Tuesday, June 23, 2020

Nye medarbeidarar til Yonago


Etter at eg kom tilbake til Matsue for snart tre år sidan, har eg vore åleine NLM-misjonær på denne sida av fjella, men no blir det snart forsterkningar. Seinare på sommaren kjem eit ungt par flyttande frå Kobe og skal busetje seg i Yonago. Det meste av tida skal dei bruke blant unge i Yonago kyrkje og i utadretta arbeid med base i huset der dei skal bu, men dei blir også engasjerte i studentarbeidet her i Matsue. Mellom Matsue og Yonago tek det bortimot ein time å køyre. 

Denne helga har eg hatt besøk av det unge ekteparet Thorsen. Caroline frå Australia og David frå Norge møttest i Kobe i Japan, og i vår gifta dei seg. David avsluttar toårig språkstudie i starten av juli og skal byrje i arbeid frå 1. september. Caroline skal halde fram med japanskstudiar ei stund også etter at dei har flytta hit.

Om lag ein time etter at dei var komne på fredagskvelden, var dei med på Zoom Bible Club, men det var ikkje første gong. Heilt ifrå slutten av april har dei vore med kvar fredag ifrå Kobe, så dei har allereie blitt kjende med mange her sjølv om dei ikkje har møttest direkte.

Bible Club på Zoom

Laurdag ettermiddag var vi i Yonago og fekk visning på nokre hus dei hadde funne på internett. Dei bestemte seg ganske fort for eit hus der dei kan invitere mange gjester, med god plass til parkering, og der var til og med eit frukttre i hagen! Omtrent all frukta hadde falle ned og låg og rotna, men dei gler seg allereie til frukta som kjem neste sommar. Den skal ikkje gå tapt. No er prosessen i gong med å skrive leigekontrakt og praktiske ting som må ordnast før dei kan flytte. 

Laurdagskvelden hadde dei ordna seg overnatting sjølve, så eg køyrde heimatt og gjorde meg klar til å preike i Arashima kyrkje på søndag. Det meste av førebuinga hadde eg heldigvis gjort på fredag, for eg hadde også samme preika på laurdagsgudstenesta. Sidan kyrkja er lita, er det ikkje plass til alle dersom vi skal ha nok avstand mellom folk. Difor har vi to gudstenester med plass til om lag 12 personar på kvar.

Søndagens talar bak smittevernsskjerm

 Sidan det ikkje har vore meldt koronasmitte-tilfelle i fylket sidan 2. mai, er det bestemt å byrje med felles gudsteneste att ifrå starten av juli.

Caroline og David var med i Yonago kyrkje søndag og fekk bli litt kjende med folka der, før dei kom tilbake hit til meg, der vi hadde kveldsgudsteneste ilag.
I Matsue kyrkje er også gudstenestene i gong igjen. Likevel valde vi å ha den internasjonale gudstenesta online også i juni. Den viktigaste grunnen er at studentar og tilsette ved universitetet har ganske strenge reglar, og dei blir sterkt oppmoda om ikkje å delta på samlingar og arrangement på grunn av korona. Difor kan eg ikkje invitere dei til å møtast fysisk, verken i kyrkja eller på Bible Club. Då er det godt at vi har internett! I april og mai sende eg direkte på Facebook heimanfrå, men denne gongen prøvde eg Zoom, for å sjå kven som deltek, og for at deltakarane også kunne møte kvarandre. Og det vart eit spennande møte!
Caroline var med som tekstlesar, David var talar, Karoline og Marius Bergersen i Kobe delte lovsongar med oss, og ei jente i Norge hadde vitnemål. Vi fekk også nydeleg fløytespel av ei jente som studerer ved universitetet her. 

David talar på direkten ifrå sofakroken min

Til saman var vi 25 personar «samla», - dei fleste frå forskjellige plassar rundt om i Japan, men også frå andre kantar på kloden. Ifrå Australia var mor til Caroline med, og foreldra til David og fire andre var med ifrå Norge. 
Her er dei fleste av dei som var med på Zoom-gudstenesta

Berre ni av oss som var med denne kvelden, bur i Matsue eller nærliggjande byar, så det hadde nok blitt ei lita forsamling om vi hadde samlast fysisk i kyrkja. 

