Sunday, December 1, 2019

Med norske tenåringar i huset

Foto: Y.K
Det har gått nesten ei veke sidan dei reiste, og dei er for lengst tilbake på skulane dei representerte. Frå torsdag til måndag hadde eg besøk av to tredjeklassingar frå Vestborg vidaregåande skule, og to førsteklassingar frå Tryggheim Forus vidaregåande skule. Begge skulane har Japan som prosjekt dette skuleåret. Stedlig representant for NLM Japan, Eivind Jåtun, var også med.

Han fekk plass på eit hotell i byen, men dei fire norske ungdommane fekk soveplass hos meg. Dei som kjenner japanske leiligheiter, veit at det er ikkje stor plass for gjestar, men vi utnytta plassen godt. Det var plass til tre madrasser på jenterommet, men det var ikkje så mykje meir plass, heller. Guten hadde det nok litt romslegare på "musikkrommet", der han låg omringa av eit piano, ein gitar og ei japansk harpe.

På biletet over er dei på internasjonal gudsteneste, der dei også traff nokre japanske ungdommar. Her er nokre glimt frå kva dei var med på:

Ingen kan reise heim frå Japan utan å ha prøvd sushi og andre delikatesser!

- Den første var best, for den smakte ingenting, konkluderte han.

Bible Club med norsk jegergryte, kjøpt med ifrå Stranda. Og heimelaga potetstappe! Godt å få hjelp med middagslaginga.

Laurdag var vi invitert med på festival på ein jordbruksskule.

Varme kjelder var også ei førstegongsoppleving. Nokre syntest det vart for varmt...

Laurdag kveld køyrde eg dei til eit gjestehus, der dei fekk bli kjent med japanarar utan mi tolkehjelp. Dei overnatta der, og då fekk eg også litt tid for meg sjølv å førebu søndagen.

Søndag føremiddag var vi først i Izumo kyrkje, som foreldra til Eivind starta opp tidleg på 70-talet. 

Om kvelden deltok dei på den internasjonale gudstenesta i Matsue. 

Her presenterer dei seg sjølve og skulane dei går på og fortel korleis dei vil samle inn pengar til misjon i Japan. Eivind talte, og to av ungdommane hjelpte til som forsongar og tekstlesar.

Den internasjonale gudstenesta kan du høyre her.

Og her er forsamlinga denne kvelden:

Foto: S.M.


Som tidlegare lærar og internatleiar på Vestborg, var det spesielt artig å ha besøk derifrå. Og her hadde eg ikkje problem med å få dei i seng. Eg trur nesten eg køyrde dei i senk, for dei gjekk og la seg før meg. Det var annleis enn å ha helgetilsyn på Vestborg!

I januar skal Vestborg-russen på turné, og då må de ta godt imot dei og møte opp der dei skal ha møte! Dei har sikkert mykje å formidle frå Japan. Takk til alle som er med! Ungdommar som er engasjerte for misjon, lovar også bra for framtida.


Foto: M.N.

Idag er det første søndag i advent, og eg har skifta liturgisk farge. Til og med juletreet i Arashima er kledd i fiolett. To studentar, ei frå Kenya og ei frå Myanmar, er ofte med på gudsteneste.

I ettermiddag har vi hatt generalprøve til julekonserten komande laurdag. Det gjekk litt betre enn sist, men det skal visst litt til for at eg blir 100% fornøgd. Det viktigaste er no at vi får fram bodskapen, men det hadde no vore kjekt om det også kling bra! Eg er takksam for forbøn!

Det nærmar seg allereie neste internasjonale gudsteneste, som er julefest den 15. desember. Ei av medlemmene i Arashima har tilbode seg å lage kake til oss, så då ordnar det seg likevel! :)
Og så får eg besøk av norske ungdommar igjen. I Kobe har vi eit team på fire studentar frå Bibelskulen i Grimstad (BiG), og to av dei vil ta ein tur den helga. Dei andre to kjem truleg ei helg i januar.

Då vil eg ønskje dykk alle ei god adventstid! Ikkje tjuvstart på jula, då!
 



No comments:

Post a Comment