Friday, September 11, 2020

Plutseleg kom hausten

 Sommaren har vart lenge i år. Sjølv om det er blitt september, har det lenge vore temperaturar på godt over 30 grader om dagen, og kanskje ned i 25 om natta. Men idag har det visst ikkje vore meir enn 22-23 grader, og med eit skikkeleg haustregn. Eg tok ein tur ut med lange støvlar, regnklede og paraply i ettermiddag. Denne frukta heiter kaki, eller persimmon. Det er nok ei stund til dei blir gule og mogne. Det fekk meg til å tenkje på at vi har mykje umogen frukt i dei forskjellige bibelgruppene, og mogningsprosessen kan ta tid. Nokre er kanskje snart klare til å bli "hausta inn", også.

I kveld er det David som skal leie Bible Club, så derfor har eg litt ekstra tid på ein fredag ettermiddag. Når vi har det online, går det greitt at han og Caroline sit i Yonago, medan dei fleste andre er i Matsue. Gjennom Bible Club når vi mange ikkje-kristne som vil bruke engelsk og lese Bibelen.

Dei kristne studentane har sitt eige bibelstudium på japansk, som også er online. For eit par veker sidan fekk nokre av lagsmedlemmene treffe kvarandre fysisk for første gong, etter å ha møttest online omtrent kvar veke sidan april. Den fjerde som er med i gruppa, bur langt unna, så ho får vi foreløpig berre møte på nettet. Neste søndag skal ho forresten ha vitnemål på den digitale internasjonale gudstenesta.

To av jentene i det kristne studentlaget er medlemmer av Izumo kyrkje, og den tredje kjem frå Tottori, men studerer i Matsue no. Ho ville gjerne treffe dei to lagsveninnene ho berre hadde sett på dataskjermen. Og her er dei!

På dataskjermen kan vi sjå heile ansikta deira, men i kyrkja må dei bruke munnbind. Desse jentene tek ansvar og leier bibelstudiet på omgang. Slik veks dei også som kristne. Mognande frukt! Som ein parantes kan eg nemne at eg vart kjend med foreldra til jenta til høgre då eg arbeidde i Tottori for omtrent 25 år sidan. Det var før dei var gifte. Og eg var også i bryllupet deira. Det seier litt om kor lenge eg har vore i Japan, og at eg har byrja å bli litt gammal...

Denne dagen hadde eg også med ei anna jente som er student i Matsue. Ho er veldig glad i musikk, og draumen hennar er å spele på eit kyrkjeorgel i ei kyrkje i Europa. Eg har invitert henne til Norge neste sommar.

Etter gudstenesta koste ho seg med å øve og gjere opptak. Det var første gong ho spela på eit slikt orgel. Ei utruleg dyktig jente!

Søndagen etterpå var eg i Arashima kyrkje og preika, og då kom ein ung mann som har vore med i Bible Club ei stund. No har eg fortalt alle at eg skal reise til Norge i desember, så han ville gjerne treffe meg før eg reiser. Eg inviterte han på lunsj ilag med to andre som var med meg på gudstenesta.

Eg prøver å plassere gjestane så langt frå kvarandre som mulig, samtidig som vi ikkje kan bruke munnbind når vi et. Handvask og antibac høyrer sjølvsagt med, også. Det er snart gått ein månad sidan hittil siste koronasmitte i Matsue. Universitetet skal visstnok starte med klasseundervisning når nytt semester startar i oktober, så det spørst korleis det går når studentar kjem tilbake frå andre plassar i landet. 

No har eg nettopp gjort avtale med ei ung jente som vil kome til kyrkje på søndag for første gong. Ho er med både i bibelklassa eg har heime på fredagsmorgonen, og på online Bible Club om kvelden. Mognande frukt?

Fikentre i nabolaget

Innimellom finn eg tid til å kose meg med noko godt. Kanskje litt for ofte. Men idag klarte eg faktisk å gå på butikken utan å kjenne draget mot isdisken! (Eg har litt igjen i frysaren...) I går var eg på kafé ilag med ei veninne. Sist vi var der, var i mars på gjebursdagen min. I går var det ingenting spesielt å feire. Jau, kanskje? Eg kunne feire at eg framleis hadde tre månader igjen i Japan.

Samtidig kunne eg feire at om tre månader reiser eg til Norge. Og idag, 11. september, er det nøyaktig tre månader til eg etter planen landar på Vigra. Også på ein fredag. Eg har fått forandra billetten min slik at eg skal kunne bli ferdig med karantene før jul. Det ville vere trist om eg ikkje fekk gå i kyrkja i jula. Den ferieveka eg tenkte å ta i november, blir karanteneveke istaden.

No er det blitt kveld, og Bible Club er avslutta. Her kan de sjå oss som var med i dag.


Då ønskjer eg dykk alle ei god helg!

1 comment:

  1. Alltid hyggeleg å lesa det du skriv. Lykke til med heimreisa.

    ReplyDelete