Thursday, May 1, 2025

Blomstring, besøk og bibelklubb

Det er blitt mai, og det blomstrar overalt! Hekkar av azalea i rosa, kvitt eller mørk rosa lyser opp både langs vegane og i hagane. Dette biletet er tatt framfor universitetet. 


Fredag:
Sist veke hadde eg besøk frå Kongstun friskule på Ålgård. To gutar i 8. klasse og læraren deira fekk vere med både på Bible Club, på sightseeing og ungdomsskulesamling før dei reiste vidare til Yonago.
Eg fekk til og med hjelp til middagslaginga!
Sjølv om aldersforskjellen var stor, fekk dei kontakt. Desse to japanske gutane var også på Bible Club for første gong.
Samtale rundt middagsbordet.

Laurdag:
 
Laurdag hadde vi fint vêr og fekk omvisning på øya Daikonshima, som er kjent for peonar. Det blir også dyrka rapsblomster.
Piknik
Gutane måtte få leike seg litt.
Peonar finst i mange fargar og former.
Alt det gule er rapsblomster. Dette kan det bli mykje rapsolje av!

 
Laurdag kveld hadde vi samling i Arashima kyrkje. Her fekk gutane bli kjende med to japanske ungdomsskuleelevar. Desse to er søsken. Dei har kristen mor og mormor. Eg håper å få starte bibelstudie med dei.

 
Eg starta overskrifta med tre ord på B: Blomstring, besøk og bibelklubb. Men eg har også eitt ord til: Bekymring. Dette biletet får stå som illustrasjon på ei jente som eg er bekymra for. Kva seier du til eit menneske som ikkje har lyst til å leve lenger? Eg prøver å støtte, oppmuntre og formidle håp. Vise at eg er der når ho har bruk for hjelp. Bruker tid i lag med henne. Chattar på Facebook. Fortvilt når eg ikkje får kontakt eller respons. Vil du vere med og be? Tenk om dette kunne få henne til å sjå at ho har bruk for Jesus, som kan gi henne håp både for dagen og framtida!
Takk for at du også ber for meg! Denne månaden er ei spesiell tid for meg, sidan eg mista ein god venn 23. mai i fjor. No er eg her, og prøver å hjelpe andre.

No comments:

Post a Comment