Neste internasjonale gudsteneste blir 19. juli, og det blir nok også digitalt. Om det blir Zoom eller Facebook, har eg ikkje bestemt endå, men uansett er du velkomen til å delta! 


Det var veldig kjekt å ha Caroline og David her denne helga. Dei nytta tida godt, også. Det siste dei gjorde før dei køyrde tilbake til Kobe, var å treffe ein student dei er blitt kjende med gjennom Bible Club. Eg trur dette er rette personar på rett plass!
Eg ser fram til eit vidare samarbeid med dei utover hausten. Det er godt å vite at arbeidet blant ungdommane kan bli ivaretatt sjølv om eg reiser. Og så gler eg meg til å besøkje dei når dei har kome seg i orden i huset!
Caroline vil ta over skia mine. Når ho er gift med ein nordmann, må ho lære seg å gå på ski!

 Ver med og be for ekteparet Thorsen, om at alt det praktiske med hus og flytting legg seg til rette, at dei får vere frimodige til å bruke det vanskelege språket, at dei får venner, om god inngang i nabolag og kyrkje i Yonago, og for det vidare arbeidet i Matsue!


Monday, June 1, 2020

Endeleg opne gudstenester igjen

I går var eg på gudsteneste, fysisk til stades, for første gong på 8 veker. Sist var altså palmesøndag. Sjølv om vi ikkje fekk feire påskedag i kyrkja, var det iallfall ein passande dag å samlast igjen på pinsedagen! I Matsue kyrkje opna dei allereie søndagen før, men då hadde eg ikkje fått godkjenning ifrå kyrkja i Arashima til å gå i andre kyrkjer, så eg heldt meg heime. Samtidig var eg dagens talar på YouTube sendt ifrå Izumo kyrkje. Opptaket tok eg heime dagen før.
Slik såg talarstolen min ut:

Eg tenkte eg måtte stå når eg skulle tale i kyrkja, og for å få datamaskinen i rett høgde, måtte eg bygge litt.

Og slik såg eg ut på skjermen, med powerpointen min som dei i kyrkja hadde lagt til. Nokon som kan gjette preiketemaet for søndag før pinse?

Igår var eg andaktshaldar på søndagsskulen i Izumo medan eg sjølv var på veg til kyrkja i Matsue. Også denne gongen hadde eg tatt opptak på laurdag. Og denne gongen sat eg ved kjøkkenbordet. Bakgrunnen er omtrent den samme som då eg stod og talte laurdagen før.

 Her snakkar eg om alle som vart overraska over å høyre om Jesus på sitt eige språk.
Vi du sjå og høyre korleis det tek seg ut å vere på søndagsskule med pastorfamilien i Izumo, må du ta ein titt her. Joyful Kids - søndagsskule i Izumo kyrkje 31.05

 
Her er kyrkjelyden samla i Matsue kyrkje på pinsedag. I bakhovudet har eg strenge reglar for å samlast i Norge, så eg såg nok med eit litt kritisk blikk på dei som sat eller stod litt for tett, og lurte på kvifor ektepar sit kvar for seg istaden for å gi plassen til andre. Men tradisjonar er visst vanskeleg å forandre på. Eg fann meg ein plass litt på sidelinja.
Endeleg fekk den amerikanske jenta til høgre også kome til kyrkje. Det har ho venta på sidan ho kom til Japan i slutten av mars. Eg er glad eg kunne invitere henne med, og ho kunne treffe japanarar som snakkar engelsk.
Munnbind er obligatorisk

I morgon skal vi ha styremøte for Arashima kyrkje og bestemme korleis vi skal starte opp igjen der. Sidan det er ei lita kyrkje, er det vanskeleg å få plass til alle og samtidig halde nødvendig avstand, så det blir truleg delt i to gudstenester, éi på laurdag og éi på søndag.

Utanom gudstenestene blir nok det meste framleis mest på nett. Nokre veninner frå Osaka vart også med på bibelstudie på fredag morgon, og no skal vi prøve å få med fleire av dei som var med på engelskklasse i Kita-Osaka rundt tusenårsskiftet. Så dette berre ballar på seg!

