Sunday, February 7, 2016

Søndag med snø igjen

Då eg vakna på søndag morgon, var det kvitt ute. Men heldigvis ikkje så mykje at vi måtte avlyse gudsteneste igjen. Eg hadde lova å setje igjen bilen slik at den kunne bli brukt til å frakte ungdommar til Arashima på ettermiddagen, så eg gjekk til stasjonen og tok toget til Arashima for å rekke gudsteneste og årsmøte der. Og nettopp fordi eg ikkje hadde bil denne morgonen, fekk eg tatt nokre bilete i parken på veg til stasjonen.

Ser du spurven som nesten er kamuflert?

Spurvane minner meg på Guds omsorg


 Denne løva er heldigvis ikkje farleg. Ser ikkje ut som om ho liker snø, iallfall.


Eg har ingen bilete ifrå føremiddagsgudstenesta og årsmøtet, men no skal du få vere med på ungdomsgudsteneste. Det var kjekt å sjå at dei kom, også nokre nye på bakerste benk.

Vi fekk mellom anna høyre vitnemålet til den kenyanske studenten til høgre på biletet. Han vart ein kristen under eit evangeliseringsmøte medan han gjekk på ein kristen vidaregåande skule. No er han sjølv ansvarleg for kristne aktivitetar på den skulen han arbeider på. Snart reiser han tilbake til jobben, etter eit år i Japan.
Pastor Ishimaru leier songen, med kona Aika ved pianoet.

Songen etter talen vart leia av lovsongsgruppa, som hadde øvd til den gudstenesta som vart avlyst for to veker sidan. Dei tre forsongarane klarer seg utan notar, så lenge dei har teksten som eg hadde sendt dei på førehand. (Foto: Junichi Ishimaru)

Ei av studentane akkompagnerer også på songen "Shout to the Lord".



I mars blir det felles gudsteneste i Matsue kyrkje, så dette var siste ungdomsgudstenesta i Arashima dette skuleåret. Her er det forbøn for han som skal tilbake til Kenya, og for ei japansk jente som avsluttar studiane og reiser til Tokyo-området for å starte i jobb.

Vi var 17 personar til saman. Fem av desse er ikkje døypte enno. To av dei vil gjerne følgje Jesus.
Eg er glad for at to studentar har meldt seg på studentleiren første veka i mars; den japanske jenta som er ferdig til våren, og ein masterstudent frå Nigeria.


No comments:

Post a Comment