Sunday, February 14, 2016

Unge som vil gå

Eg har vore så heldig å treffe to unge som står på startstreken til misjonærteneste. Det er flott å møte unge som vil gå!
I tenåra banka hjarta mitt ofte litt fortare når eg var på leir eller misjonsmøte og song "Se, markene er hvite". Særleg 2. verset utfordra meg:

"Misjonens Herre venter på unge som vil gå,
med livet selv som innsats i ildlinjen å stå,
som budskapet om Jesus vil bære dit Gud vil,
som gir seg selv som offer for Herrens alterild."

Det er sterke ord, og det var ikkje så veldig lystbetont å synge om "ildlinjen", "offer" eller "alterild".

Refrenget utfordra meg også:

"Gå inn i rekken, gå inn i kampen nå!
I dag når Jesus kaller deg,
da svar ham, da svar ham ja - og gå!"

Ja, til tider kan det kjennest som ein kamp og eit offer å følgje Jesu kall, men eg har også fått mykje "på kjøpet". Tenk på alle opplevingar og erfaringar eg har fått som andre har gått glipp av!

Men det var ord ifrå strofa "Misjonens Herre venter på unge som vil gå" som dukka opp i tankane då eg køyrde heim frå Yonago ein ettermiddag. Her er det unge som vil gå!

Karoline Skjong Bergersen og Marius Bergersen er framleis studentar, og for tida er dei i Japan på eit kortare opphald i samband med masteroppgåva som Marius arbeider med. I mai skal oppgåva leverast, og deretter blir dei med på Region Nordvest sitt regionsårsmøte i Torvikbukt, der dei skal vigslast til teneste i Japan. Utreise blir i slutten av august.
Les om deira eigne opplevingar i Japan på Karoline sin blogg "Misjonsfrue".

Det var også artig å treffe ei sunnmørsjente og kunne snakke om felles kjende. Karoline kjem frå Ellingsøya. Det var også kjekt å høyre at dei blir utsendingar frå samme region. Det er snart 23 år sidan sist nokon frå kretsen/regionen vart sendt ut til Japan, så det er vel eigentleg på høg tid!
Det var ein fin soldag i Yonago, men det var uventa kald vind. Så det var godt å ha varm kaffi og kakao å varme hendene på.

Her har vi familien Leirvik, som er i Japan på tredje året.

 Daisen-fjellet var nydeleg denne dagen. Heldige dei som bur i Yonago og ser fjellet kvar dag.

Det var torsdag eg var i Yonago og traff dei unge misjonærane.

Her er nokre glimt ifrå fredagen. På føremiddag hadde vi Bible Class i kyrkja, der ein baby fekk vere med for første gong. Foreldra er frå Solomon-øyane, men sjølv har han ikkje vore der. Han vart fødd i Matsue 2. januar.

Og det var ikkje nok å vere med på morgonklassa.
Også på Bible Club fekk han vere med, til stor stas for dei andre.


Nei, dette er ikkje pappa, men han liknar kanskje litt?

Pappa sit i sofaen i bakgrunnen. I tillegg til babyen var også desse to jentene på Bible Club for første gong.
Alle sit klar med eit engelsk-japansk Gideon-NT, og bibelstudiet kan starte. Dei to jentene nærast, i kvite gensarar, var her for siste gong. Dei blir ferdige ved universitetet no, men har fått jobb i Shimane fylke, så det kan hende vi får sjå dei heretter også av og til.

Her har vi fått med alle.

Ei av jentene vart sitjande å lese og bla i den store japanske Bibelen min etter at vi hadde avslutta bibelstudiet. Ho syntest visst det var interessant, og ho stilte mange spørsmål. Ho er framleis 1. årsstudent, så vi har muligheit til å følgje henne opp vidare.

Det vil seie, kva skjer med Bible Club når eg reiser til Norge? DET er framleis eit uavklart spørsmål...

"Misjonens Herre venter på unge (eller eldre) som vil gå..."


2 comments:

  1. Så kjekt at du har fått møte desse unge. Godt nokon er vilige til å GÅ! Rart å tenkje på at ho er like gamal som vår OR. Og i "gamle dager" arbeidde eg saman med mora. Tida går!
    Godt at dei møte opp på samlingane om Guds ord.

    ReplyDelete
    Replies
    1. Hei, takk for refleksjonar. Ja, det er flott med ungdommar! No har eg lagt inn link til bloggen som Karoline skreiv i går. Ja, tida går. Då eg kom til Japan første gong, var ho ikkje eingong fødd...

      Delete