Idag er det 1. juni, og på nyheitene høyrde eg om skular lenger nord i landet som hadde opningsseremoni idag, nesten to månader etter skjema. Men så høyrer eg også om skular i byen Kita-Kyushu som igjen må stengje skular på grunn av ei ny smittebølgje. Så korleis denne sommaren kjem til å sjå ut, er veldig usikkert. Fordi skulane har mist mange undervisningsdagar og veker, blir det no korta ned på sommarferien.

Til slutt nokre glimt frå nærmiljøet. Det er blitt sommar, men føreløpig er det ikkje for varmt.



Det spirer og gror. Pinse er også veksttid. Jesus sende den heilage Ande for å utruste sine vitne til å gå ut i heile verda og forkynne omvending og tilgjeving for syndene i Jesu namn. Det er det eg også prøver å formidle.

Når eg treng å lufte meg, er det fint å ta ein tur i området, og her er yndlingsplassen min:



Saturday, May 16, 2020

Gradvis tilbake til eit normalt liv?

No har eg vore så lenge heime at det nesten kjennest vanleg at eg ikkje skal i kyrkja på søndagen, og at alle bibelstudie og samlingar skjer på nettet. Men kor lenge skal det gå før alt blir normalt igjen, skal tru? Studentane skal ha nettundervisning heilt fram til sommarferien, det vil seie ut juli. Det merkast allereie at dei kan bli trøytte av å sitje framfor datamaskinen ein heil skuledag, så dei ikkje orkar å vere med på Bible Club om kvelden. Likevel er det fleire som prioriterer det.

Kvar dag må eg ha meg ein tur ut langs elva, anten å gå eller jogge, eller berre ein rask sykkeltur. Ofte finn eg blomster å ta med heim. Biletet over tok eg 5. mai. Då hadde desse gule irisane nettopp byrja å blomstre, men i løpet av desse to vekene har eg fleire gonger tatt med meg heim. Der er mykje å ta av, så det merkast lite at eg plukkar med meg heim litt.


Eg har ikkje vore i Nima og hatt klasse sidan tidleg i mars, men denne veka fekk eg endeleg dei fleste med på Zoom-klasse. Og dei vil gjerne ha engelskklasse kvar veke resten av mai.

Her er Nima-gruppa på tirsdagskvelden. Vi les no om Paulus sitt liv, om korleis motstandaren vart omvendt og vart ein kristen misjonær.

Unntakstilstanden for heile landet vart utvida frå 6. mai til å gjelde ut mai månad, og skulane også her i Matsue har vore stengde. Nettundervisning er ganske ukjent i grunnskulen og på vidaregåande skular, så elevane får oppgåver tilsendt som dei skal jobbe med og levere når dei kjem tilbake på skulen att.
Eg har litt engelskundervisning med ei jente som går på vidaregåande, og forrige laurdag viste ho meg ein bunke ho nettopp hadde fått på døra.



Alle papira skal utfyllast i løpet av dei tre vekene med heimeskule, og minst 10 sider i kvar bok skal lesast. Eg tenkte stakkars lærarar som skal sjekke tre vekers arbeid! Det er 40 elevar i kvar klasse.

Unntakstilstanden som skulle gjelde til 31. mai, vart for eit par dagar sidan oppheva for 39 av dei 47 fylka i landet sidan det ikkje har vore meldt nye smittetilfelle der siste veka. Så igår vart det kunngjort at skulane opnar igjen 25. mai. Det betyr kanskje at jenta på biletet ovanfor slepp å gjere alle oppgåvene. Men idag sa ho at det blir berre gradvis oppstart på skulen, sidan det ikkje er plass til alle på ein gong.

WJELC har bestemt at kyrkjene skal halde stengt ut mai også i område der unntakstilstanden er oppheva. Det betyr at vi framleis skal halde oss mest mogleg heime. Neste søndag skal eg preike i Izumo, men det blir sendt herifrå, og som etterpå blir lagt ut på YouTube. Samme kveld skal eg ha direktesending med internasjonal gudsteneste på Facebook, så veka som kjem, blir det mykje jobbing. Du som ber, hugs gjerne på meg.

