På grunn av kraftig regn som følgje av tyfonen som herjar i dag, vart den internasjonale kveldsgudstenesta avlyst. Dermed fekk eg ein ekstra frikveld og tid til å oppdatere bloggen.
Biletet ovanfor er frå fredagskvelden, og det var slett ingen frikveld. Sidan universitetet har hatt ferie i august og september, har det vore få på Bible Club. I morgon 1. oktober startar neste semester, så fleire var komne tilbake før helga. På fredag var vi 14 til bords heime hos meg, og på bibelstudiet på det internasjonale senteret var vi 18 personar.
Til middag denne gongen laga eg "fårikål" utan får, men med kylling. Smaken vart ikkje heilt den samme, men dei sa det var godt, og tømde nesten gryta. Det var heller ikkje mange poteter att å lage potetkaker av dagen etter.
Ungdommane samlar seg på golvet rundt borda og er klare for bibelstudium.
Foto: Haruka Sasaki |
Denne kvelden er teksten frå Joh. 14. Jesus seier: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg." (v.6)
Ei kristen jente har fått med seg ei ikkje-kristen veninne som er interessert i Bibelen. I gruppesamtalen var eg leiar for desse to.
Idag har eg vore i tre kyrkjer. Planen var fire, men den fjerde vart altså avlyst.
I føremiddag talte eg i Yonago. Der er det alltid frisk sang og musikk, og kjende tonar for mange i Norge.
Dessverre var det for liten lagringsplass på mobilen, så eg fekk ikkje med refrenget.
Teksten idag var frå Mark. 9, 30-37, og eg talte over temaet "Kven er den største?"
Eg tenkte faktisk ikkje på det før akkurat no, men dette biletet illustrerer vel godt det Jesus lærer oss:
Så kom dei til Kapernaum. Og då han vel var heime, spurde han dei: «Kva var det de snakka om på vegen?» Dei tagde, for på vegen hadde dei vore usamde om kven som var den største. Då
sette han seg, kalla til seg dei tolv og sa til dei: «Om nokon vil vera
den første, må han vera den siste av alle og tenar for alle.» Så tok han eit lite barn og sette det midt imellom dei. Han la armen om barnet og sa til dei: «Den
som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg. Og den som
tek imot meg, tek ikkje imot meg, men han som har sendt meg.»
Etter gudstenesta stoppa eg i Arashima på veg heimover. Der hadde dei også hatt gjestetalar. Radiopastor Ariki, som vart forhindra frå å kome i juli på grunn av ein tyfon, var i staden komen denne søndagen, med ein annan tyfon. Eg håper han kom seg trygt heimatt til Kobe.
I Arashima kyrkje fekk eg meg restar ifrå lunsjen, og i løpet av menighetsrådsmøtet fekk eg sendt meldingar for å avlyse kveldsgudstenesta. Vanlegvis følgjer eg betre med, altså, sjølv om eg er berre observatør.
Før den tredje kyrkja hadde eg vel ein halvtime heime med litt te og sjokolade. Så var det ut på korøving med "julekoret", som eg skreiv om i forrige blogginnlegg. Eg var faktisk overraska over kor mange som hadde møtt fram trass i det ufyselege vêret. Og denne gongen var eg ikkje åleine lutheranar, heller. To ifrå Arashima kyrkje vart med, så no er vi iallfall tre!
Øvingane er i pinsekyrkja, samme kyrkje der vi hadde fellesmøtet tidlegare i september. Vi er to dirigentar, og etterkvart skal nye få prøve seg, også. Misjonæren blir ikkje her for all framtid, så
litt av målet skal vel vere å gjere seg sjølv overflødig.
Det var faktisk ganske godt å kunne køyre heim og ha resten av kvelden åleine. Planen var å køyre rett frå denne kyrkja til den lutherske kyrkja for å øve ein times tid før den internasjonale kveldsgudstenesta. Det er alltid dumt å avlyse, særleg fordi ein ikkje-kristen familie hadde sagt dei ville kome, og neste gong, 21. oktober, kan dei ikkje. Men litt fordelar er det også. Ikkje berre at eg kunne slappe av i kveld, men også at førebuinga til neste gudsteneste vil vere ganske enkel: Preika og powerpointen er allereie ferdig. Så då kan eg bruke tida mi på andre ting. :)
Ha ei fin veke, du, også!