Thursday, May 15, 2025

Å gå ut med søpla kan skape kontakt


 Denne veka er veldig roleg. Bortsett frå eit digitalt misjonærmøte og ei altfor varm badmintontrening, har eg omtrent ikkje sett eller snakka med folk på tre dagar. Dette er den eine veka i månaden eg ikkje har engelskklasser eller andre møte frå tirsdag til torsdag. Så i dag har eg hatt god tid til å førebu neste preike, som ikkje er før den 25. 


I dag tok eg med lunsjen ut i ein park, så eg iallfall kunne sjå noko anna enn veggane, og kanskje treffe folk, også. Eg traff faktisk ei kinesisk jente som har kome litt på Bible Club og som også har vore med til kyrkje, men ho hadde det travelt og måtte tilbake til studiane.

Eg har tenkt ein del på kva eg kan gjere for å få kontakt med folk i blokka her eg bur. Då eg flytta inn, gjekk eg til to naboar og presenterte meg. Vegg i vegg bur eit ungt par som fekk ein baby i januar, og over meg helste eg på ein mann som sa han budde åleine. Familien budde i ein annan by, etter det eg forstod. 

Ein søndagskveld i april var eg ut med søpla, som blir henta måndags morgon. Akkurat då kom denne mannen ilag med ei ung jente. "Dette er dotter mi, " sa han. "Vil du lære henne engelsk?" Dottera hadde nettopp starta ved universitetet og var altså komen for å bu med faren. Eg fortalde om Bible Club, og ho verka interessert. Nokre dagar etterpå putta eg ein invitasjon i postkassa, men høyrde ingenting meir. Det skal noko mot til å møte opp når ho ikkje kjenner nokon andre der.

Sist søndag kom eg tidleg heim frå kyrkja. Eg hadde preika, men hadde ingen oppgåver etterpå. Ein heil ettermiddag og kveld åleine på ein søndag kjennest litt meiningslaust ut. I Norge hadde eg vanlegvis nokon eg kunne invitere på besøk eller gå tur ilag med. Men kven skulle eg invitere her? Naboane med baby er visst sjeldan heime. Eg har invitert til babysong kvar månad, men ikkje fått respons. Kanskje eg skal stikke opp i 2. etasje og invitere studenten og faren? Eg rekna ikkje med dei var heime på ein søndag ettermiddag, men eg tok sjansen. 

Då eg kom opp trappa, var jenta akkurat på veg ut. Ho sa at faren var gått ned, - han skulle ut med søpla. Vi gjekk ned trappa, og der stod faren. Eg spurde om dei ville komme på besøk ein dag. Eg rekna med det kom litt for brått på no når dei var på veg ut, men på laurdag ettermiddag vil dei komme. Så då har eg nokon å feire 17. mai ilag med! Ei anledning til å snakke litt om Norge, og kanskje om kvifor eg er i Japan.

I kveld har eg funne fram 17. mai-bilete frå 2021-24, dei åra eg var i Norge, og laga ein powerpoint med 17.mai-tog, norske flagg, grøn bjørk, nyfødde lam, fleire bilete av kyrkja og av blomster frå hagen der eg budde. 

Eg burde kanskje gå oftare ut med søpla!


Neste veke er det babysong igjen. Desse bileta er frå april. Verdas største såpeboble?


Både små og store ser ut til å like kaker. Og dei har lært "Kven har skapt alle blomane" på japansk. Og så lærer dei å synge eit enkelt bordvers, der vi takkar Jesus for maten. Det lærer dei nok ingen annan plass. Dei fleste har enno ikkje vore i kyrkja. Eg håper å få ei anledning til å invitere dei dit, også.


Om eg ikkje klarer å samle så mange i gongen, prøver eg å sjå enkeltmenneske. Takk til deg som ber for meg og dei eg har kontakt med. Be gjerne om fleire naturlege møtepunkt med folk i blokka her, slik at fleire får vite kvifor eg er her, og kanskje bli nysgjerrige på meir enn engelsk. For det er ikkje for å lære dei engelsk eg er her, eigentleg.



3 comments:

  1. Takk for et fint innblikk i hverdagen og tjenesten din! Husker på deg og bønneemnene du gir oss!

    ReplyDelete