Når eg skal starte med å ha samlingar heime hos meg igjen, veit eg ikkje enno. Eg håper eg etterkvart kan invitere mindre grupper. Enkelte vil ikkje bruke Zoom, og praten over tekoppen er også viktig. Og Bible Club-medlemmene saknar nok middagen.

Idag har eg forresten vore på storsamling! Det kristne studentlaget bruker kvar vår i mai å arrangere velkomstsamling for nye studentar. Då reiser dei gjerne eit stykke over fylkesgrensene for å treffast, men det var ikkje mulig denne gongen. Dermed så vart det samling framfor skjermen. Og der fekk vi plass til ganske mange! Ifrå universitetet her i Matsue var fem studentar med, og to ifrå andre høgskular i byen var også med. Fleire av desse har ikkje truffe kvarandre ansikt til ansikt enno.

51 studentar, derav 16 førsteårsstudentar og 10 andre som ikkje har vore med i KGK før, det lovar bra for det nye skuleåret! Finn du meg blant alle desse ungdommane, forresten?

Dette er studentar frå distriktet Chugoku og Shikoku i vest-Japan. I juni blir det arrangert "dagsleir" på samme måten som idag, og sommarleiren 18.-20. august blir også på nett. Det blir annleis, men kanskje også ei muligheit til å få med fleire enn dei som har tid og råd til å reise langt for å vere med på leir.

Som avslutning må eg få vise deg hagen min. For eit par veker sidan kjøpte eg nokre blomsterpotter og to tomatplanter. Det blomstar framleis fint på verandaen, og tomatplantene strekkjer seg nesten for kvar dag. Eg har sett i gong ein tippekonkurranse på Facebook om kor mange minitomatar eg kjem til å få, og hittil har femten personar gjetta frå 23 til 126 tomatar. Legg gjerne att ein kommentar under og bli med i konkurransen. Premien har eg ikkje bestemt enno.

 Når det ikkje regnar, er det fint å ha lunsjen ute på verandaen, men idag har det vore innevêr.

Bli også med ut på ein luftetur!

Med dette vil eg ønskje dykk alle ein god 17. mai, med eller utan snø!
Sjølv skal eg feire først ilag med Misjonssalen i Ålesund kl 9.00 norsk tid, og deretter med Skodje kyrkje på gudsteneste som blir lagt ut her kl 11.00: 17. mai-feiring på Skodje
Les førehandsomtale her: Skodje kyrkje
Når gudstenesta er ferdig, er det blitt kveld her, og då har eg meldt meg på eit online-arrangement som eg ikkje veit så mykje om endå. Får sjå kor lenge eg held ut.






Sunday, May 3, 2020

Ottosen & generalen og eg


Først må eg takke alle som har vore med og sponsa meg eller andre som sprang for misjonen 1. mai! Det gjekk over all forventning! Eg satsa først på 5.000 kroner, men heva det til 10.000 då eg såg det kom inn meir enn eg hadde rekna med. Pr. idag har det kome inn 14.000 kr ifrå 28 givarar. Tusen takk på vegne av NLM! Dersom du ikkje har fått støtta, eller har lyst å gi litt meir for innsatsen, er det mulig å betale inn fram til 2. juni. Her kan du også følgje med om beløpet stig etter kvart.
Inger sin spleis

 Jennifer var med som fotograf og sykla med meg og oppmuntra undervegs.

 Andre runde utan jakke rundt livet. Det vart varmt etter kvart, så den lille vassflaska eg hadde med, vart tom. Då var det godt å ha ei større flaske som venta under ein benk.


 Etter to rundar og ein liten pause var eg klar for ein trede runde i motsett retning, men no mest gåande. I løpet av turen vart eg intervjua på direkten av Ottosen og generalen. Det vart eit vindfullt innlegg. For å høyre kva dei sa, måtte eg legge øyret heilt inn til mobilen, og derfor vart ansiktet altfor stort.


