko som heiter pakkemånad. No har eg ikkje så veldig mykje å pakke, for det meste står på lager på Hiruzen Bible Camp, men litt blir det likevel som må flyttast til og frå. No er eg nesten ferdig med båtbagasjen, som blir henta på torsdag. Og det er ikkje berre å hive ihop noko i ei kasse. Nei, kvart smutthol må utnyttast og fyllast ut. Utruleg kor mange pakkar vaniljesaus eller tanntråd som går innimellom. Og så skal alt målast og vegast, både med vekt og verdi.
Kor mykje er bøker, notar og gamle klede verdt no, og kva vil det koste om eg må kjøpe alt på nytt? Her blir det mykje bingo-gjetting.
今日本へ戻るための荷造りをしています。明後日船便の荷物を出す予定です。準備はほとんどできています。しかし、荷造りをしながら、いろいろ考えます。荷物より心の準備の方が必要なのではないでしょうか。日本に行く目的は自分のためではなく、日本人にはイエス様の福音が必要だからです。そして誰かが日本人にイエス様のことを伝えなければならないのです。
Midt opp i pakkinga gjer eg meg nokre tankar. Det er mange praktiske ting som må ordnast før eg reiser ut, men kva med andre førebuingar som er minst like viktig og heller viktigare? Eg reiser ikkje på nokon "ego-trip", det skulle iallfall ikkje vere det. Eg reiser fordi japanarane treng evangeliet om Jesus, og fordi dei treng nokon som kan leve der og vise dei kven Jesus er. DET burde oppta meg meir. Korleis kan eg førebu meg på det? Innimellom pakkinga prioriterer eg tid med venner.
引っ越しの準備をしながら、友達との時間も大事にしています。
Det er godt å treffe Marit om ikkje det blir meir enn ein gong i året. Vi fekk oss ein fin pratetur også denne sommaren!
この友人は年に一回しか会えないですが、とても仲がいい、話が通じる友人です。
Og endeleg fann Sigrid og Liv Berit ein dag dei hadde tid til å besøkje meg før eg flyttar. Vi tre gjekk i klasse ilag på Fjellhaug bibelskule for 26 år sidan!
この2人と26年前に聖書学院の同級生です。日本では夏に焼肉をあまり食べないかも知れませんが。。。鍋を箱に詰める前の最後のチャンスです!
友だちと会って、人生について話したりするのも大事です。日本での働きのために祈ってもらうためも友人とのコンタクトを深めるのは大事です。しかし、一人になって、神様との交わりも大切です。
Det er godt å treffe venner, fornye kontakten og å snakke om livet. Det er også godt å ha mange venner i ryggen når eg reiser. Venner som eg veit vil be for meg og arbeidet. Men det er også godt og viktig å vere åleine, ilag med Gud.
I går las eg frå Salme 139 om Gud som har skapt meg på underfullt vis og som har forma meg til den eg er. Sjølv om eg ofte er misnøgd med meg sjølv, kan eg samtidig vite at Gud skapte meg slik han ville ha meg:
"Du har skapt nyrene mine, du har forma meg i mors liv." Sal. 139, 13.
"Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje éin av dei var komen." Sal. 139, 16.
昨日は詩篇139:13~18を読みました。主が私を奇跡的に造って下さいました。しかし、今も私を造りかえっておられることを今日の聖書箇所から覚えさせられました。エレミヤ書18章。私は粘土のように神様のみ手によって造り替えられるように願っています。
I dag las eg ein annan tekst som seier noko om at Herren framleis treng å forme og danne meg. Profeten Jeremia fekk beskjed frå Gud om å gå ned til pottemakaren, og han såg korleis pottemakaren arbeidde:
"Og det karet han laga av leire, vart mislukka i handa på pottemakaren. Då gjorde han det om att til eit anna kar, slik han ville ha det." Jeremia 18, 4
"...Sjå, liksom leiret er i handa på pottemakaren, såleis er de i mi hand, Israels hus". Jer.18, 6b.
Eg ønskjer å vere eit mjukt leirkar som kan bli forma slik som Jesus vil, så eg kan bli ein betre reiskap for Han.
Lat meg avslutte med regnbogen, som eg såg ifrå kjøkkenvindauga ein kveld i forrige veke. Den minner meg om at Gud held sine lovnader.
先週台所の窓からこの虹を見ました。神様の約束が確かであると思わされました。
Monday, July 12, 2010
A Special Book
This summer my uncle showed me a book that is very precious to him. It is a photo collection from Norwegian missionaries to China between 1918 and 1949.The book is written in English and Chinese.
His uncle, that means also my mother's uncle, was a missionary with the Norwegian Lutheran Free Church from 1922.
My uncle lent me the book to show my mother. She has often talked about her uncle Jakob who went to China.
Those days missionaries did not arrive to the field by airplane...
One year later,in 1923, Jakob's financée Marta arrived, and they got married.
Marta and Jakob Kvalsvik to the right. He was my grandfather's brother.
Unfortunately Jakob got tuberculosis after a couple of years and had to go back to Norway, where he died.
Marta and Jakob Kvalsvik got only a short time to work for the Lord in China, but the seed they and other missionaries sowed in the Chinese people's heart, did bear fruit.
Subscribe to:
Posts (Atom)