Sunday, July 16, 2017

- Legg ut på djupet!


 

- Når reiser du?
- Å, skal du ut igjen??!

Dette er visst dei to vanlegaste spørsmåla eg får for tida. Kanskje i motsett rekkefølgje, men det er ofte forskjellige personar som spør på to forskjellige måtar. Den første kategorien er dei som reknar med at ein gong misjonær = alltid misjonær, og at det er naturleg å halde fram i arbeidet. Den andre kategorien er dei som tenkte at då eg kom heim frå Japan i fjor, var det for å slå meg til her, så dei blir litt overraska over at eg igjen pakkar og førebur meg til ny utreise.

Svaret på første spørsmålet er "28. august". Svaret på det neste er "Ja, kvifor ikkje?"

Preiketeksten på dagen idag ga meg igjen eit spark i riktig retning, trur eg. På veggen i leiligheita mi har eg tre bibelvers i japansk kaligrafi. Det i midten er frå Luk. 5, der Jesus seier til Peter: "Legg ut på djupet (og set garna)". Eg synest det er tryggast å vere inn med land, og eg har hatt eit godt år her i Norge. Likevel opplever eg utfordringa frå Jesus om å våge meg ut på djupare vatn igjen. Men det kjennest ikkje alltid så lett å bryte opp.

Igår las eg eit styrereferat som har ligge i innboksen min i omlag ein månad. I opningsorda brukte leiaren akkurat samme teksten og liknande tankar som eg har hatt. Og så vaknar eg til søndagsmorgon og ser på tekstane for dagen, og den er også om Peters fiskefangst, og om Abraham som vart kalla til oppbrot. Slik også denne songen av Liv Nordhaug handlar om:

Har du hørt om Abraham som levde trygt og godt
hos slekten sin og hadde det så bra?
Men fra sin Gud i himmelen beskjed han hadde fått
at ut til ukjent mål han skulle dra.
Og Abraham brøt lydig opp og tok sin Gud på ordet.
Og mange ble velsignet ved det oppbrudd som han gjorde.


Har du hørt om fiskerne som levde ved sin strand?
Så underlig var ordren som de fikk.
For Jesus kom og kalte dem til tjeneste for Ham
og ba dem om å følge der Han gikk.
Og fiskerne forlot sin båt og sine trygge strender.
Og Mesteren velsignet deres tid og deres hender.
 

Har du hørt at kallet til et oppbrudd gjelder deg
fra alle ting som holder deg igjen?
Og du er også kalt til å gå lydighetens vei
kan hende fra din eiendom og venn.
Du kalles til det rikeste, det største og det beste,
det nye liv i tjeneste for Kristus og din neste.


Leir på Solhøgda i juni

Her er noko av det eg skal vere med på resten av sommaren:

19. juli kl 20.00 Bibeltime, Brattvåg bedehus
20. - 24. juli: LMF (Lærernes Misjonsforbund) sitt nordiske sommarmøte på Gjennestad, Stokke
31. juli - 9. august: Utreisekurs på Fjellhaug, Oslo
20. august kl.11.00: G11 på Skodje bedehus
20. august kl 17.00: Utreisefest på Sjøholt bedehus
21. august kl 19.00: Misjonsforeining, Gamlem
24. august: Misjonsmøte, Hundeidvik
27. august kl 11.00 og 14.00: Misjonssalen Ålesund, misjonsmøte og avskjed
28. august kl 06.30 avreise frå Vigra, via Amsterdam
29. august kl 08.35 ankomst Osaka
30. august - tilbake til Matsue

Slik er iallfall planen no.
Og innimellom desse datoane har eg ferie og litt pakking. Håper at folk vil stikke innom i Bregnevegen eller på Valbøen før eg reiser, og at eg ser mange av dykk på ei av dei samlingane som eg skal vere med på.

 Her er eit par glimt ifrå Valbøen i dag.

I går fekk kvigene sleppe ut frå fjøset!

Innimellom møte og leirar har eg også fått vere litt turist.
Her helser eg på ein sau i Innerdalen 
Innerdalstårnet har eg ikkje vore på endå, nei.

I føremiddag var eg på gudsteneste i Skodje kyrkje. Det var flott å vere i ei fullsett kyrkje. Fem personar vart døypte; fire babyar, og ein vaksen mann frå Syria. Det er første gong eg har vore med på vaksendåp i Norge. Det var også flott å sjå korleis han vart ikledd den kvite dåpskappa rett etter at han var blitt døypt. Ein av våre nye landsmenn har blitt ein del av Kristi lekam.

"Å lese ei fengslande bok betyr ikkje at vi blir sett i fengsel.
Å fange menneske betyr heller ikkje å stengje folk inne."

Slik innleia Per Inge Vik preika idag over Luk. 5, 1-11, der Jesus kallar Peter til å fange menneske.
I staden for "å fange" brukte presten verbet "å samle" menneske. Det er det Jesus kallar oss til. Invitere og samle dei inn i Guds rike.
Det var også godt å ta med seg det siste Jesus sa til Simon i dagens tekst:
«Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.»

På Godøyfjellet ein fin sommardag


 Sist søndag var eg på besøk i Kjørsvikbugen i Aure. Der traff vi to harar på søndagstur. Eg fekk filme den eine på veg ned mot Tjeldbergodden.

I minneboka mi frå barneskulen står det:

Ingen vet hvor haren hopper,
ingen vet hvor Inger stopper. 

Det er nok mykje sant i det. Vil du vite kvar ferda går, kan det vere lurt å følge med vidare på bloggen.

1 comment:

  1. Fint å komme til bloggen her i dag - da jeg googlet en strofe jeg husket for å finne teksten: "har du hørt at kallet til et oppbrudd gjelder deg"
    Takk for teksten hos deg - den vi sang i koret med hundre ungdommer for nesten et halvt hundre år siden. Herren velsigne Deg og De rundt deg - Der Du Er - NÅ

    ReplyDelete