I kommentarfeltet blir eg kalla friskusen frå Matsue...
I løpet av samtalen vart det ganske mykje "Goddag, mann - økseskaft!". Du kan sjå innslaget under direktesendinga her, omtrent etter 45 minutt og 7 sekund. Som de etterkvart vil oppdage, vart det meir snakk om vêr og vind enn om misjonsarbeidet. Klikk på lenkja under:

Eg snakkar med Ottosen og generalen
(ca. etter 45:07) Startar du litt før, kan du høyre Sverre Bøe fortelje om sin oppvekst i Japan og om korleis det var å kome tilbake til Japan som vaksen.

Her i Japan var det fleire enn meg som var med, og dei var også meir kreative. Det var Christoffer Nævdal som hadde oppfordra meg til å bli med. I Kobe sprang han rundt på taket på bibelskulebygget i kona sin kimono, og han hoppa også på trampoline!


På videosnutten nedanfor kan vi sjå korleis det er å springe i kimono.


På andre sida av tunet bur familien Tråsdahl, og dei har ein nydeleg hage framfor huset. Her kan de sjå dei i bibelsk habitt, med gjetarstav i handa. Fotograf for begge er Marius Bergersen.




Kvar var du då Ole Bjarne braut hyrdingstaven?

Kveldsshowet under direktesendinga har også glimt frå oss i Japan, der vi mellom anna ser Christoffer hoppe på trampolina i kimono.

Direktesending med glimt frå Japan
Startar frå 3:11:02

De kan også lese meir på bloggen til Tone og Ole Bjarne Tråsdahl.
Familien Tråsdahl sin blogg

Pr idag har Christoffer fått inn 11.350 kr og familien Tråsdahl 18.400 kr. Samanlagt har vi sprunge inn 43.750 kroner. Totalt for heile NLM nærmar vi oss ein million, med 919.055 kroner. Dette kan berre gå oppover!

Dette var gøy! Og eg var så heldig å kunne nyte naturen i eit nydeleg vêr. Vinden gjorde berre godt i 23-24 grader. Etter ein god dusj kunne eg sitje her og ete middag medan eg såg på Ottosen og Kåre Johan Lid på tredemølla og synest synd i dei som måtte springe og sveitte innandørs.

Og i morgon skal eg ha min vanlege måndagsjoggetur, i mitt eige tempo, utan fotograf.

Tuesday, April 28, 2020

Vil du sponse meg?


Eg har utfordra meg sjølv til å delta i det verdsvide misjonsløpet som blir organisert ifrå NLM i Oslo 1. mai. Biletet over er frå misjonsløpet under GF i 2018. Då sprang eg ilag med mange, men denne gongen blir eg springande åleine i byen. Det er kanskje best, også, sidan vi skal halde avstand. Eg håper å få med nokon som kan dokumentere at alt går rett føre seg.

På linken nedanfor kan du sjå kor langt eg har tenkt å springe og kva som må til for at eg skal ta to eller tre rundar. Ein runde er på omtrent 2,5 km. Klikk på lenkja under:

Inger spring for NLM

Her kan du lese meir om arrangementet:
Hele NLM løper!

Då er eg spent på kor mykje pengar som har kome inn før kl 12 japansk tid den 1. mai. Sidan eg la ut dette i går, har det allereie kome inn 1.700 kr.
Eg reknar med å byrje å springe i 15-tida (08.00 norsk tid).


Eg har prøvd å legge ut eit kart over terrenget, men det vart litt kronglete.


Dette er den vanlege joggeløypa mi, som blir utvida ein gong i veka. Det er ca 1,2 - 1.3 km på eine sida av elva, og like langt tilbake på andre sida. Det skulle vel bli 2,4 eller 2,5 km på ein runde.
Skal sjå om eg kan lage meg eit startnummer. Iallfall ein plakat som seier "The World for Christ" eller noko i den dur. På japansk og engelsk.

Uansett, dette blir pengar til misjonen, og ikkje til meg sjølv! Takk for di støtte!
 

