Det er midt på sommaren, men planlegginga av den felles julekonserten starta for fleire månader sidan.
I år prøver vi også noko nytt -for å få med barn og unge familiar. Eg har lenge hatt ein draum om å starte barnekor, men det er ikkje lett når vi ikkje har barn som kjem i kyrkja. Kona til pinsepastoren har også samme draum, så no gjer vi iallfall eit forsøk. "Angels' Voice" - englerøyst - kan vel passe når vi skal synge om at Jesus er født. Vi inviterer til familiekor. Små barn må uansett ha med seg foreldre, så kvifor ikkje inkludere dei?
I Matsue er det fire kyrkjer som har barnehage. I går var eg rundt og leverte innbyding til barnehagane. Så no blir det spennande å sjå om vi får noko napp. På søndag talte eg om Peter som våga seg ut på djupet og kasta garnet igjen på høglys dag, fordi Jesus hadde sagt det. Dersom vi ikkje kastar ut garnet, får vi garantert ikkje fisk. Men det er sjanse for å få fangst dersom vi prøver.
To mødre frå babysong har allereie uttrykt si interesse. For babyane blir store etterkvart, og storesøstra til ein av gutane som kjem fast, har byrja i barnehagen, og ho vil gjerne treffe meg igjen, seier mora.
Her er nokre glimt frå babysong. Sjølv om det ikkje er mange, så er det kjekt med dei som kjem gong etter gong. Ei av mødrene køyrer minst ein halvtime for å komme hit.
Å blåse bobler er alltid kjekt! Og ofte ser dei også noko spennande gjennom vindauget.
No nærmar det seg Norgesferie for meg. Eg har allereie brukt ein del av ferien ilag med venner som var på besøk, men eg får omlag ein månad i Norge. 21. juli reiser eg herifrå, og kjem til Sjøholt 22. juli kveld. Bortsett frå ein veninnetur i slutten av juli og sommarmøtet for Lærernes Misjonsforbund 6. -9. august har eg ingen store planar, så ta gjerne kontakt dersom du vil ha besøk eller om du reiser gjennom Sjøholt.
Men først er det bibelklasse, Bible Club og Internasjonal gudsteneste som skal gjennomførast.

No comments:
Post a Comment