Tuesday, March 10, 2015

Meir enn halvert stab

I morgon startar årets misjonærkonferanse. Konferansen varer frå 11.-15. mars. Det er fleire ting som vil vere ganske forskjellig frå konferansen i fjor, då biletet ovanfor var tatt.

For det første er vi mindre enn halvparten så mange. I år er vi 8 vaksne på feltet, mot 17 i fjor. Fleire er på ordinært heimeopphald, medan andre er heime av uforutsette årsaker. Under konferansen i år vil den einaste finske blant oss vere i Thailand på ein finsk misjonskonferanse, så det betyr at vi blir ytterlegare få; 7 vaksne og 2 barn, i tillegg til ein gjest frå heimeleiinga i NLM. Og berre nordmenn. Eg er redd det blir litt stusseleg når vi tenkjer på kor mange vi kunne ha vore.

At vi er berre norske dette året, gir også litt fordelar. Mellom anna kan vi ha alle forhandlingar og bibeltimar på norsk. Likevel må eg skrive referat på engelsk, sidan vi framleis samarbeider med finsk og islandsk misjon.
Eg har fått ansvar for ein songkveld, og legg opp til salmekveld med Norsk Salmebok (den nye). Ein spørjerunde viser at det er berre to av oss som har skaffa oss den nye salmeboka, så dette må vi gjere noko med. Sjølv misjonssambandsfolk har godt av å oppdage kor store skattar vi har her. Eg har funne mange nye salmar som har gitt meg mykje. Mellom anna eit par som er omsett frå kvensk og lulesamisk. Vi skal gå med Jesus til liding, kors og død, og avslutte med fire mektige påskesalmar om kva Jesu oppstode gir oss. Ei god førebuing til påska som nærmar seg.

Ein annan ting som truleg vil bli annleis på denne konferansen, er vêret. I fjor var det i starten av april, og det var allereie blitt vår også oppe i fjellet på Hiruzen. Men idag har det vore vinter også nede i lavlandet, så eg reknar med vi vil ha nok snø. Eg som trudde at det var siste gong eg fekk bruke skiene då eg var der på leir i februar, men no tek eg iallfall med ski og prøver å finne nokre pausar til å ta nokre rundar rundt husa der.

Dette vart mykje tekst, så eg får pynte litt med nokre bilete frå siste dagane.








Søndag var det nydeleg med sol og opp i 13 grader eller meir. Krokus og påskeliljer har vi både i Japan og Norge. Til og med skilpaddene var ute og sola seg denne dagen.


 I går var det regn og tungt heile dagen, og idag har det til tider vore bortimot snøstorm og ned mot null grader.

 Dette var utsikta mi mellom bygene i dag føremiddag. I det 3-etasjes huset budde eg forresten dei tre åra i forrige periode. Så eg flytta ikkje så langt, sjølv om eg var eit år i Norge i mellomtida.

Eg er spent på kva vêr vi får å køyre til fjells i i morgon. For meg som kjem frå nordsida og har vinterdekk, er det ikkje noko problem, men dei andre, som kjem frå Kobe-sida, må kanskje fram med kjettingane igjen...

Vi er så få denne gongen at vi alle blir innlosjerte på "hotellet" Bethlehem Lodge, der vi også skal ha forhandlingsmøter og andre samlingar. Eg gler meg til å spele på flygelet som ein person ga til Hiruzen før jul. Eit minus med det restaurerte fjøset er at der ikkje er innlagt internett. Berre på hovudbygget, der vi skal ha måltida, får eg muligheit til å sjekke mail og Facebook. Men det betyr at eg kan vere meir sosial om kveldane når eg først har muligheita til det, eller rett og slett kan leggje meg tidleg...


3 comments:

  1. Hei og takk for helsing på bloggen!
    Kjekt du tok kontakt. Eg som ikkje er på Face er avhengig av andre måtar å kommunisere på. I dag bøttar det ned, med regn.. Verre om alt dett hadde kome som snø :-)
    Såarbeid ja! Du står i eit viktig SÅARBEID der du er.
    Og det er viktig det arbeidet eg også står i.
    Ha flott konferanse! Og ser du kjentfolk må du gjerne helse. klem frå Sigrid
    PS: kjem du heim ein snartur til sommaren?
    Vi har visst 30års jubileum på Fjellhaug!!

    ReplyDelete
  2. Hei!
    Det er noko som heiter e-post, også, men det er ikkje så ofte eg kjem på.
    Kjentfolk for deg, det må vel vere Ingebjørg, det.
    Har ikkje planar om snartur til Norge, anna enn om eg evt finn ein veldig billig billett ei helg i mai når det er konfirmasjon i Kr.sand. Elles driv eg og utforskar muligheiter for å feriere i eit naboland. Lurt å gjere medan eg framleis er i Japan, og har kontakter her og der.
    Jubileum, ja. Men får ikkje med meg alt...

    ReplyDelete
  3. Ja, sjølvsagt kjenner du også Gunnar, som også er 30-årsjubilant ;)

    ReplyDelete