Thursday, April 23, 2020

WFH (Work From Home) Å arbeide heimanfrå


Igår lærte eg noko nytt. Ein student frå Hongkong brukte forkortinga wfh, som eg ikkje forstod før han forklarte det. I HK starta dei "Work from home" allereie i februar. Han fortalde også at i Hongkong har "wfh" blitt ein vits: "Work from hill" fordi nokre bankmenn vart tekne i å gå på fjelltur istaden for å jobbe heime.
Japanarane kallar heimekontor for "Tele Work". (Tere wa-ku).
Eg arbeider heime, men tek meg ein luftetur kvar dag med godt samvit. Eg har meir enn nok å gjere sjølv om eg er "berre" heime.

Kvar dag kl 12 blir det vanlegvis spela musikk over høgtalarane som er plasserte rundt om i byen. Eg har ein høgtalar i parken rett utanfor, men når eg er inne, er det ikkje alltid eg høyrer musikken, eller kanskje eg er blitt så van med det at det går meg hus forbi. I alle år har det vore samme melodien, "Matsue-songen", som blir spela. Så de kan kanskje forstå at eg er blitt litt lei. Laurdag og søndag er det ei dame som syng, også, til samme melodien.
Vanlegvis er eg ikkje heime kl 12 på ein søndag, men denne søndagen var også innedag. Gudstenesta i Izumo som eg følgde på YouTube, var allereie ferdig. Klokka var tolv, men istaden for song og musikk var det ei kunngjering. Desse høgtalarane er der for å informere om eventuelle krisesituasjonar, som t.d. tsunami eller om det skjer noko ved atomkraftverket. På grunn av eit veldig ekko mellom husa fekk eg ikkje med meg kva som vart sagt, men andre fortalde meg på Facebook at det var ordføraren i Matsue som oppmoda oss om ikkje å gå ut unødvendig, og om å vaske hendene.
Ein dag seinare i veka gjekk eg ut for å få med meg kva han eigentleg sa, for han gjentek det (i opptak) kvar dag klokka tolv, kvardag som helg. Her kan du høyre sjølv:


"God dag! Dette er ordføraren i Matsue. La oss ikkje gå utandørs utan at det er nødvendig, og la oss vaske hendene!"

 Som sagt held eg meg mest inne. Eg prøver å gå på butikken berre éin gong i veka. Det er uvant, sidan eg er nabo til butikken og er van til å gå dit fleire gonger i veka når det er noko eg manglar.

Så kva gjer eg på heime, då? 
I løpet av ei veke har eg mange bibelstudie over nett, både med enkeltpersonar og grupper. Denne tirsdagen prøvde eg også å få engelskelevane i Nima til å prøve seg på Zoom, men dessverre var det berre éi som klarte å finne utav det denne gongen.
Dagen etter legg ho ut bilete på Facebook.

Foto: M.M.

 Ho har også skrive rapport på engelsk. Då eg spurde om lov til å dele rapporten på bloggen min, vart ho veldig glad. Her er rapporten, utan at læraren har retta på noko, bortsett frå å ta bort namnet hennar:

A report of On Line English class
I was the only one in it, when I tied up to the teacher.
She waited other members.
Three members couldn't tie up On Line easily.
We waited them for a while.
I prayed that someone coming.
But at last they gave up to do it.
I prayed that the teacher cancels today's class.
Oh,however, she said with a smile.
"Now, M-san. Let's start today's lesson. Are you ready?"
I had made up and said.
"Oh, yes. What will you teaching me today?"
She has prepared a lot of things as usual.
That' was very hard for me!
But I think she got tired more than me.
Because teaching is difficult more than learning.
I'm very grateful to her.


Først bad ho om at dei andre kunne klare å logge seg på. Men då det viste seg at dei ikkje klarte det, bad ho om at timen måtte bli avlyst, skriv ho. Det visste eg ikkje før etterpå. Men eg trur ho var fornøgd med å få privatundervisning. Ho er veldig opptatt av historia om Narnia av C.S. Lewis. Det var også tema for heimelekse eg hadde gitt dei i løpet av påskeveka, og tirsdagskvelden tok vi ei oppsummering rundt hendingane i påska, der løva Aslan, som gir livet sitt og blir levande att, er eit bilete på Jesus som døydde på korset for syndene våre og stod opp igjen frå dei døde.

Denne veka har eg også hatt ein-til-ein-bibelstudie med tre andre over internett. To av dei har gitt meg lov til å dele bilete og fortelje litt.



Sidan skule og barnehage er stengde no pga korona, er det fleire som har meir tid enn vanleg. Dette er også ei spesiell muligheit til å nå vanlegvis travle japanarar. Her er ei ung mor som er blitt ivrig til å lese i Bibelen, og ho vil gjerne lese ilag med meg to gonger i veka. I bakgrunnen leikar treåringen for seg sjølv. Idag song ho oppatt og oppatt om hjula på bussen som går rundt og rundt og rundt.


Denne unge jenta ønskjer også å lære meir. Vi går gjennom eit kurs på japansk og engelsk som heiter "First Step". Idag snakka vi om kva Jesu død betyr. Her viser eg henne "kristendom i eit nøtteskal" - Jesus på korset. Neste veke blir det ein time om Jesu oppstode. 

Igår starta vi også oppatt den kristne studentlagsgruppa KGK, der vi ønska velkommen ein ny student og ein ny lagsarbeidar. Studentane sjølve leier bibelstudiet. 

Sidan universitetet ikkje har starta opp igjen enno, er nokre studentar framleis heime hos foreldra. Her har vi samla folk i Matsue, Izumo, Okayama og Hiroshima. Neste veke reknar vi med å få med iallfall to til.


Dette er litt av det eg styrer med om dagane. Be gjerne for desse eg les Bibelen med, at Den Heilage Ande får opne augene deira så dei ser kven Jesus er og at dei får mot til å ta imot han som Frelsar og Herre. Be også om at fleire av damene i Nima finn ut korleis dei kan bli med i Zoom-gruppa.

I kveld har vi også hatt misjonærbønnemøte. Det er første gong eg har vore med på bønnemøte i Kobe ifrå stova mi i Matsue. Vi var til saman 15 personar i kveld, både frå NLM/FLOM/SIK og den andre finske misjonen FLM.
Søndag morgon skal eg ha andakt på søndagsskulen, også heimanfrå gjennom Zoom, og det skal sendast direkte på YouTube ifrå Izumo kyrkje. Innimellom bibelstudia øvde vi på det tekniske til søndagsskulen, så eg håper det går bra. Då står det berre att å førebu andakta... Og så tenkte eg at dette er ein sjanse til å få fleire barn til å "komme" på søndagsskulen, så eg skal prøve å fortelje foreldra kvar dei kan finne videokanalen.
Som de forstår, har eg kontakt med mange sjølv om eg er heime. Derimot naboane som flytta inn vegg i vegg på palmesøndag, har eg enno ikkje sett.

Monday, April 13, 2020

"Og heimen han er mi kyrkje"

Påska vart ikkje slik vi hadde tenkt i år. Men det er mykje som er mulig berre ein har hjelpemiddel nok. Laurdag kveld vart musikkrommet/gjesterommet mitt omgjort til studio. Med projektor lånt frå kyrkja hadde eg det meste eg trengde. Bortsett frå ein person til å trykkje på fjernkontrollen til PC-en.

Eg har nettopp sett eit møte som var sendt på nettet frå Region Nordvest, der eg også hadde eit misjonsinnslag. Det var tatt opp 26. mars. Den dagen var det for første gong meldt om talet på koronasmitta i Tokyo, og talet var 41 personar. Pr idag, 13. april, er talet for Tokyo kome opp i 2158 personar, og i heile landet 7614. Legg vi til talet på smitta på eit cruiseskip som låg i hamn i Yokohama, er vi oppe i 8326.  Talet på døde i Japan totalt er pr idag 149.

Tirsdag 7. april vart det kunngjort unntakstilstand for sju fylke. Shimane, der eg bur, var ikkje blant dei sju. Då hadde vi ingen kjende smittetilfelle. Likevel vart det innkalla til ekstraordinært menighetsrådsmøte i Arashima onsdag 8. april, der konklusjonen var at vi skulle ha påskegudsteneste, men at det fram til starten av mai blir avlyst all aktivitet i kyrkja, og eg ikkje skal vere med i andre kyrkjer, heller, i løpet av den tida.
 Etter møtet plukka vi vekk omtrent annankvar stol og ordna klar kyrkjesalen til gudstenesta. Avstand er viktig, men det er ikkje så lett i eit såpass lite rom.

Skjærtorsdag kveld 9. april vart den første koronasmitta meldt i Matsue. Ei 18-år gammal jente var blitt smitta. Då fekk eg telefon frå kyrkja om at påskegudstenesta også vart avlyst. Laurdag kveld var talet oppe i 6 personar, og 8 smitta i Matsue pr idag. Tottori fylke har også fått sin første, så no er både Shimane og Tottori inne i den gule sona. (Matsue med grøn pil)
Og ganske snart er truleg Shimane over i den oransje sona (10 personar eller meir).

Evangelist Megumi og eg hadde også planlagt å sende den internasjonale gudstenesta over internett, og gjere det i Arashima kyrkje etter den første gudstenesta. Men det fekk vi heller ikkje lov til, sjølv om vi ville vere berre to i kyrkja. Så då bestemte eg meg for å prøve åleine, med litt fjernhjelp frå Megumi til tekstlesinga.

Men kva skulle eg då gjere med påskedagspreika eg hadde brukt mykje tid på å skrive? Eg sende manuset til Megumi, som printa det ut og kopierte opp til medlemmene. Deretter køyrde ho rundt og putta det i postkassene deira. I tillegg bestemte eg meg for å tale LIVE på Facebook, noko eg aldri i livet har gjort før. Eg har aldri vore så nervøs før ei preike før, sjølv om eg ikkje kunne sjå tilhøyrarane.

Når eg først hadde rigga meg til med projektor, kunne eg også sjå andre gudsteneste på veggen. Etter å ha sendt mi eiga preike på lufta, kunne eg setje meg ned og ta imot. Eg valde gudstenesta i Yonago.


Etter ein del øving og ein rask lunsj, var eg klar for innspeling av neste gudsteneste.

Her kan du sjå og høyre den internasjonale gudstenesta
Dei som deltok:
Møteleiar: Inger
Pianist: Inger
Forsongar: Inger
Vitnemål: Laura
Påskehelsing: Familien Hotta
Tekstlesing: Inger og Megumi
Talar: Inger
Teknikar: Inger

Eg er spent på kor mange fleire vi har nådd på denne måten enn om vi hadde samlast i kyrkja. Internett gir mange muligheiter. Det har vel aldri vore sendt så mange møte og gudsteneste verken i Japan eller Norge som denne påska. Problemet er ofte å velje. Eg har prøvd å få med meg ein del, men eg rekk ikkje alt eg har lyst å sjå. Og det finst kanskje grenser for kva vi kan ta imot og fordøye, også. Det har også vore viktig for meg denne påska å få formidle noko, og ikkje berre ta imot.

Men når oppgåvene er gjennomførte, er det godt å setje seg ned og sjå noko norsk. Og gjerne med folk som eg kjenner. Denne søndagskvelden var det gudstenesta frå Skodje kyrkje. Og eg var med på salmane! Men eg var glad eg slapp å vere med på kyrkjebakken etterpå. Her var det forresten samme slags vêr, så det har vore greitt å vere innandørs desse to påskedagane.
Her er nokre skjermdumpar frå gudstenesta i og ved Skodje kyrkje. Prest er Per Inge Vik.

 Som eg skreiv i forrige blogginnlegg, har vi allereie tatt i bruk Zoom på Bible Club. Men der er det Carmella som styrer det, så eg har ikkje prøvd det ut sjølv før i dag. No har eg fått litt meir tru på at eg klarer det, så eg vil truleg prøve å ta i bruk Zoom både for grupper og kanskje også privatpersonar som eg les Bibelen ilag med. Alt er tryggare enn å treffast. Sjølv om kyrkja ikkje har sett forbod mot å ta imot besøk, trur eg det kan vere lurt å finne andre måtar å møtast på.

"Eg har ei tenesta stor for Gud, 
frå dag til dag i det stille."

Slik syng Matias Orheim. Ja, det kan bli nokre stille dagar og veker framover. De har vel de i Norge lang erfaring med allereie.

"Så er mi tenesta stor for Gud
og heimen han er mi kyrkje."